Sensor gav feil karakter: Enda opp med ein dårlegare etter klage
Sensorane innrømma at eksamen skulle ha vore ein B, men studenten enda opp med ein dårlegare karakter ved å følgje råda frå NHH. Studenten meiner han er villeia, likevel vil ikkje høgskulen kommentere saka.
Ein student hjå Norges Handelshøyskole (NHH) har i nærare fire månader vore i ein klageprosess om eksamen. Studvest har fått innsyn i dokument frå saka.
Studenten ynskjer å vere anonym av omsyn til personvern. Studvest er kjend med identiteten til studenten.
Sensor innrømma feil, skulle vore ein B
Då studenten fekk sensur for eksamen sin i haust vart karakteren satt til ein D. Studenten fortel til Studvest at det var noko heilt anna enn forventa.
– Eg vart veldig forvirra av den vurderinga. Eksamen var eit framhald av ei tidlegare oppgåve som eg fekk veldig god tilbakemelding på, seier han.
I etterkant ba han om ei grunngjeving for den opphavlege vurderinga – den fortalde noko oppsiktsvekkande. Sensorane innrømma at dei hadde sett feil karakter på eksamen hans. Studenten vart då oppfordra av sensorane til å klage inn vurderinga.
– Eg foreslår at du sender inn ein klage på vurderinga, så skal me endre denne. Me har gjennomgått eksamen igjen og han skal vere ein B, skreiv dei til studenten.
Trur han har vorte villeia
Etter beskjeden frå sensorane var studenten usikker på kva han burde gjere. Difor kontakta han fleire personar på eksamenskontoret ved NHH for råd i desember. Han spurde om dei kunne endre karakteren administrativt, sidan det var sensoren som hadde gjort ein feil.
Ifølgje studenten fortalte alle dei tilsette han kontakta, at dei ikkje var rett person til å snakke med.
– Til slutt sa dei at eg berre skulle sende inn ein formell klage og at dei ville ordna det, fortel han noko oppgitt.
På NHH er fristen for behandlinga av ein slik klage på 12 veker. I februar om lag to månader seinare tok han kontakt med høgskulen igjen. Han var uroa for om ein slik klage kunne enda i ein enno dårlegare karakter.
– Eg spurde om eg burde trekkje den formelle klagen min, og svaret eg fekk kvar gong var at eg skulle la han stå, seier studenten.
I ein e-post han fekk den 5. februar beklaga høgskulen for at det hadde teke lang tid, men at dei var i gang med å behandle klaga. Dette var fyrste gong han hadde motteke eit skriftleg svar frå eksamenskontoret.
Fire dagar seinare mottok studenten svaret på klagesensuren, karakteren var sett til ein C. Dermed har studenten no ein karakter dårlegare enn det den opphavlege sensoren vurderte eksamen til.
Ifølgje studenten har eksamenskontoret motsett seg å rette karakteren administrativt.
No har han klaga inn eksamenskontoret for å villeia han til å gå gjennom ein formell klageprosess. Dersom han ikkje får mehald i klagen, vil saka bli teke til Nemnd for studentsakar ved NHH.
Svar frå NHH
Sidan saka framleis er under behandling, ønskjer ikkje NHH å kommentera saka no, seier prorektor for utdanning, Steffen Juranek hjå Norges Handelshøgskole.