Dette har studentane på øyrane under eksamenlesinga

Studentene på BI og UiB høyrer på alt frå hiphop til klassisk musikk.

ALLE FOTO: Malin Askevold Helle
Publisert Sist oppdatert

Våren er her og studentane må nok ein gong inn i ein intens eksamensperiode. Om få uker kjem ein stor del av studentane i Bergen til å sitje krokbøgd over lesesalpultane, og for mange er musikk heilt essensielt for å kome seg igjennom tungt pensum. 

Kan musikk gjere dei lange dagene litt enklare?

Studvest har høyrt med nokre av studentane på Handelshøyskolen BI og ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB) om preferansane deira og kva for ein låt dei skal feire fullført eksamen med.

Joveig Åsemyr (21) 

Studerer: Biologi ved UiB

Høyrer på i eksamensperioden: «Drei Haselnüsse für Aschenbrödel» av Karel Svoboda.

ASKEPOTT. Joveig Åsemyr høyrar på Askepott-låta når ho les.

– Det er Askepott-låta, ja! Den gjer meg så roleg. 

Første låt etter eksamen: «Ferrari» av James Hype og Miggy Dela Rosa 

Åsemyr har gode minner med låta frå ein hyttetur og frå fadderveka. 

– Det er ein så steikje bra låt!

Edvard Sander Bae Mysen (22) 

Studerer: Informasjonsteknologi og økonomi ved UiB

Høyrer på i eksamensperioden: «Roleg rap», Asap Rocky, Tyler The Creator og Frank Ocean.

Favorittlåta er «Passionfruit» av Drake. 

DRAKE. Edvard Sander Bae Mysen sin favorittlåt er «Passionfruit» av Drake.

– Det er pinleg eigentleg. Drake er så sjukt 2017. 

Første låt etter eksamen: Ein av låtane på den sjølvlaga spelelista «Bankers».

– Då er både stemninga og vorset bankers, seier han og ler. 

Anne Helene Monsen (20) 

Studerer: Fiskehelse – akvamedisin ved UiB

Høyrer på i eksamensperioden: Klassisk musikk utan tekst eller «Brown noise»-speleliste for å auke fokuset og konsentrasjonen.

Viss det er musikk med tekst klarar ho ikkje å konsentrere seg.

– Eg kjenner i alle fall på at det funkar, men ja det kan jo like godt vere plasebo.  

KLASSISK MUSIKK. Anne Helene Monsen foretrekk klassisk musikk utan tekst.

Første låt etter eksamen: «Ring meg» av Gabrielle.

– Eg får lyst til å synge med og feire! Den gir meg så masse energi. 

Didrik Aamold (29) 

Studerer: Lektor i biologi og kjemi ved UiB

Høyrer på i eksamensperioden: Mykje hiphop og Frank Ocean. Favorittlåta er «Starry Night» av Peggy Gou.

– Den minner meg om å stå på ski, og det diggar eg! 

Første låt etter eksamen: «Push Up» av Charlotte de Witte.

– Den får meg opp i stemning og blir ei slags gåve til meg sjølv. 

Tuva Hagland (21)  
HIPHOP. Didrik Aamold kjem gjennom eksamensperioden ved hjelp av blant anna hiphop.

Studerer: Medisinsk teknologi ved UiB

Høyrer på i eksamensperioden: «Cinnamon Girl» av Lana Del Ray.

– Eg kjem inn i ei heilt eiga verd når eg høyrer på denne, spesielt med headset.

Første låt etter eksamen: «Happier Than Ever» av Billie Eilish. 

– For ein boost denne låta gjer deg! Det treng ein etter eksamen.

Mathias Sverd Dragsund (21) og Siver Davik (21)

Studerer: Økonomi og administrasjon (BI)

BILLIE EILISH. Tuva Hagland skal feire eksamen med låta «Happier Than Ever» av Billie Eilish.

I eksamensperioden: Roleg musikk, spesielt norsk rap. 

Mathias likar «Ivy» av Frank Ocean, mens Siver likar «Dreams» av 23 x C.Gambino.

Første låt etter eksamen: Noko av artisten Tyr.

Dragsund vel låta «Drinks» mens Davik vel «21».

– Han er sjukt rå!

Malin Ullebø (21) 

Studerer: International Management (BI)

TYR. Mathias Sverd Dragsund og Siver Davik har same favorittartist: Tyr.

Høyrer på i eksamensperioden: Klassisk musikk. Ingen favorittlåt, men likar godt musikarane Claude Debussy og Frédéric Chopin.

Ho fortel at klassisk musikk gir ho ein eigen modus i eksamenstida.

– Det er viktig å ha ein eigen sjanger for eksamen. 

Første låt etter eksamen: «Les feuilles mortes» av Yves Montand.

EIGEN SJANGER. Malin Ullebø meinar det er viktig med ein eigen sjanger for eksamen.
Powered by Labrador CMS