Debatt

Stemma di er viktig – engasjer deg!

Mi reise inn i studentdemokratiet, og kvifor eg vil ha deg med meg.

NESTLEDER: Oscar dos Santos Kvalsvik oppfordrer til å ta del i studentdemokratiet.
Publisert Sist oppdatert

Når ein høyrer om studentengasjement snakkar ein ofte om festivalar, sosiale arrangement og samvær. Når ein høyrer om studiekvardag snakkar ein meir om kalde lesesalar, psykisk helse og korleis i all verda ein skal greie seg på studiestøtta i dag. 

Når ein høyrer om Studentparlamentet kan ein snakke om skeivfordelt representasjon, svekka truverd og studentpolitisk ekkokammer. Eller det velkjente «Hæ? Kva er det for noko?». 

Dette trur eg vi må snakke meir om.

Min start i studentpolitikken starta med den same frustrasjonen: 

Fordommar over ungdomspolitikarar som leikar Storting, lite meiningsmangfald, og lite informasjon tilgjengeleg om kva Studentparlamentet var og gjorde. 

Du tenker sikkert det same som eg gjorde. Her kan nokon nye bryte inn, seie nok er nok, og endre landskapet som ein slags allvitande studentpolitisk Jesus med det sanne svaret.

Eg skjønte fort at dette ikkje var mogleg. Som ein som hoppa inn i studentpolitikken sitt ekkokammer, skjønte eg at den ikkje besto av individ med sterke ynskje om å lansere stortingskarriera si – men ein gjeng med studentar som berre vil gjere kvardagen og campus litt betre. 

Så blei eg ein av dei som snakka studentpolitikk på inn- og utpust, og byrja å frustrere meg over det same som mine medstudentar i studentdemokratiet: Kva gjer vi feil? Er det ingen som bryr seg?

Jo da, på ein stad med nesten 21 000 studentar er det neppe manko på meiningar. Studentane på Universitetet i Bergen (UiB) er svært ulike på korleis vi ytrar oss, enten det er i gruppechat, Jodel eller her i Studvest. Men vi har noko til felles:

Vi er knallgode på å ytre kva vi er unøgde med.

Kjære lesar, eg vil oppfordre deg til å ytre deg. Sei kva som er skikkeleg bra med UiB med stoltheit, og sei kva som er jævleg dårleg med UiB med all Bergens fandenskap. Bruk orda dine, og engasjer deg i studentdemokratiet vårt. 

Fram til 28. februar kan du stille til val. Bli med i ei liste i Studentparlamentet, eller lag di eiga viss du har ei hjartesak. Bli den nye stemma for studentane i UiB-styret, og påvirk korleis din studiekvardag skal bli. Og bruk stemmeretten i studentvalet 19. – 28. april – stemma di er viktig!

Ein ting er sikkert – dei som er aktive i studentdemokratiet i dag har ingen sjanse til å bryte ned studentpolitikkens ekkokammer åleine. Vi vil opne fleire dører, men vi treng deg for å gjere dette. Ekkokammerets kollaps er både mitt og ditt ansvar – engasjer deg.

Powered by Labrador CMS