Bergen beste bortføring

Det var ein regnfull dag i byen mellom dei sju fjell. Ein sånn dag det alltid er i Bergen.

SJÅ!: Ser du og kven den skyldige er?
Publisert
GUNNAR: Krim fra krittida?

Gunnar Sinkesen hadde bestemt seg for å ta ein tur på museet. Han hadde fått det for seg at det ville vere ein lur plass å finne inspirasjon til si neste bok. Han var ikkje heilt sikker på kva for ein sjanger han skulle skrive. Det hadde jo gått så godt for han derene Kanusgården, og Sinkesen drøymde óg om å bli ein del av den litterære studentkanonen.

Utenfor museet vart han møtt av ein høg skarre-r. Det var jo sjølvsagt Paal Evergood Grung som hadde fått eit nytt prosjekt. Eller, det var ikkje sjølvsagt, men Sinkesen høyrte han fortelje om det då han passerte han ved Christiestatuen.

– Eg skal finne Bergens beste bymuseum, og rykte seie at dei har bergens beste sjokoladekake i cafeen, pip Evergood Grung.

Sinkesen stiller seg i billettkøen og håper han får kjøpt billett før Evergood Grung kjem inn på museet. Tanken på å gå gjennom huset med ein påverkar hakk i hæl var like grufull som at kvalen i tredje etasje hadde ein mage full av plast.

– Orsak, det burde eg jo visst, seier kvinna foran han i køen. 

– Alle studentar ved Universitetet har gratis inngang. Studenten ser berre ned i golvet.

Sinkesen derimot må betale 60 kroner, han får særskild forfatterpris. Museet vert så begeistra når dei skjønar at han er på inspirasjonsvitjing. 

– Eg vurderer å skrive krim frå krittida.

Sinkesen går inn. Han vert anbefalt å ta turen til skjelettrommet. I taket heng det eit kvalskjellett. Han har sett det før, men berre i media. Han vert utslått. Tenk at ein kval verkleg er så stor. At dei kretser uti havet rett ved oss. Støtt og stadig. Det er sjeldan ein får auge på dei. Og her, her heng han så romsleg og flott. Han går bortover medan han ser opp, og krasjar inn i arkeologistudenten. 

– Nei det beklagar eg verkeleg, seier han. – Ein får kanskje helse når ein får eit så brått fyrste møte? Gunnar Sinkesen trekkjer handa fram. 

– Eg heiter Grete Grav seier ho og tek handa. 

– Gunnar Sinkesen, han ser på ho med eit vonfullt blikk. Ho reagerer ikkje noko når ho høyrer namnet hans. Han spør om ho studerer noko kvalrelatert.

GRETE GRAV: Ho likar best å grave med kost.

– Nei, eg studerer arkeologi, seier ho med eit skuffa stemmeleie. Ho tek fram ein arkeologikost frå baklommen og byrjar å fikle med han, før ho fortset:

– Eg likar så godt å sjå på skjelett, det er difor eg valgte arkeologi. Eg likar best skjelett frå krittida. Dinosauar er så mytiske dyr. Tenk at dei har gått på same klode som oss. 

Ho ser i bakken. 

– Diverre er paleontologistudie berre ein vidareutdanning for ein biolog, ikkje arkeolog. Så eg forblir berre ein skåppaleontolog.

Det breier seg ei støvsky av kalk frå kosten til Grav. Sinkesen må le, kanskje har han funne ein potensiell ny lesar. Han fortrengjer latteren sin, men smiler når han seier: 

– Eg har lyst til å skrive krim frå krittida.

Ho ser han inn i auga for fyrste gong, og dei lyser. Ho opnar munnen for å svare, men det kjem ingen ord. I staden er kinna raude og ho drar halsen på sin høghalsagenser så tett opp at ho ser ut som eit svevande hovud. Sinkesen skjønar at dette er eit menneske som likar seg best blant dei daude. Han nikker til ho, prøver å seie med auga, at eg ber om orsaking for at eg snakka til deg. Så snur han seg og går vidare. 

I eit glasmonter ligg det fleire steinar langs ei lang tidslinje. Den strekk seg frå nåtida tilbake til det Sinkesen antar er den eldste tida. Det heiter Kambrium, dette har han aldri høyrt om før.

Alarmen går. Sinkesen ser rundt seg, han er heilt åleine i rommet. Eit lysande grønt skilt heng over døra. I trappa treffer han ein stressa Evergood Grung, han har kaffi sølt utover heile den kvite skjorta si. 

– Det tek seg ikkje ut på Instagram, seier Sinkesen. Evergood Grung ler ikkje. 

På Muséplassen treffer dei Grete Grav. Ho sit ved Christiestatuen og et sjokoladekake.

Evergood Grung kommenterer at det tydelegvis skal vere ei av byens beste.

Grete Grav nikkar og tørkar seg med handbaken i munnvika.

EIN PÅVIRKAR: Er alltid førebudd!

Evergood Grung tek så fram mobiltelefonen. 

– Brannalarm på museum, dette kan bli bra innhald.

I det han skal til å spele inn, kjem billettmannen løpande.

– Det har skjedd eit ran, skrik han.

Så høyrer ein lyden av opptaksknappen. Evergood Grung har tredd inn i rolla som direktesendt reporter. Geipen frå Sinkesen sin vits er bytta ut med eit brennande engasjement. Evergood Grung sender live på Instagram, får Sinkesen eit varsel om.

Billettmannen kjem heilt bort til dei. Han har eit finurleg blikk, han ser ikkje eigentleg stressa ut. Han prøvar å formulere ei setning, men vert stoppa av sin eigen latter. 

– Dei har tatt ein ting, ler han. 

Sinkesen har gjennom si fartstid som forfatter møtt mange merkelege menneske, og han veit frå sitt tidligare krimførearbeid at fryktresponsar kan vere verkeleg forskjellige. 

Sinkesen prøver å hjelpe han å finne orda, og stiller han eit retorisk spørsmål.

– Kva?

Evergood Grung vender mobilen mot Sinkesen.

– Dei tok T-rex hovudet. 

Skåppaleontologen og Evergood Grung ser på kvarandre. Ingen av dei møter blikket til Sinkesen.

Billettmannen ler så han gret. – Av alle ting, har dei klart å ta den minst verdifulle tingen. Ein gipskopi.

Skåppaleontologen ser ned på hendene sine, og gøymer dei bak ryggen.

Evergood Grung filmer endå. Gnisten hans er bytta ut med eit andlet uten farge.

– Med andre ord, de kan berre gå inn att, og nyte utsillinga.

I det de skal til å gå inn igjen skimtar Sinkesen ein kvit skikkelse på halvannan meter. Det stikk opp frå toppen av treet. Han skjønar at dette ikkje er eit menneske, men eit avlangt hovud. Vindauget i andre etasje er ope. Han går nærmare, og klatrar opp treet. Ein kjent lukt treffer nasen. Gipsen har fleire fingermerke, og Sinkesen skjønar instinktivt kven den skyldige er. 

OPENBERT?: Eller?
Powered by Labrador CMS