– Studentane har eit «drikkekøyr» som ikkje liknar grisen

Ein har kanskje sett han på «Nytt på nytt» eller høyrt stemma hans på «Wolfgang Wee Uncut». Hans Fredrik Marthinussen er ein av Noregs fremste forskarar på formuerett, kritisk til politiet – men med sans for fotballdommarar. Kva er det som driv jussprofessoren som i 17 sesongar har vore burvoktar for Juristforeningens studentidrettslag?

LÅGE SKULDRE, HØGT NIVÅ: I snart 20 år har kjendisprofessoren vokta buret for studentane.
Publisert Sist oppdatert

Han er kjent for poengterte punchlines i media og treng sjeldan sitatsjekk. Han skapar gjerne kontroversar, og er etterkvart blitt eit velkjent namn for førsteårsstudentane ved jussen på Høyden. I si eiga Bluesky-biografi skildrar han seg som ein liberal jussprofessor, og som han sjølv skriv: «uttalar meg alltid offentleg og på vegne av staten.»

For snart tjue år sidan stilte han seg mellom stengene då Juristforeningen sitt fotballag i Bergen vart oppretta – sidan har han knapt sett seg tilbake.

– Jusstudentane oppretta eit lag i bedriftsligaen i 2006 og vann kamp etter kamp. Det førte til at dei etablerte eit lag i 7. divisjon rundt 2010.

– På den tida var eg stipendiat. Ein student heime frå Stabæk hadde fått nyss i at eg kunne vera målvakt. Då hadde eg vore ute med ein alvorleg kneskade i nokre år, og tenkte det var fint å hive seg med litt igjen.

LAGFEST: Marthinussen er ikkje framand for å bli med studentane ut på byen.

Ungdomsåra i Stabæk

I ungdomstida spelte Marthinussen i talentfabrikken til Stabæk og var eit lovande keepertalent.

– Karriera mi er ikkje noko vilt imponerande, men eg spelte fram til junior elite. Det var høgt nivå, og Eliteserien såg eg at ikkje var oppnåeleg. Heldigvis fann eg ei anna gøy karriere.

No nærmar han seg 20 år i klubben.

– Eg vert ikkje yngre med åra. Spensten og smidigheita er ikkje det den ein gong var. Nokre skadar har det blitt, men eg har fått vore med på mykje, seier klubblegenda.

Forholdet til studentane – både på bana og på fakultetet – skildrar han som uformelt.

– Ein møter mange igjen. Heldigvis er det oppegåande og hardtarbeidande studentar. Me brukar å halde det uformelt og hyggeleg – med låge skuldrer. Det skal ikkje vera eit minus å kjenne folk. At studentane veit kven eg er, er berre med på å bygge ned barrierar.

BURVOKTAR: Målet til klubblegenda er alltid å henge med ein sesong til.

Framleis «oppe og nikke»

Sjølv om han nærmar seg femti år, har sambuar, stesønn, to vaksne barn og tre barnebarn, hender det han blir med på lagfest.

– Eg er framleis med ut av og til, men eg merkar at studentane har eit drikkekøyr som ikkje liknar grisen. Når eg har vore med ut på byen, så er eg heilt knust.

– I min alder driv me ikkje med så mykje shots, «vippsbarar» og drikkeleikar der ein må tømme glaset. Det er eit blodslit, og tunge søndagsmorgonar om eg først har vore med ut.

Marthinussen er rask i replikken. På podcasten «Wolfgang Wee Uncut» har han mellom anna vore open om skepsisen sin til norsk politi, men overfor maktinstansane på fotballbana er tonen ein annan.

– Eg syns det er morosamt når det er litt temperatur i fotballkampar. Når det kokar, seier eg at ein må hugse det er 5. divisjon, og ikkje Champions League. 

– Førre kamp fekk eg beskjed frå motstandarbenken: «Faen, så du tyter då», men eg har eit ganske avslappa forhold til dømming, seier han med glimt i auga.

LAGKAMERATAR: Fleire studentar snakkar fag med med professoren i garderoben og på trening.

Ein mann med ansiennitet

Kapteinen til juristane, Marius Ramstad Rødvik, fortel det var litt uvant å ha ein professor i garderoben til å byrje med, men at det raskt gjekk over. 

– Eg trudde fyrst at han var student, men forstod etterkvart at dette var ein mann med ansiennitet, seier Rødvik.

Erfaringa til kontinuitetsberaren dreg Rødvik fram som ein viktig faktor.

– Hans Fredrik har nærare 200 kampar og bra peiling på fotball. I tillegg så er han ein humørspreiar. 

– Fleire av studentane på laget har han i undervisningssamanheng, og fleire snakkar fag med han i garderoben, forklarar kapteinen. 

Årets tropp meiner han skil seg frå tidlegare år. Målsetjinga er den same som i fjor. 

– Me har stort sett studentar frå første og andre kull. Målet er å hamne på øvre halvdel av tabellen. Me kom på sjuande plass i fjor. Om me greier eit hakk og to opp er me fornøgde. Då blir det årsfest.

– Då trur eg Hans Fredrik vert med også, gliser Rødvik.

LEIAR: Kapteinen fortel om årets ambisjonar.
Powered by Labrador CMS