Kjære bergenser: hold kjeft

Eg er sunnmøring, og i møte med Bergen blir det ekstra tydeleg at vi kjem frå kvar vår planet.

Publisert

Dette er en apropos. Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Det kan forekomme satire, sarkasme og ironi, og aproposen bør tas med en klype salt.

Alle kjenner til bergenpatrionismen og alt som følger med. Ho slår imot deg med regnet når du går av bybanen på perrongen. Bergen er ikkje berre ein by – det er ein nasjon, ein identitet og eit kollektivt rop om merksemd. Laget er Bergen og byen er Brann. 

Som sunnmøring er det eit sjokk å møte ein by som oppfører seg som ein eigen nasjon. Eg kjem frå eit folk som helst snakkar med eit sukk, medan bergensarar snakkar som om dei har mikrofon på heile døgnet. Bergensarar meiner dei er rappkjefta og sjarmerande. I røynda er dei høglytte og sjølvopptatte, som om kvart menneske bur i sin eigen livepodkast. Dei omtalar oss sunnmøringar som gjerrige og sure, men kven er det eigentleg som høyrest ut som ei kråke med ego?

Sjølvinnsikta er på nivå med Brann si stabilitet på tabellen – ikkje-eksisterande i lange periodar, og så plutseleg kjem dei ut av ingenting og skal ha applaus for å ikkje tryne heilt. Gratulerer.

Og tru meg, eg seier ikkje dette berre som møring med traume etter for mange bygdefestar – eg er faktisk halvt bergenser sjølv. Ein slags genetisk schizofreni. I Bergen blir eg sunnmørspatriot og i Sykkylven får eg plutseleg behov for å forsvare bergensk regn og bybane. Eg lever eit dobbeltliv, som ein slags kommunal versjon av Batman: vanleg student om dagen, regionssjåvinist etter to øl.

Kva side som kjem frå spørs vell kven som spør?

Kanskje det er derfor Knutsen og Ludviksen syng «God morgen møring og bergenser», vi er eigentleg ganske like: høgrøysta, sjølvgode og helt ubrukande på sjølvkritikk. 

Men forskjellen! Vi sunnmøringar veit i det minste når det passar å halde kjeft. 

Powered by Labrador CMS