Då brukt blei til vintage

Når blei det så utruleg dyrt med brukte klede?

VINTAGE ELLER BRUKT? – Kva er eigentleg skilnaden mellom brukte klede og vintage klede, spør Svanhild Bøe.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en apropos. Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.

Er det noko det er flust av på Tiktok om dagen, så er det haul på haul på haul av vintage klede. Populært er det blitt, og bølgja av bruktklede kjem til å vekse seg endå større.

Eg skulle gjerne hengt meg på, hadde det ikkje vore for at det bokstaveleg talt kostar skjorta om eg skal ha ei ny, men brukt skjorte. 

Når blei det så utruleg dyrt med brukte klede? Før drog ein på Fretex og UFF for å kjøpe klede for ein billig penge. No må ein jo punge ut med 500 kroner for ein brukt genser som var populær for ti år sidan! Kva er greia? 

Og kva er eigentleg skilnaden mellom brukte klede og vintage klede? Brått endra ein frå billeg og brukt til kjempedyrt og vintage. Begge deler er jo brukt? Det å kalle fjorårets kolleksjon frå Cubus for vintage er vel å dra det litt langt, eller?  

Joda, eg forstår at ekte vintage er noko anna. Det har ein verdi, og for nokre folk er det verdt å bruke månadsløna på den dritkule jakka, eller den gamle, men trendy buksa. Men likevel?

Hugs at desse klesplagga har andre folk brukt før deg. Andre folk har sveitta, skitna dei til, og for kva? For at ein skal bruke opp mot tusenlappen på plagget. 

Eg skulle så gjerne vore med på denne trenden, og tru meg, eg har prøvd. Eg har møtt opp på loppemarknad, saumfara vintage- og bruktbutikkar for skjulte skattar og reist på tallause pop-ups.

Finn eg noko? Å ja da, det gjer eg absolutt. Tar eg meg derimot råd til det? Sjeldan. Det endar som oftast med at eg heng det tilbake.

Men kor fint hadde det ikkje vore om slike vintageklede kunne sirkulert meir blant folk igjen? Å få æra av å gå med ein ekte antikvitet som har vore så godt bevart i så mange år! Det hadde vore noko det! 

Det ser dessverre ikkje ut som det kjem til å skje. Jaja, viss ein får seld gamle filler for mykje meir enn dei er verd, ville eg også gjort det.

Powered by Labrador CMS