Elisa (19) har ikkje lenger tak over hovudet

Eit varsel frå brannvesenet starta ei ulovlegheitssak. No har kommunen vore på besøk for undersøking av eigedommen.

UTILFREDS: Sola skinn opp den terrakottaraude fasaden på bygget som har blitt eit problem.
Publisert

– Så fekk eg det brevet da, der dei sa at eg vart kasta ut. Då tenkte eg, okei, det øydelegger heile sommarplanane mine.

Det fortel Elisa Frafjord (19) som har budd i Haugeveien på Nordnes hjå ein av Bo Coliving sine eigedomar. Sola lys opp den terrakottaraude fasaden i denne elles svært sjarmerande bydelen. 

Ein skulle ikkje trudd det var noko gale her, men eigedommen er no sentral i ei ulovlegheitssak. Frafjord skal jobbe i Bergen i sommar – men utan tak over hovudet. 

BRYT AVTALEN: Elisa Frafjord slepp å betale leiga i juli, men sjølv om det er utleigar som bryt avtalen har ho ikkje fått noko anna kompensasjon.

Beskjeden kom som eit sjokk

Frafjord trudde det var ein feil då ho fekk beskjeden om at ho vert kasta ut.

– Eg vart heilt i sjokk over at dei berre kan gjere det, at dei kan gå i frå ein avtale me har blitt einige om.

Ho må flytte ut innan 30. juni. Dei to som må ut, betalar minst for leiga i dag.

Frafjord viser veg rundt om i leilegheita. Badet fortel ho er «heilt fantastisk». Det visar seg raskt å vere ironi. Sidan det ikkje er helling på golvet har leigetakarane måttet lage ei naudløysing. 

UENDRA: Utan helling i golvet kjem vatnet frå dusjen overalt. Handtverkarar har ved fleire annleiingar kome til leilegheita – dusjen har dei ikkje fiksa.

– Dette sendte me vedlikehaldssak på dagen me flytta inn. Det vert vått overalt, fortel ho.

Utleigar har enno ikkje retta feilen leigetakarane varsla om i august i fjor.

På rommet til Frafjord er det også noko gale med vindauget, det har vore ned til 13 grader vinterstid. Da fekk ho ein varmeovn av utleigaren.

Frafjord skal sannsynlegvis bo hos venninner i sommar. Ho seier ho ikkje vil trengja seg på, men dei forstår situasjonen hennar.

Brannvesenet vart uroa for leigetakarane

I seinare år har Bo Coliving kjøpt eigedommar i fleire byar rundt om i Noreg. Selskapet marknadsfører seg hovudsakleg mot studentar. 

Etter ein brann i kjellaren førre november sendte Bergen brannvesen eit varsel til kommunen. Dei vart uroa for naudutgongar og mogleg hyblifisering, i følgje dokumentar Studvest har sett. 

Kommunen var på befaring den 28. april i samband med Plan- og bygningsetatens pågående undersøking. Kommunen skriv i eit brev til Bo Coliving at «det er grunn til å tro at det kan foreligge ulovlege forhold som strid med plan- og bygningslova».

Avvis skuldingar frå leigetakar

På eigne nettside fortel BoColiving følgjande: «Me gjer studentlivet enklare, tryggare og hyggelegare».

OPPSEIING: Elisa må ut av leilegheita innan 30.juni. Utleigaren kan ikkje ha ho der lenger.

I ein e-post til Studvest skriv Hans Stenseng, Chief operating officer i Bo Coliving, at «sikkerheit og gode boforhold er heilt grunnleggande».

Bo Coliving har mått sende oppseiingar til leigetakarar, men det er ikkje noko Bo Coliving ønskja.

– Det er ein direkte konsekvens av at me må tilpasse eigedomen etter føringane frå Bergen kommune, skriv Stenseng.

På spørsmål om badet til leigetakarane erkjenner Stenseng at dersom badet ikkje har blitt fiksa innan rimeleg tid er dette noko dei vil følgje opp.

Han avviser at Bo Coliving har sendt oppseiing til leigetakarane som betalar minst.

BoColiving har ifølgje årsrapporten frå 2024, inntekter for meir enn 27,8 millionar kroner og eit positivt årsresultat på 6,6 millionar kroner. Konsernet forvaltar eigedelar for meir enn tre milliardar kroner. 

IKKJE NØGD: Beboerane kjennar seg urettvis behandla av selskapet Bo Coliving.

Stenseng bekrefter at selskapet er eiga av Australian Retirement Trust. Eigarinteressa er forvalta av det amerikanske selskapet Heitman LLC gjennom det luxembourgske selskapet SunMan 2 S.À.R.L. Luxembourg har i lengre tid vore ansett som eit skatteparadis.

Han fortel at eigarane har gjort det mogleg for dei å veksa i eigedomsmarknaden.

– Eigarstrukturen påverkar ikkje vår forplikting til å operere i tråd med norske reglar, legg han til.

Powered by Labrador CMS