Kvit januar? Nei, ikkje på meg.

Tenk å kunne fungere sju av sju dagar i veka.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en kommentar. Teksten gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

I følgje ei undersøking gjort av Av og til vurderer ein av fire nordmenn å ha kvit månad i januar. I følgje Av og til er gevinstane fleire:

– Finare hud.

– Lågare risiko for livsstilssjukdommar.

– Betre søvn.

– Betre minne.

– Pengar spart.

For å nemne nokon.

Eg er ein av dei fire. Eg kan kvalifisere som sober curious, som det blir kalla på TikTok.

Tanken kom i løpet av hausten. Kva med å slutte å drikke alkohol? 

Dette var ein reaksjon på at Helsedirektoratet gjekk ut og sa at dei ikkje kunne anbefale ei helsemessig trygg nedre grense for alkoholinntak. Det var òg eit resultat av at eg la merke til korleis eg reagerer på alkohol.

Dårleg søvn, dehydrering og mangel på energi i fleire dagar etterpå.

Det høyrdes freistande ut å sleppe dette. Å faktisk kunne fungere sju av sju dagar.

Men så kom spørsmåla frå djevelen på skuldra;

Kva med vinen som eg likar så godt? Kva skal eg drikke om eg ikkje drikk alkohol? Cola Zero? Korleis kjem folk til å reagere? Kjem dei til å oppføre seg annleis på fest fordi eg ikkje drikk?

Spørsmåla kverna i hovudet, og redsla for å trekkje til meg negativ merksemd i sosiale situasjonar vart større og større.

Januar kom og første nyttårsdag var eg bakfull. Tanken om å leggje frå meg alkoholen kom tilbake. Det utvikla seg til eit ønskje.

Med første nyttårsdag i horisontal stilling ferskt i minne vart ønskjet større og større.

På Debatten 4.januar sa Ingvild Tennfjord, vinjournalist og forfattar, at ho har kvit månad. Om ho kan, kan eg.

Men hennar motdebattant Gunn Helen Øye, tørrlagd alkoholikar og forfattar, fortalde at ein månad ikkje er nok. Ho tok til orde for 100 dagar utan alkohol.

Djevelen på skuldra står der enno.

Kan eg ikkje nyte eit glas raudvin om eg føler for det? Eg bør vel kunne lage mine eigne reglar? Det er ikkje sånn at eg kjem til å drikke ei flaske raudvin kvar helg heller.

Då eg vart vegetarianer for fem år sidan sa eg at unnataket var pinnekjøtet på julaftan. Eg åt det første året, vart dårleg, og har ikkje ete det etterpå. Eg ser føre meg at det kan bli noko à la det samme med raudvinen.

Skal eg først gjere dette, skal eg gjere det skikkeleg.

Kvit januar? Nei, ikkje på meg. Eg skal ha 100 kvite dagar.

Eg trur det kan bli enkelt. Ingen eller liten alkoholprosent, NoLo, er ei veksande trend i sosiale medium, og unge vaksne utgjer den største gruppa. Det er her eg skal henge meg på.

Vinmonopolet har også merka trenden og i fjor selde dei over ein million liter alkoholfrie drikker.

På ein fest før jul spurde ei venninne om kvifor eg drakk alkoholfritt. Eg svarte “eg er gravid”. Ho såg sjokkert på meg før eg avslørte spøken, og vi lo av den absurde tanken. Så forklarte eg at eg ikkje følte for å drikke den aktuelle kvelden, noko ho forsto. 

Det var trass alt ein onsdag midt i eksamensperioden.

Eg tenkjer at dersom nokon vert ukomfortable av at eg ikkje drikk på fest, er det deira problem - ikkje mitt.

Med det seier eg takk og farvel til tequila og vin, bakrus og fleire dagar med dehydrering, og hei god søvn, fin hud og sparepengar.

Powered by Labrador CMS