Kommunikasjonssjef i Sammen, Marita Monsen og direktør for Sammen Trening, Bård Johansen, viser oss rundt i den nye etasjen til Sammen City.

Studvest har fått eksklusiv tilgang til nye Sammen City – her er bileta.


Annonse

Sjølv om koronakrisa har snudd student-Bergen på hovudet, har oppussinga av Sammen City føregått tilnærma normalt. No er 2. etasje snart ferdig, og eit heilt nytt anlegg står klart til bruk når sentra opnar igjen.

På ein vanleg dag er rundt 1500 personar innom City for å trene. Med den nye etasjen vil senteret kunne ta i mot rundt 2000 kundar dagleg, når dei er tilbake til full drift igjen etter korona.

MEIR PLASS. Hovudrommet i den nye etasjen på Sammen City.

I den nye etasjen skal det vere eit større fokus på lågterskel trening, der du er litt meir for deg sjølv. Det er cirka 900 kvadratmeter ekstra, og også litt mindre vekter. Det er maks 20 kilo på frivektene.

I tillegg til frivekter vil 2. etasje også bestå av grasmatte med slede, frivekstområde, trappemaskinar, møller, crosstrenarar og syklar.

KAMP. Knallhard kamp mellom direktør for Sammen Trening, Bård Johansen, og kommunikasjonssjef Marita Monsen.
YOGA. Dette rommet vil fungere som eit kampsportrom og yogasal. Her er ikkje lydisoleringa heilt ferdig enda.

Kommunikasjonssjef i Sammen, Marita Monsen, fortel at tida i kampsportrommet vil bli fordelt av Idrettsrådet til studentforeningane kvar dag etter klokka 15.00.

INNGANG. Her kjem du inn i det nye kamsportrommet.
WORK IN PROGRESS. Framleis ting å gjere på Sammen City.
MØLLE. Direktør for Sammen Trening, Bård Johansen, ser rundt på noko av det nye utstyret på huset.

Den nye etasjen vil også innehalde ei eigen PT-sone, ein ny testlab for testing av oksygenopptak og melkesyreterskel, og to behandlingsrom til fysioterapi og sportsmassasje.

LABORATORIUM. Her skal det føregå testing av blant anna melkesyreterskelen.

I tillegg til at heile 2. etasje er ny, er det også gjort oppgraderingar i den kjende 1. etasjen. Det er blant anna lagt eit nytt golv i frivektsområdet, og er kome fleire nye små garderobeskap som er tilgjengelege utanom garderoben.

GOLV. Litt rotete i første etasje grunna nytt golv i frivektsområdet.
GLER SEG. Marita Monsen og Bård Johansen fortel at dei gler seg til å vise til alle kundane kor fint det har blitt.

Kommentarer

kommentarer