Frå professor til «baddie»

Leiv Marsteintredet, instituttleiar for samanliknande politikk, har gått viralt på sosiale medium. Over natta har han blitt eit kjend fjes for studentane i Bergen.

KJEND FJES: Studenter kjenner han kanskje frå sampol-forelesningar, men nå trendar Marsteintredet også på appane.
Publisert

På Marsteintredets kontor er det første som møter oss store haugar med papir, og ein vegg full av bøker. Han har jobba på instituttet av og på sidan 2004 innanfor Latin-Amerikansk politikk. Dei siste fire åra har han vore instituttleiar.

I mars fekk han moglegheita til å bli med på eit nytt sosiale mediumprosjekt.

– Eg har faktisk blitt stoppa på gata, både av vaksne og barn som har sett videoane. Det er litt rart, men ikkje veldig plagsamt, smilar han.

– Du har over 1,6 millionar visningar, kva tenkjer du om det?

– Nei det er sprøtt. Eg har ikkje sjekka TikTok, men eg har følgt med på Instagram og den første har i alle fall over ein million visningar. Når eg vart med på den første TikToken om «This is Bergen», visste eg ikkje kva eg kunne forvente, men det gjekk jo heilt klart over forventningane.

«What the fuck?!»

Marsteintredet fortel at han var i ein middag med andre professorar og rektor då den første videoen vart publisert. Han fekk ei melding frå ein kollega som skreiv «What the fuck?!» 

PÅ KONTORET: Fleire av kollegaene på UiB har fått tilbakemeldingar på videoane av instituttleiaren.

– Eg trudde det var noko alvorleg gale på instituttet, men så viste det seg at det var videoen som hadde gått viralt, flirar han.

Vidare fortel han at han har mange utanlandske venar over heile verda, sidan han har budd i Latin-Amerika og kona ikkje er frå Noreg.

– Våre venar på ulike stader i verda byrja å sende oss meldingar, fordi dei hadde fått videoen opp på TikTok, seier han.

Han fortel at ein kollega hadde vore i Sverige på konferanse og hadde blitt fortalt at mange hadde sett videoen. Kollegaen kunne stolt svare at det var sjefen hans på videoen.

– Det har verkeleg tatt av.

Gammal professor

– Det er både rart og morosamt, men så prøvar eg å ikkje ha så alt for stort forhald til det. Eg stiller opp og gjer det eg får beskjed om å seie, men  det er kjekt å sjå så mange kommentarar som er positive, seier han. 

Det var kommunikasjonsavdelinga på UiB som kom med ideen til stuntet. Den første videoen er inspirert frå videoen av eit hotell i Ålesund, medan dei to andre er frå ein Mercedes reklame i USA. 

Prosjektet er ein profileringsstrategi for å gjere unge meir kjend med UiB.

– Forhåpentlegvis gjer det at fleire vil studere her på universitetet.

Kva uttrykk kan du?

  • Professor «baddie»: – Har skjønt det betyr noko positivt, men veit ikkje kva det betyr, ville trudd at Baddie betydde at eg var sluskete og bad, men så har eg skjønt at det ikkje var det.
  • Slay energi: – Slay høyrest ut som ein prøver å slappe av, men eg veit ikkje.
  • Pookie: – Venn eller venninne.
  • Rizz: – Null peiling.
  • Main Character energi: – Null forståing.
  • We listen and we dont judge: – Skjønar jo kva det betyr, men om det har ei større tyding enn akkurat det som står, så har eg ikkje peiling.
  • Girly Pop: – Tenkjer på Spice Girls frå 90-talet, men har eigentleg ikkje peiling.

– Eg trur grunnen til at eg vart spurt om å bli med på dette prosjektet er fordi eg ser gammal ut – ein stereotypisk professor med skjegg og grått hår. Eg ser ikkje lenger så ung ut, fortel han.

Sesong to

Marsteintredet fortel at han var med på å lage idear til den første videoen, medan dei to andre har han fått utdelt eit manus. Det er Maren Botveit, sosiale medium ansvarleg, og Anna Justine Eskild, studentambassadør, som lagar manus.

– Kommunikasjonsavdelinga er hjernen bak og eg følgjer berre etter. Det slo så godt an med første video, at dei ville ha meg som professor «baddie» til dei neste.

Han fortel at han var meir nervøs for dei to siste videoane.

– Eg måtte forsikre meg om kva eg eigentleg sa, for det visste eg ikkje sjølv. Det var litt spesielt for ein 49 år gammal mann å skulle bruke ord som «babe». Det er ikkje akkurat det eg synest sømmer seg for meg, men så har dei yngre overtalt meg på at dette er heilt greitt.

VEIT IKKJE: Marsteintredet er ikkje heilt sikker på kva orda han seier betyr.

Marsteintredet trengte forsikringar om det han som eldre mann sa, ikkje var noko upassande på det ungdommelege språket.

– Eg googla desse orda då eg fekk manus, men hugsar det ikkje sidan det ikkje er mitt vanlege vokabular. Eg fekk guten min på 14 år til å forklare ein del av orda, seier Marsteintredet og legg til at sonen synest videoane er ganske kule.

– Føler du deg nokon gong som «Beyoncé on stage» når du held forelesning?

– Nei, men eg liker å forelese og eg vil nok tru dei fleste synest det er kjekt å stå framfor 200 menneskjer, og det verkar som det ein seier går inn og er interessant. Det er likevel ikkje heilt på Beyoncénivå trur eg, men det gir ei kjensle av meistring.

– Synest du UiB er betre enn dei andre læreplassane?

– Ja sjølvsagt, heilt klart.

Powered by Labrador CMS