Kultur

– Vi vant kanskje ikkje konkurransen, men vi vinner banketten!

Til tross for 20 grader og knallsol, heldt det ikkje til siger for bergenslaga.

GOD STEMNING: Heile 27 rolag frå både Bergen, Oslo og Trondheim samla seg laurdag 13. mai for NM i studentroing ved Nordåsvannet. ALLE FOTO: Malin Askevold Helle
Publisert Sist oppdatert

Laurdag 13. mai var det duket for NM i studentroing. Ved Nordåsvannet høyrte ein høg musikk og latter. Det var 20 gradar og knallsol, så dei kunne ikkje fått betre forhald på denne viktige dagen.

Totalt var det 27 lag totalt som deltok, 14 damelag og 13 herrelag. Laga som representerte Bergen var frå Handelshøyskolen BI, Norges Handelshøyskole (NHH), Bergen Studentidrettslag (BSI), Sjøkrigsskulen og Universitetet i Bergen gjennom det medisinske og juridiske fakultet.  

Unikt samhald

Justitia roklubb frå Det juridiske Fakultet ved UiB var eit av laga som deltok. Nestleiar Sondre Byrkjeland (26) går tredjeåret på rettsvitskap, og seier romiljøet har vore heilt avgjerande for tida hans som student.

– Det er gøy å studere juss, men det er enda meir gøy å studere juss óg vere med i Justitia.

Byrkjeland kan sjå at folk tenker at roing er ein sær sport, men at dei har eit heilt unikt samhald.

SAMSPEL: Nestleiar i Justitia, Sondre Byrkjeland (26) meina romiljøet er heilt unikt og avgjerande for hans trivsel som student.

– Vi byggjer kvarandre opp og ser alle. Eg trur det er nettopp det som gjer roing så tilfredsstillande når det går bra. Den lagkjensla er så ekstrem.

Justitia er spesielt engasjerte og har eiga livestream der dei kommentera løpet for å vekke interessa for dei som ikkje kunne vere der og for dei som er nysgjerrige på roing. 

LIVESTREAM: F.v.: Axel J. Pallisgaard Enger (26), Vetle Årsvoll Undheim (26), Håkon Berg-Pedersen (25) og Nicoline Medbøe Fjeldstad (25) strømma for alle som ikkje kunne møte på laurdag.

– Det er ganske mange som ser på og er engasjerte. Det er stas, utbryt han.

Knutepunkt i romiljøet

Leiar i Regattastyret Eirik Myreng Hauge (23) går tredjeåret på dataingeniør på Høgskolen på Vestlandet (HVL). Han ror for Bergen Studentidrett (BSI) roing og er leiar for regattastyret som arrangera dagens student-NM. Forventingane til arrangementet er store ,og han skryt av eit sjølvdrevent styre. 

JUBLANDE PUBLIKUM: Uttøvarane viste stort engasjement då dei andre laga var ute på vatnet.

– Det er det viktigaste arrangementet for studentklubbane i løpet av året. Det er dette dei jobbar mot frå ein startar å ro.

Student-NM starta offisielt i 2008 underlagt Norges Studentidrettsforbund. Det har vore arrangert kvart år i Bergen med unntak av pandemiåra 2020 og 2021. Vinnarbåtane går vidare til student EM i roing. Hauge er imponert over innsatsen til deltakarane.

– Dei seks beste båtane ligg på fem økter i veka den siste månaden, så det går ein enorm innsats inn i desse løpa. 

NØDVENDIG KONKURRANSE: Leiar i Regattastyret Eirik Myreng Hauge (23) meina NM i studentroing er eit nødvendig arrangement for at interessen for roing skal halde seg oppe.

Han meina konkurransen er viktig for ro- og studentmiljøet i Bergen. Det er særs godt samhald i laga og dei brukar mykje tid på trening saman og er mykje saman sosialt.

– Alle har då noko å trene mot og det skapar ein lyst til å bli så god som mogleg.

Dersom dette arrangementet ikkje hadde hatt plass her i Bergen meina han at det hadde vore mindre engasjement. 

– Det er ikkje alle klubbane som har føresetnad til å få med seg eigen båt til andre stadar i Noreg.

Øydelagt båt 
SPENTE: Laga frå det Medisinske fakultet var forventingsfulle for korleis dei kom til å prestere i konkurransane.
KLARE FOR FEST: Bergen Studentidrettslag (BSI) gleda seg aller mest til banketten etter konkurransen.
SOLSTRÅLAR: Oktagon (NHH) naut sola innimellom løpa.

Jusstudentene Rikke Selsing Jensen (21) og Julie Birkeland (22) er også deltagere på Justitia. Dramatikken var stor då båten til laget mista styringa under eit av dei innleiande løpa i konkurransen. 

– Vi må no bytte båt på sekundet og få nye posisjonar i båtane som vi ikkje er vant med. Dette kan bli spennande, seier jentene nervøst.

Begge er einige at det dei gleda seg mest til er banketten på kvelden, der dei skal kle seg opp i finklede og feire innsatsen dei har lagt ned dei siste månadane.

– Det er sjølve høgdepunktet dette semesteret!

Spennande finale

Finalen vart svært spennande. Etter eit hovudopptak i kvar klasse, oppsamlingskonkurranse og finale var det til slutt rolaga frå Trondheim, som representere Norges teknisk-naturvitenskapelige universitets idrettsforening (NTNUI), som stakk av med sigeren i begge klassane. 

IMPONERANDE INNSATS: Her gjer Justitia damer seg klare til konkurranse i lånt båt.

Dei beste plasseringane frå Bergen, på damesida til Justitia (rettsvitskap) med ein andreplass og Oktagon frå Norges Handelshøyskole (NHH) på tredjeplass.

På herresida kom RNNA frå Sjøkrigsskolen på ein tredjeplass.

– Det var ekstremt høgt nivå i år, seier nestleiar i Justitia, Sondre Byrkjeland, etter finalen.

Byrkjeland utrykk at dei var fornøgd med at det eine herrelaget deira kom til finalen, sjølv om dei endte på sisteplass. Han er ekstra stolt av eit damelaget tok sølv. 

– Tenk at de klarte å spurte seg inn til sølv, sjølv i ukjent båt! 

Han er ikkje redd for at resten av dagen skal bli kjip, sjølv om det ikkje vart førsteplass.

– Vi vant kanskje ikkje konkurransen, men vi vinner banketten. Lett!, seier han og smilar.

FØREBUING: Her gjer fleire av laga seg klare til konkurranse.
VAKKERT LANDSKAP: Nordåsvannet viste seg frå si beste side denne konkurransedagen.
Powered by Labrador CMS