Kultur

Få eit billig eksamensavbrekk med disse 2022-bøkene

Kom mai du skjønne milde. Og veit du kva som skjer i mai? 2022-bøkene kjem på salg!

Fra venstre: «Familieverider» av Jens M. Johansson (Omslag: Exil design), «Trollefossvegen 23» av Siri Helle, «De kaller meg Ulven» av Zeshan Shakar
Publisert Sist oppdatert

Dette er ei gylden sjanse for deg å skaffe deg fjorårets bestselgarar utan å gå personleg konkurs, for la oss innrømme det: Bøker er dyrt.

Her kjem ei handfull favorittar utgjeve i 2022.

«Trollefossvegen 23» av Siri Helle

Denne boka forventa eg ikkje å like så godt som eg gjorde, men for ei jente som er oppvaksen langt uti gokk, traff den hjarta mitt. Eg ser på meg sjølv som relativt urban – Bypåske over fjellpåske, asfalt over sti, men denne boka gjorde at alt eg ville gjere var å flytte ut på bygda og skaffe meg høner, løpeender og småbruk. Siri Helle skildrar oppussingsprosjektet til ho og sambuaren hennar på ei poetisk men realistisk måte. Ho skriv også godt om det å skulle flytte heim, noko dei aller fleste studentar kan kjenne seg igjen i.

Kulturjournalist Amalie Røstbø

«Jeg er egentlig ikke sånn» av Marie Aubert

Marie Aubert er ein av mine favorittforfattarar. Når ho kjem med ny bok må eg ha den sjølv om det gjer at eg må ete knekkebrød til middag fram til neste stipend. (Nei eg kan ikkje låne på bibliotek, eg må ha dei i bokhylla.) 

Denne boka skuffa meg ikkje, sjølv om handlinga er noko meir vaksen enn dei andre bøkene. Boka består av fleire parallelle historiar. Alle karakterane i historiane lengtar etter å bli sett av nokon, kven som helst, men dei fryktar det samtidig. I boka tek Aubert opp risikoen i å sleppe eit anna menneske innpå seg. 

Kulturjournalist Amalie Røstbø

«De kaller meg ulven» av Zeshan Shakar

«De kaller meg ulven» er Zeshan Shakar sin tredje roman. Shakar vart allemannseige allereie i 2017 med boka «Tante Ulrikkes Vei». I denne romanen følgjer vi eg-personen, som har vokst opp i Noreg med ein far frå Pakistan og ei mor fra Finnmark. Mot slutten av livet har faren bestemd seg for å flytte tilbake til Pakistan. Gjennom flyttinga gjenopplever hovudpersonen barndommen si, samtidig som han no har sitt eige liv med barn og kjærast. Skildringane frå familieferien til Paris, kvardagen i «Dalen» og seine kveldar med pappa på jobb er både kjærlege og vemodige, og skildrar eit liv med ein fot i kvar sin kultur.

Du treng ikkje ha lest dei to første av Shakar sine bøker for å lesa denne. 

Kulturredaktør Selma Turiddatter

«Familieverdier» av Jens M. Jenssen

I denne romanen blir du frå start invitert til ein familiemiddag mange nok kan kjenne seg igjen i, med mine, dine og våre. I Jenssen si sjuande roman følgjer vi middelaldrande Storm Sandberg, med tvillingdøtre og fransk kone. Tradisjon tru samlast dei den siste søndagen i månaden på familiemiddag hjå Storm si mor, med «(…)mødre og fedre og stefedre og stefedres nye koner og nye koners tidligere menn og mødres nye menn, nevøer og nieser, hel- og halvsøsken, i perioder stesøsken, felles barn og andres barn». Både karrieren og familielivet til Storm rakner, og han ser berre ein løysing på problema: Setje opp eit teaterstykke. 

Kulturredaktør Selma Turiddatter

«Abida Raja: Frihetens øyeblikk» av Håkon F. Høydal

Verkelegheitslitteraturen er, på same måte som journalistikken, på sitt beste når han formidlar historiar vi elles aldri hadde høyrt. Livshistoria til Abida Raja, søstera til den noko meir kjende Abid Raja, er ei slik historie. Boka gjer eit djuptgåande innblikk i livet til ei pakistansk kvinne i Oslo, som har levd under kår det er vanskelig å sjå føre seg i nyare tid i Noreg. Medan lillebroren etablerer seg i den nasjonale politikken, sit storesøstera fast i eit valdeleg ekteskap. Boka tek oss med frå Noreg til Pakistan og tilbake til Noreg, og frå ein vanskeleg barndom, inn i eit vondt ekteskap og til slutt av det.

Nyhetsredaktør Liv Mari Lia

Omslag: Exil design
Powered by Labrador CMS