Nyhet

Datainnbrot hjå NHH – passord og brukarnamn låg ute på hackarforum

No ber handelshøgskulen alle studentar og tilsette om å byte passord.

DATAINNBROT. Handelshøgskulen har bedd alle om å byte passord. ARKIVFOTO: Henriette F. Thorkildsen
Publisert Sist oppdatert

Norges Handelshøyskole (NHH) har blitt ramma av eit datainnbrot. Det bekreftar kommunikasjonsdirektør ved handelshøgskulen, Geir Mikalsen, overfor Khrono og Dagens Næringsliv.

Ifølgje Mikalsen skal NHH ha blitt opplyst om datainnbrotet onsdag. Då var det snakk om at passord og brukarnamn til både tilsette og studentar låg ute på eit hackarforum.

Dei tok tak i problemet umiddelbart.

– Meldinga gjekk ut på at det var blitt oppdaga ein del brukarnamn og passord frå tilsette og studentar ved NHH inne på eit hackarforum. Vi stengde umiddelbart ned VPN-tenesta og ba alle tilsette og studentar om å skifte passord, fortel Mikalsen til Khrono.

VPN-teneste utsatt for digitalt innbrot

På NHH blir det brukt ei VPN-teneste som kan gjere at du har tilgong til ulike fasilitetar på nett som du elles berre kan få når du er på skulen sitt område.

VPN-tenester blir brukt fleire andre stader, og den som NHH bruker heiter Pulse Secure. Det er denne varianten som er utsatt for eit digitalt innbrot.

Mikalsen fortel til Khrono at dei held på å avvikle tenesta.

– Vi jobbar med andre løysingar. Dette vil heller ikkje påverke den daglege drifta ved NHH. I det ein skiftar passord, har ein situasjonen under kontroll igjen, sier Mikalsen.

Powered by Labrador CMS