Fagskulane i Vestland har færre søkjarar: – Tala for helsefag bekymrar

Då tala frå Samordna opptakblei publisert i april, viste dei ei nasjonal vekst i søkjartala til fagskulane. I Vestland peiker pilane andre vegen.

NEDGANG: Fagskulane i Vestland skiljer seg negativt ut på dei nasjonale søkjartala i år. Foto: Iben Jorde (arkiv)
Publisert Sist oppdatert

Nasjonalt ser fagskulane som er med i det samordna opptaket ei vekst på 10 prosent i år. For fagskulane som befinn seg i Vestland fylke viser tala ei nedgang i antal førstevalssøkjarar på 7 prosent.

Rektor ved Fagskulen Vestland, Torbjørn Mjelstad, kan fortelje om ei nedgang på 9 prosent. På spørsmål om kvifor tala frå Vestland skil seg ut frå den nasjonale trenden svarar han kjapt:

– Det lurer vi òg på. Desse tala er ganske ferske, så vi har ikkje fått borre i dei endå. 

Tekniske utdanningar stabilt – helsefag ned

Sjølv om tala er ferske har rektoren likevel gjort seg nokre refleksjonar. Han viser mellom anna til at ein må sjå nærmare på kva studie som får ein nedgang for å sjå heilheita i situasjonen. 

– Me ser at det er store variasjonar mellom utdanningane. Søkjartala til tekniske utdanningar som el-kraft og bygg ligg stabilt, og til prosessteknologi-studiet ser me ei stor auke. Om ein kun ser på summen blir biletet litt skeivt, seier Mjelstad, og legg til:

MERKSAM. Torbjørn Mjelstad føl med på trendane tala frå Samordna opptak viser. FOTO: Iben Jorde (arkiv)

– Det som bekymrar mest er nedgangen innan helse, då spesielt psykisk helse og rusutdanning. Det er det me er obs på. 

– Ikkje krise, men eit varsku

I fjor skreiv Studvest om at undersøkinga Kompetansebarometeret viste at det er stort behov for utdanningane som fagskulane tilbyr.

Mjelstad seier han ikkje vil bruke ord som katastrofe eller krise om dei nye søkjartala, men er tydeleg på at dei følgjer med og er bevisste på utviklinga.

– Eg vil kalle det eit varsku for oss. Me må skjerpe oss opp i skoa for å bli meir attraktive for målgruppa vår. 

Han fortel at Fagskulen Vestland gjer sitt for å tilretteleggje studia best mogleg både for studentane og mot behov i arbeidslivet. Men utvikling av studietilbod tek tid for fagskular, seier han, ettersom fagskulane enn så lenge må få studia godkjent av Nasjonalt Organ for Kvalitet i Utdanninga (NOKUT).

– Me arbeider med nye tilbod, til dømes inn mot velferdsteknologi, men det tek tid å få det godkjent. I revidert statsbudsjett er det foreslått midler for å korte ned denne tida.

Nasjonalt perspektiv

Sjølv om søkjarane til fagskulane aukar nasjonalt, ser Mjelstad nokre utfordringar på det store planet òg.

– Som institusjon er det ikkje gunstig at me går tilbake, men der me verkeleg treng folk – innan helse og teknikk, er det ikkje stor auke nasjonalt heller, påpeiker han. 

For samfunnet for øvrig, er det noko problem at det er færre søkjarar til fagskulane i Vestland så lenge det veks nasjonalt?

– Det er jo eit ganske stort spørsmål, og eg vil nok svare med eit «tja». Me utarbeider vårt studietilbod i dialog med lokalt næringsliv, så me tek utgangspunkt i lokale behov, seier han og avslutter:

– Nedgangen innan helse bekymrar. Det handlar ikkje berre om at me (Fagskulen Vestland) har færre studentar, men det seier noko om kva framtid dei unge helsearbeidarane ser for seg. Den framtida ser ut til å ligge ein annan plass.

Powered by Labrador CMS