Då eg vakna forvirra og fortvila, forstod eg at fridom har sin pris
Eg fraus til is i møte med den overveldande fridomen.
Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.
Eg innsåg ikkje før eg flytta heimanfrå at fridom først og fremst er paralyserande. Denne idealiserte tilstanden vi alle strevar etter, men som når vi oppnår, hemmar meir enn den faktisk frigjer.
Stiv som ein stokk står eg og glor på alle stiane framfor meg og veit at kvar og ein tilbyr spenning, glede og meining. På dei stiane finn eg livet. Men eg blir ståande og glane på dei. Vekta av veksande skam og vandrande tid tynger meg ned.
Til slutt står eg berre og glor på gjengrodde stiar, fram til eg sjølv gror fast. Eg innsåg ikkje før eg flytta heimanfrå at ein kunne gro fast slik.
«Det jeg ikke innså før jeg flyttet hjemmefra»
Skrivekonkurranse for folk under 30 år, arrangert av Studvest og Bergens Tidende.
Et utvalg av de beste bidragene publiseres i løpet av mars og april.
Trygt og stødig
Her står eg i det minste trygt og stødig, tenker eg. Fastgrodd står eg og glanar på tette skogen, full av farar. Hadde eg valt meg ein sti å gå tidlegare, ville den vore gangbar. Men no, nei no står eg no her, trygt og stødig, og kikkar så vidt innover skogen, der dei gjengrodde stiane ein gong gjekk. Det var noko eg ikkje innsåg før eg flytta heimanfrå, kor farleg denne skogen er. Då er det nok best å bli ståande. Her står eg jo trygt og stødig, trass alt.
Denne fridomens paralyserande effekt vart tydeleg for meg då eg ein morgon vakna, forvirra og fortvila. I mi svevnige tilstand såg eg på klokka. Seks om morgonen. Eg hadde sove to timar, toppen.
Det var ikkje meininga å sovne i det heile tatt. Eg skulle skrive ferdig ei oppgåve, eit arbeidskrav, gjennom natta. Kvaliteten på arbeidskravet var det ikkje så nøye med, den skulle berre godkjennast. Eg trong berre oppnå dei formelle krava for å få lov til å gå opp til eksamen.
Fraus til is
Klokka var seks. Eg hadde to timar på meg til å levere, men eg var ikkje i nærleiken av å nå ordkravet. Ei venninne hadde febrilsk forsøkt å hjelpe meg, men eg var ikkje mottakeleg. Eg gav opp. Oppgåva hadde eg utsett for lenge.
Mitt første store arbeidskrav etter at eg flytta heimanfrå og starta på bachelorgraden i psykologi ved NTNU, vart ein fiasko. Eg skuldar på fridomen. Eg kunne byrje på oppgåva når som helst, jobbe med den når som helst, ta pausar når som helst, gjere andre ting når som helst. Eg stod fritt til å svare på min måte, med mine eigne ord, men eg fraus til is i møte med den overveldande fridomen.
At dette arbeidskravet ikkje var kombinert med fleire krav som la krav på fridomen min, gjorde at eg måtte stå ansikt til ansikt med ei fridom så stor at eg ikkje visste mine arme råd. Denne fridomen som så mange kjempar for, den kjempar eg mot kvar einaste dag, slik at eg ikkje vert ståande fastgrodd og glane på stiane medan dei gror igjen framfor meg.
Eg innsåg ikkje før eg flytta heimanfrå at fridomen også måtte kjempast mot, og ikkje berre for.
Har du noe på hjertet?
Ønsker du å ytre din mening? Vi i Studvest vil gjerne høre fra deg!
Send ditt innlegg på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
Tips for innlegget ditt:
Lengde: helst 1800–2500 tegn (inkludert mellomrom), men lengre bidrag kan vurderes.
Husk å gi innlegget både tittel og ingress.
Legg ved et portrettbilde av deg selv vi kan bruke, og oppgi fotografens navn dersom bildet skal krediteres.
Oppgi også hvilken tittel du ønsker å stå med.
Vi forbeholder oss retten til å redigere innlegget ved eventuell publisering.
Gi beskjed dersom innlegget allerede er sendt til andre medier.