Apropos

Applaus der det ikkje høyrer heime

Ein kan kjenne dei igjen der dei dirrer av eufori for å endeleg kunne dra på ferie igjen.

SPESIELT. Nokre svært spesielle menneske kjenner at det å klappa er det einaste rette å gjera ved landing, skriv Svanhild Bøe.
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Studvests aproposkalender luke 21: 
Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.

No når vinteren har slått til for fullt, og kulda har kome for å bli, er det nok mange ferieglade nordmenn som lengtar etter ein chartertur til varmare strøk. 

Og som charterturar flest, startar dei ofte med ein langdryg flytur. Ein skulle tru ein grua seg til flyturen på grunn av den manglande beinplassen, eller kanskje eit par skrikande babyar. Dessverre er dette berre barnemat i forhold til den verkelege syndaren. 

Så kva kan dette vera? 

Jo, no skal du høyra. Fenomenet der ein applauderer når flyet har landa er ikkje ukjend for mange. Nokre svært spesielle menneske kjenner at det å klappa er det einaste rette å gjera ved landing. 

Men kva er det som gjer at ein klappar når flyet landar? Er det slik at ein er redd ein aldri skal sjå landjorda igjen? At ein skal fly for alltid? Her er det tydelegvis nokon som har høyrd for mange true crime-podcastar om “Bermudatriangelet”. 

Er det berre eg som kjenner at det kravlar under huda når dette skjer? Kva får ein ut av det? Å klappa for at piloten har gjort jobben sin, som han trass alt får betalt store summar for i året? Jodå, det er sanneleg imponerande, men gjer dei ikkje dette kvar einaste dag?

Eller kanskje ein jublar for at ein klarte å setje klimaproblemet nedst på prioriteringslista i år igjen? «Yess, no har me bidrege å øydeleggje miljøet endå litt til!»

Nei, no har eg det. Dei klappar fordi dei gler seg til å endeleg kunne bestilla ein øl på dårleg spansk. Eller læra alle servitørar på heile hotellet å seie nokre typiske frasar på norsk. 

Det er jo heldigvis berre nokre få spesielle som faktisk klappar. Ein kan kjenne dei igjen der dei dirrer av eufori for å endeleg kunne dra på ferie igjen. 

Lettinga av å forlate vinteren er så overveldane at ein rett og slett ikkje kan dy seg frå å klappe. No skal ein jammen meg koma seg på playaen og slurpe i seg ein aldri så liten pina colada i sydenvarmen!

Sjølvsagt, etter den mørke vinteren her i nord, er det vel greitt at nokre bleike sjeler jublar litt når dei set føtene i Sydenland. Me er jo trass alt nordmenn. 

Men, det skjærer likevel i skjelettet kvar gong det skjer.

Powered by Labrador CMS