BAS arrangerer sommarfest: – Større enn den har vore tidlegare

På laurdag arrangerer første klasse ved Bergen Arkitekturhøyskole (BAS), tradisjon tru, sommarfest. Målet er at denne skal bli den største noko sinne.

SOMMARFEST: Jill-Andrea Simonsen (26) (f.v.), Live Miranda Flaten (22) og Mio Fernandez Paulsen (21) arrangerer sommarfest på BAS denne helga.
Publisert Sist oppdatert

– Dette er den første sommarfesten i full skala etter pandemien, og i år er den større enn den har vore tidlegare, seier Live Miranda Flaten, PR-ansvarleg for sommarfesten.

Kvar førsteklasse på BAS får ansvaret for å arrangere sommarfest. Dette er ein lang tradisjon ved høgskulen i følgje Flaten. Arrangementet er ein måte for klassen å få inn pengar til klasseturar og andre felles utgifter i løpet av studiet.

Tradisjonsrik feiring

– Sommarfesten er og ei gylden mogelegheit for BAS å bli ein del av studentbergen og at andre får kjennskap til skulen, legg Mio Fernandez Paulsen til.

Han held fram:

– Det er og veldig gøy å få mogelegheit til å arrangere ein fest som slår så godt an. 

– Det er ein fest som har blitt veldig tradisjonsrik i Bergen, seier Flaten.

Hemmeleg gjest

Gjengen har store planar for festen. På dagen skal det vera loppemarknad, konsert og sal av mat og merch. På kvelden opnar dei opp silokjellaren og då blir det klubbstemning.

PR-ANSVARLEGE: Mio Fernandez Paulsen og Live Miranda Flaten har ansvar for PR for årets sommarfest på BAS.

– Silokjellaren er eit kult område fordi det er mykje akustikk og silo-kammer i taket som gjer lyden heilt annleis. Det blir ei anna type konsertoppleving, seier Fernandez.

– Me har fått inn mange forskjellige, kule artistar og dj-ar som Sju Fjell Bergsystem, Kropp, Dronehenge, Obla x Niilas og David Grytten som vil spela både inne og ute. Og seinare på kvelden kjem ein hemmeleg gjest, avslører Flaten.

– Men det kan me ikkje seia så mykje meir om no, utanom at det er ein bra artist, skyt Fernandez inn.

Studvest forsøkte å grave litt for å få veta kven den hemmelege gjesten kan vera, men fann berre ut at vedkommande er lokal. 

Får auga opp for BAS

Flaten visste ikkje om tradisjonen før ho flytta til Bergen, men fekk raskt vite at dette var ei stor greie. Dei siste åra har arrangørane opna opp for resten av Bergen og.

– Det er veldig gøy for oss, for me er ein liten skule i Sandviken. På denne måten får me knytt oss til resten av studentsamfunnet i Bergen. Dette er ei god mogelegheit til å bli kjent, seier Flaten.

BRUKAR HEILE CAMPUS: Arkitektur-studentane tek i bruk heile campus når dei skal arrangere fest.

Flaten seier det er mange som har fått augene opp for BAS etter å ha vore på festen, som då har begynt å studere her seinare.

Tek i bruk heile campus

Det er mykje som skal på plass og kullet har jobba med arrangementet heile året. Dei må mellom anna søke om skjenkebevilling og få tak i artistar. 

Festen skal vera på campus til BAS, og arrangørane tek i bruk heile området.

– Skulen lånar ut bygget til oss for å arrangere festen, seier Flaten.

SILOKJELLAREN: På kvelden skal fleire dj-ar opptre inne i silokjellaren.

Alle studentane på første året er med som friviljuge på festen og vil mellom anna stå i bar, servere og vera brannvakter under arrangementet. Profesjonelle vektarar vil ta hand om tryggleiken på festen.

– Det som er så fint er at folk på kullet har så forskjellige erfaringar som kjem godt med i planlegging og gjennomføring av ein slik fest, seier Flaten. 

No er det siste innspurt før festen brakar laus. Dei er mellom anna godt i gong med å rydde heile skulen.

Avlyste arrangementet

– Eg gjekk innpå Facebook og då såg eg at arrangementet var avlyst. Kva skjedde?

 – Det var ein liten feil, så det var kjedeleg. Men me laga nytt arrangement med ein gong så det gjekk fint, seier Flaten og ler.

Flaten kallar det heile ein «blooper». Feilen gjekk ikkje ut over dei som hadde kjøpt billettar, og dei fekk ut riktig informasjon raskt. 

– Trur nok det berre var nokon som trykte feil. Det var litt problematisk eit augeblikk, men trur me har redda det inn, legg Fernandez til.

STØRSTE FESTEN TIL NO: Gjengen gler seg til den tradisjonsrike festen.

Han legg til:

– Det er ikkje avlyst!

LES OGSÅ: 

Powered by Labrador CMS