– Jo dårlegare vêr det er, jo diggare er det

Laurdag 29. april var det duka for Bergen City Maraton. Nokre som har forberedt seg godt er springegruppa til det juridiske fakultet, Lovstafetten Bergen, og Marcus Conesa frå BTSI Løpegruppe.

Foto: Privat
Publisert Sist oppdatert

– Det er tradisjon, og me melder oss på BCM-stafetten kvart år. I fjor vann både MIX-laget vårt og damelaget vårt, og me håpar å gjenta suksessen i år, fortel Kristine Bjerkestrand Haugsvær (26).

Forventningane til helga manglar altså ikkje.

– Det er så digg etterpå. Jo dårlegare været er, jo diggare er det, fortel Marit Moen Fjeld (27).

Likevel understrekar dei at noko av det viktigaste er fellesskapet dei har i gruppa. Laurdag sprang dei Bergen City Maraton-stafetten saman for femte gang.

– Går inn med skyhøg sjølvtillit

Studentane fortel at uansett om dei vinn eller ikkje så vert det feiring etterpå. Årsvoll Undheim meiner at det er noko av det som er så fint med å vera student.

– Aldri startnummer utan alkohol, seier Vemund Ravnsborg Gurigard (28) og ler.

Likevel er det ikkje tvil om kva måla er. Vidare fortel Ravnsborg Gurigard at nivået er høgare enn nokon gong, og at dei dermed går inn med skyhøg sjølvtillit.

BØR VINNE: – Me bør vinne, slik me pleier å gjera! sa Vemund Ravnsborg Gurigard før løpet. FOTO: Svanhild Bøe

– Me bør vinne, slik me pleier å gjera!

Sjølv om gjengen har trena mot BCM, er det likevel ikkje det som er det store målet. Studentane fortel at dei har ei springegruppe som har eit høgdepunkt i året, nemleg Lovstafetten. Då spring dei mot juss-studentar frå Oslo.

– BCM er ein del av opptrappinga mot dette, for å sparke i gong sesongen, fortel Bjerkestrand Haugsvær.

I helga var håpet ifølgje Bjerkestrand Haugsvær i alle fall to pallplasseringar – kanskje til og med tre. Dei stillar med tre lag, to MIX-lag og eit damelag.

– Me har trena heile året, så får me sjå kva det held til, seier ho.

Med for det sosiale

Også Marcus Conesa (23) frå BTSI Løpegruppe, løpegruppa til Høgskolen på Vestlandet (HVL), har meldt seg på halvmaratonet til BCM. Håpet er ny personleg rekord, som vil seie å kome i mål på rundt 1 time og 25 minutt.

– Eg har aldri sprunge konkurranse før, og det vert spennande å sjå om eg greier å avgrensa meg sjølv nok til å ha energi til heile løpet, fortel Conesa.

Han understrekar at han er med i løpegruppa både for det sosiale og fordi han likar å springe. Sjølv om han ynskjer å plassere bra i puljen han skal springe med, så har han ikkje noko mål om å vinne.

– Eg veit jo kva som må til for å vinne. Då må ein ha sprunge lenge, jamleg og dagleg, meiner Conesa.

SOSIALE: Marcus Conesa er med på løpelaget for det sosiale. FOTO: Svanhild Bøe

Conesa fortel at før han vart med i BTSI Løpegruppe syntest han det var vanskeleg å kome seg ut når det var dårleg vêr. No er ikkje det noko problem lenger.

– Det som motiverer er nok det at me har ein fast plan for når me trenar saman. Dei andre møter jo opp, og då har ikkje du nokon betre grunn for å ikkje møte opp, seier han.

Pallplassering

Og pallplasseringar vart det. Damelaget til Lovstafetten kom på ein andreplass, medan det fyrste MIX-laget kom på tredjeplass.

– Me er veldig fornøgde. Det er sjølvsagt litt skuffande at det ikkje var siger, men det er ikkje noko eit par pils ikkje kan fikse, seier Bjerkestrand Haugsvær etter målgang.

Med 400 lag påmeldte vart det forståeleg nok litt kaos under vekslingane fortel ho, men det vart likevel godt løyst.

– No er det berre å hoppe i dusjen og ut på fest!

For Conesa fra BTSI vart det nesten ny rekord: med 1 time og 27 minutt på klokka da han kom i mål, kunne han seie seg fornøgd med god innsats gjennom heile løpet. Trass litt utfordringar ved start.

GOD GJENG: Stafettlaga til Lovstafetten er stolt over innsatsen. FOTO: Privat

For med fleire tusen folk i sentrum så er det ikkje lett å kome seg fram. Conesa måtte til slutt hoppe over barrikadane som var sett opp rundt løypa for å kome seg til start. Likevel rakk han ikkje fram, og måtte springe full fart for å nå igjen puljen han skulle springe med.

– Den fyrste kilometeren sprang eg kjempefort, det vart nesten knekken berre for å ta att gruppa mi. Heldigvis klarte eg det til slutt, og eg fann eit behageleg tempo eg klarte å halde.

Conesa ser ikkje vekk ifrå å delta neste år også, men først er det fest.

FORNØGD: Marcus Conesa, her saman med Ann Kristin Mosborn. FOTO: Privat

LES OGSÅ: UiB-instagramfenomenet avslører identiteten – og legger «memesene» på hylla

LES OGSÅ: Aprilslippene som får humla til å suse

Powered by Labrador CMS