Eg saknar Twitter

Twitter var ein gong ein open møteplass for alle – no er X noko heilt anna.

Publisert

Dette er en apropos. Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Det kan forekomme satire, sarkasme og ironi, og aproposen bør tas med en klype salt.

Kva skjedde eigentleg med Twitter?

Du veit, den appen med den blå fuglen. Plattforma som samla politikarar og professorar, fattig og rik, fotballglade alkoholikarar og nyktre kjendisar. Ein stad der du fekk glimt frå verda og innsikt i mangt og mykje.

Den appen som vart kjøpt opp av han søkkrike Tesla-gründeren. Han som slengde så mykje pengar på valkampen i USA – før han vart uvenn med presidenten.

Den appen der du måtte presse meininga di inn på 280 teikn, og der det faktisk var mogleg å få til ein slags samtale.

No heiter appen X. Og han fløymer over av valdsvideoar, robotar og ytre høgre veljarar sine radikaliserte meiningar om innvandring. 

Eg undrast.

Kvar vart det av plattforma som oppmoda til ein sakleg debatt? Der både let «forståsegpåarane», direktørar, akademikarar, fotballentusiastar og dei som berre hevda å ha svaret på alt, ytre seg på like vilkår?

Mange har flykta. Til Bluesky. Til Treads. Nokre heilt ut til dei meir ekstreme avkrokane: Truthsocial og Reddit.

Og eg? Eg minnast det som ein gong var, og blir her ei lita stund til.

I håp om at Twitter ein gong skal gjenoppstå. Til det det ein gong var

Powered by Labrador CMS