Rekordhøg etterspørsel etter fagskulekompetanse: – Dette har me visst lenge, seier rektor

Tall frå Kompentansebarometeret viser at kompetanse frå yrkesfag og fagskule er høgt etterspurd. For rektor Torbjørn Mjelstad på Fagskulen Vestland er resultata inga overrasking.

ATTRAKTIV KOMPETANSE. Den gamle sjømannsskulen på Nordnes husar no studentar ved Fagskulen Vestland. Der får dei akkurat den kompetansen NHO etterlyser.
Publisert Sist oppdatert

Kva er Kompetansebarometeret?

Kompetansebarometeret er ei årleg kartlegging av kompetansebehovet i NHO sine medlemsbedrifter. Denne undersøkinga vart gjennomført av NIFU i oktober og november 2020. 3534 bedrifter (ca. 20,6% av medlemsbedriftene) deltok i undersøkinga.Kompetansebarometeret for 2021 i korte trekk:
  • 2 av 3 NHO-bedrifter oppgjer å ha eit udekka kompetansebehov. Dette er eit rekordhøgt resultat sidan Kompetansebarometeret først vart gjennomført i 2014.
  • Det er kompetanse frå yrkesfag og fagskule som har vore dei mest etterspurte utdanningane over tid.
  • Handverk er det mest etterspurde fagområdet, med teknikk/ingeniør på andre plass og samfunnsfag, juridiske fag og administrative fag på tredje plass.
  • Over 58% av bedriftene som deltok i Vestland oppgjer eit behov for å rekruttere nokon med fagskule-utdanning.
  • Meir enn halvparten av bedriftene oppgjer at deira kompetansebehov i stor eller nokon grad vert påverka av klima- og miljøhensyn

NHO-undersøkinga Kompetansebarometeret frå 2021 avdekkjer eit høgt behov for kompetanse i medlemsbedriftene deira i Vestland. Over 58 prosent av bedriftene som deltok i Vestland oppgjer eit behov for å rekruttere nokon med fagskule-utdanning.

– Dette har me visst lenge. Bedriftene i Vestland har år etter år gitt oss same beskjed – dei manglar yrkesfagkompetanse. Det er ikkje folk med mastergrad dei treng, men folk som kan vere med å utvikle produksjonen deira. Kompetansen ein får gjennom ei fagutdanning er gull verd for dei, seir Torbjørn Mjelstad.

Han er rektor ved Fagskulen Vestland. Sjølv om behovet er veksande, understreker han at det er ei positiv utvikling for fagskulane no.

Frå 2019 til 2021 auka antal primærsøkjarar hjå det som før utgjorde Fagskulen Hordaland frå 1103 til 1503, opplysar rektoren.

– Det er ein ganske stor auke på tre år. I 2016 satt regjeringa i verk ein stor profesjonalisering av heile fagskulesektoren, noko som gjer oss meir synlege og meir attraktive, seier han.

IKKJE FORTVILA. Rektor ved Fagskulen Vestland, Torbjørn Mjelstad, trur utviklinga kan snu, men ikkje av seg sjølv.

Mjelstad legg til at samarbeid med næringslivet ikkje kan snu skuta åleine. Han meiner kapasiteten til fagskulane må styrkast for å kunne halde følge med det veksande behovet for fagskulekompetanse. 

– Om fagskulane no får den veksten dei bør få framover, kan dette snu. Ein føresetnad er at det blir løyva midler til nye studieplassar. Fram til det skjer kan me ikkje auke tilbodet vårt, sjølv om me ser behovet for det.

Undervurdert

På bygget til Fagskulen Vestland på Nordnes har eit knippe teknikk-studentar trukke ut i kantina for å diskutere ei oppgåve dei heldt på med. Dei er alle i arbeid ved sidan av studiene. 

– Det er hardt, spesielt når ein jobbar i tillegg. Så håpar me det er verdt det etterpå, seier Michelle Glesnes.

Amund Eggestveit meiner at fagskulen har vore undervurdert samanlikna med høgskule og universitet. 

– Eg trur det er meir likestilt no. Eg ser at ein kompis som tek ingeniørutdanning på høgskule, har same pensum som oss, så vår utdanning bør jo vera likeverdig, seier han.

Glesnes meiner også at arbeidsgjevarar må legge meir til rette for kompetanseheving.

RETT VEG. Student og landbruksmekanikar, Amund Eggestveit, trur statusgapet mellom fagskule og universitet- og høgskule har vorte mindre.

– Eg jobba i ein stor bedrift tidlegare. Dei heia veldig på vidareutdanning, men dei bidrog ikkje med nokon støtte. Berre ord.  

Trass eit hardt studieløp anbefalar dei fagskule for dei som vurderer det.

– Det er berre å pøse på. Jo meir kompetanse, desto betre, konstaterer Sven Seldal før Glesnes skyt inn at det jo er kjekt og, trass i slitet. 

Fagskulane i framtida

På kontoret rett nedi gongen ser rektor Mjelstad for seg ei framtid der fagskulane vert meir attraktive.

– No trur eg me er i ein brytningsfase for korleis me ser på balansen mellom tradisjonelle universitetsutdanningar og samfunnet sine behov på andre område. 

Mjelstad peiker på at me med pandemien og uroen i Europa har sett at fleire sektorar nærmast stoppar opp når arbeidsinnvandrarar blir borte.

– Det har gjort det veldig tydeleg kor sårbare me er. Då hjelper det ikkje å utdanne fleire byråkratar. Me må ikkje gløyme at nokon må bygge hus.

Samstundes medgir rektoren at framtida har vorte vanskelegare å spå. Fagskulane står i spagat mellom ei grå samtid og ei grøn, men uklar framtid. 

– Det er vanskeleg å sette opp eit studietilbod når me har så store endringar og samstundes ikkje har sagt farvel til det gamle. Og kva er det nye? Havvind? Batteri? Ingen veit, eigentleg, seier han.

YRKESAKTIV STUDENT. Michelle Glesnes er student og feltingeniør. Rektoren hennar trur det vert fleire som vel same veg som henne framover.

Men Mjelstad har tru på fagskulane i ei grønare framtid. Han trur meir generelle fagutdanningar kan gjere slike overganger meir smertefrie.

Ei framtid med for mykje fagkompetanse ser han imidlertid ikkje for seg. 

– Tek ein denne undersøkinga igjen om ti år vil nok næringslivet seie at dei framleis manglar kompetanse, men forhåpentlegvis vil talet for Vestland vere mykje lågare enn 58 prosent.

Powered by Labrador CMS