Kultur

Kvarteret ligg an til eit underskot på ein million kroner

I tillegg til eit betydeleg underskot, har Kvarteret over 200 færre frivillige enn før pandemien.

MANGE TRADISJONAR. Det er mange tradisjonar knytta til Det Akademiske Kvarter i Olav Kyrres gate.
Publisert Sist oppdatert

Søndag 6. november har Kvarteret generalforsamling. I den økonomiske orienteringa i forkant av møtet, kjem det fram at Kvarteret ligg an til eit underskot på 1 million kroner i 2022. Dei har gått i minus kvar månad heile året, ifølgje orienteringa.

– Me laga budsjett i håp om at alt blei som før, seiar leder for Kvarteret, Sara Mørland.

Slik har det altså ikkje gått.

Budsjettert for eit år utan pandemi

Ifølgje Mørland var underskotet delvis forventa. Ho fortel at under pandemien heldt dei seg flytande på støtteordningar mykje lenger ein dei realistisk skulle ha gjort.

– Planen bak budsjettet var å kome tilbake til den drifta me hadde i 2017, 2018 og 2019, fortel Mørland.

Ifølgje årsregnskapa frå 2017-2019, som Studvest har sett, visar at dei hadde langt større salgsinntekt før pandemien, og eit positivt årsresultat.

UREALITISK BUDSJETT. Sara Mørland, leiar for Kvarteret, vedgår at budsjettet for 2022 er urealistisk.

I 2017 var totale salgs- og driftsinntekta på 13,3 millionar, i 2018 var dei totale inntekta på 14,4 millionar, mens dei i det siste «normalåret» før pandemien og nedstengingar, hadde totalt 15,7 millionar i inntekta.

I 2019 hadde årsresultatet til Kvarteret eit overskot på 706.600 kroner. I årsregnskapet for 2021 hadde overskotet krympa til 116.161 kroner. I år ser det altså ut som dei går kraftig underskot på 1 million kroner i forhold til eige budsjett. Så langt i år har dei totale inntekta på 8,7 millionar kroner.

– Det er ei veldig vanskeleg kjensle å sitje med som leiar, der eg brått har leidd ein organisasjon inn i eit såpass tydeleg underskot, seier Mørland.

I tillegg til nedgang i salg, har også høgare kostnadar som straum- og vareprisar påverka underskotet, ifølgje Kvarteret-leiaren.

– Me har budsjettert for eit år utan pandemi, som skulle gå like bra som åra før, noko som ikkje har vore tilfellet i det heile tatt.

Manglar frivillige

Mørland fortel at det er betydeleg færre frivillige no enn det var før pandemien.

– Det er mellom 150-180 frivillige på Kvarteret no, til forskjell frå 2019 med nesten 400, seier Mørland.

Kvarteret har også mangla PR-ansvarleg det siste året, i tillegg til at leiarvervet og produksjonsansvarleg står utan nominasjon før Generalforsamlingen.

Ho trur det handlar om at folk synast det er vanskeleg å forplikte seg til aktivitetar. Det har ført til at organisasjonar som har ansvar for å halde arrangement på Kvarteret, ikkje har klart å halde så mange arrangement som dei skulle.

Då samfunnet opna igjen, tenkte Mørland at det ville strøyme til med frivillige og gjester, der alle var klare for å leve livet slik ein gjorde før.

– Det at ein endeleg får lov til å gjere ting, betyr ikkje nødvendigvis at ein har lyst til å gjere det.

– Kjendest som om ingen kom
IKKJE LYST. – Det at ein endeleg får lov til å gjere ting, betyr ikkje nødvendigvis at ein har lyst til å gjere det, seier Mørland om besøkstalla til Kvarteret.

Det er likevel sommarmånadane som har vore tøffast reint økonomisk.

– Den største syndaren har vore sommardrifta vår.

Sommerkvarteret er ei kommersiell drift der alle dei frivillige er tilsett og har sommarjobb. Mørland fortel at dette har gått svært bra tidlegare.

– Me opna Sommerkvarteret i år, og det kjendest som om ingen kom.

Kvarteret trekk ikkje turistar på same måte som andre uteplassar og restaurantar, og dei anslår at konseptet gjekk 500.000-600.000 kroner i minus, ifølgje Mørland. Til tross for underskotet, skal Kvarteret fortsetje med Sommerkvarteret også neste sommar.

Set opp prisane

Mørland kan avsløre at budsjettet for 2023 har fått betydelege revisjonar.

Me vil også måtte setje opp prisane ytterlegare, som vil påverke studentprisane.

VANSKELEG SOMMAR. Sommarmåndane var ekstra tunge økonomisk, fortel Sara Mørland.

Framover vil Kvarteret få inn meir studentstemmer for å finne ut kva folk faktisk har lyst på frå Kvarteret i framtida, fortel Mørland. Ho ønskjer eit betre samarbeid med universitetet om promotering for å vise at det er ein grunn til å gå på Kvarteret.

– Formålet med Kvarteret er jo at studentane skal ha ein stad å kome, ein stad der du kan vite at du har råd til pilsen.

LES OGSÅ:

Powered by Labrador CMS