– Det er naturleg å miste konsentrasjonen

Dårleg konsentrasjon hjå studentar har blitt eit synleg problem, spesielt under forelesningar. Gjennom eit uformelt forskningsprosjekt viste det seg at nesten halvparten av studentane ikkje klarte å la mobilen ligge.

Student Torvald Ullestad forteljar at første del av forelesningen så er konsentrasjonen på topp.
Publisert

Ein tidleg fredag tok underskrevne turen til det juridiske fakultetet for å observere ei forelesning med 153 studentar. På starten av timen var dei fleste klare, dei hadde opent enten notata eller presentasjonen til forelesaren. 

Likevel vart mobilen oppe og tilgjengeleg. Under første del av forelesninga tok dei fleste den berre kjapt opp og la den ned igjen, det same var det med dei ulike fanane på PC-en. 

 

Første halvdel av forelesninga foregikk slik:

Mobil: 22 stk 

PC (nyheiter): 6 stk 

PC (ikkje relatert til forelesninga: 7 stk 

Totalt: 35 stk

Andre halvdel etter pausen var det fleire som tok opp mobilen, og no vart det ikkje berre ein kjapp titt, men faktisk bruk av den. Å dele skjermen blei også meir og meir vanleg, med andre ord å ha powerpointen oppe, men også ein annan nettside. 

Andre halvdelen av forelesninga vart ganske annerleis:

Mobil: 44 stk 

PC (nyheiter): 18 stk 

PC (ikkje relatert til forelesninga): 16 stk 

Totalt: 78 stk

 

 

Den uformelle observasjonen viser at i første halvdel vart det fleire som klarte å konsentrere seg, men at det blei utfordrande under resten av forelesninga. Likevel så kan ein gå ut ifrå at dette ikkje kun gjeld dei på jussen, men for dei fleste studentar i dag. 

Kjønnstudiestudent Emilie Gundersen Husveg, meiner det er distraherande med mobiler i forelsningar.

 – Det er distraherande 

Emilie Gundersen Husveg, kjønnsstudiestudent, seiar at det er veldig mange studentar rundt hennar som tek opp mobilen under forelesning.

– Dei kan også bruke PC-skjermen til å skjule mobilen, slik at dei har to skjermar oppe samstundes.

Det synest ho er distraherande, og kan gjer at ho også mistar fokus. Nokre gonger strikker ho mens forelesninga førgår, fordi ho føler det hjelper med konsentrasjonen.

– Eg tenkjer det er fordi forelesningane krev mykje konsentrasjon, og at folk kanskje ikkje har like god konsentrasjon no som ein hadde før.

– Det er ganske mange faktorar som gjer at du mister konsentrasjonen også, seier Husveg.

Ho legg også til at dårleg konsentrasjon kan skyldes andre årsaker, slik som å ha på notifikasjonar på mobilen under forelesning.

Ullestad seier at det er enklare å miste konsentrasjonen under lange forelesningar.

Første halvdel meir effektiv

Student Torvald Ullestad forklarar at førelesningane på starten av dagen er enklare å følgje med på, fordi han føler seg meir skarp.

– Er det lengre forelesningar så er det enklare å miste konsentrasjonen, seier han.

– Men konsentrasjonen minkar etter kvart. Spesielt den siste halvdelen kor ein kan finne på å lese VG. 

Det studentane seier stemmer også overeins med det som vart observert i forelesninga, men også det forskinga seier. Det visar seg 38 prosent av studentmassen prokastinerer fordi dei manglar konsentrasjon, ifølgje eit studium gjennomført i 2014. 

- Ikkje noko spesifikt hos studentar

Førsteamanuensis hjå biologisk og medisinsk psykologi, Lin Sørensen, fortel at det ikkje berre er hos studentar konsentrasjonen er lita, men i heile samfunnet. 

– Vi har eigne belønningssystem i hjernen, som gjer at vi retta merksemd på det vi får belønning av, telefonen og appane. 

Vidare fortel Sørensen at det ikkje nødvendigvis er konsentrasjonen som gjer at studentar ikkje klara å fokusera, men heiler motivasjonen dei har. 

Ho forklarar at fordi appane er laga med hensyn til atferdspsykologi, som gjer at mobilen er lett tilgjengeleg å ta opp. 

– Studentar har alltid vore distrahert, det har berre ikkje vere så openbart som før nå.

Sørensen har likevel nokre trøystande ord.

– Så eg trur at det er ein blanding mellom at ein skal vere bevisst at ein kan regulere mobilbruken, men også å tenkje at det er naturleg å miste litt av konsentrasjonen etter kvart.

Powered by Labrador CMS