Eksamensvisa

LUKE 6: Nyhetsjournalist Kristina Haugen Moe har satt saman ei lita vise til deg som fortsatt held på med eksamen.

FOTO: Julie Helene Günther
Publisert Sist oppdatert

APROPOS:

Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.

Melodi: Julekveldsvisa av Alf Prøysen.

No har vi vaske golvet,
og vi har børi ved …

Hei, du som sit og græt fordi eksamen er så nær.
Du har vel ikkje pynta deg, og går i slaskeklær.
Her er ei lita vise til deg som er så lei,
som viser at du ikkje er åleine på din vei!

Det har vore lange veker, og månadar attpåtil.
Du har vel kanskje fett hår, og e’ kje’ lenger chill.
Rommet ditt er støvete, og klesvasken er full.
Eksamen den tar på, det føles heilt som noko tull!

«Must-haves» i eksamen er tørrshampo, lypsyl.
Om ein av dei er tomme, då kjeme det eit hyl.
Eg har kje’ tid te’ å dusja, må koma meg på sal,
om nokon har tatt plassen min, så blir eg faktisk gal.

Å sova får du ikkje, for Netflix friste mest.
Kvelden skal ver’ fri, og episodar ser du flest.
Eksamen skal du liksom ikkje tenkje på nett no,
men alt du klarar å sjå for deg er eksamen, hei, tjoho … 🙁

Så er dagen her og du er heilt klart ikkje klar.
Du springe ned til Bybanen og kikar på ein kvar.
Du ser det store bygget og svimar nesten av.
Dessverre gjer du ikkje det, og av deg kleda tar.

I timar skal du sitja i ein svette treningshall,
og tenkja på: «Eg håpar at eg står – i alle fall».
Tastetrykk og hosting, bråket tar jo aldri slutt.
Før du endeleg er ferdig og ditt hode er kaputt.

På Bybanen så stressar du, det er ‘kje fred å få.
Du tenkjer om du hugsa alt du skulle skrive på.
«Herregud, så lenge eg står, så må eg vere nøgd».
No er det heim på vorsj, i kveld så blir det berre «chug!»

Ja, no er det faktisk over – beste kjensla her på jord!
Eksamen er no ferdig og du ringjer stolt til mor.
Kvelden den er fullpakka med vin og øl og sprit.
På vorsjet du og dine vener om eksamen pratar skit.

No er du faktisk ferdig, no er det faktisk gjort.
Som vanleg har eksamensperioden gått så fort.
Sjølv om det er heilt jævlig å sitja der og gro,
så er det faktisk ingenting å lesa ferdig no!

Til deg så vil eg seia – ver stolt no av deg sjølv!
Endå ein juleferie står og bankar på di dør.
Så snakkast me vel kanskje på eksamen neste år –
viss du ikkje er så heldig at du faktisk faget står!

Lykke til med siste innspurt i eksamensperioden <3

Powered by Labrador CMS