Børge Aadland er «Professor Sterk»
Børge Aadland er underviser i juss ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), og det er ingen nordmann som har fleire medaljar samanlagd i vektløfting enn han.
Aadland hadde allereie på 2000-tallet Noregsrekorden på 183 kilo i støt. I Noreg er han den som har deltatt på nest mest vektløftingsstevner.
– Han som har flest stevner er nesten 80 år. Kvar gong han ser meg stille på stevne så må han også stille, forteller Aadland og smiler.
Vektløfting skal vere kjekt
Studvest kjem inn til eit fullt treningsrom i Bergenshallen. Veggane ber eit preg av svettelukt, og golvet er litt klissete. Her er det ingen skam i å kaste vektstanga i golvet, og kvart smell gir god applaus frå gutta i lokalet. Linjeforeninga for Bygg og landmåling trener.
– Det er viktig at dei skal kunne le av seg sjølv. Le og ha det kjekt, seier Aadland.
Når linjeforeningen spør om Aadland kan hjelpe dei med å trene, seier han ja. Både til dei som vil byrje med seriøs vektløfting, og dei som vil ha eit grunnlag dei kan bruke vidare i crossfit eller anna idrett.
– Det viktigaste er å få folk til å ha det kjekt saman, seier han. Eg skal ikkje prøve å pushe det på andre, eg gjer det fordi dei vil, legger Aadland til.
Fleire av studentane Aadland har hatt på trening har valt å fortsetje med vektløfting, og to av dei har tatt medalje i NM. Aadland er sjølv snart femti år, og har vore på 420 stevner. Sjølv har han drive med vektløfting sidan han var 13.
– Eg var ikkje noko barnetalent, det tok lang tid før eg var på eit «ok» norsk nivå, seier han.
Ikkje ein mønsterstudent
Aadland vant medaljer i NM ungdom og vant NM junior, men det var ikkje før han vart student i Bergen at han fant ut at vektløfting var noko han ville satse på.
– Det var perfekt å gjere ved sidan av studier, så då gjekk eg «all in», fortel han.
Aadland er ikkje professor, men førstelektor i juss. Han er hovudsakeleg forelesar på institutt for bygg, miljø og naturvitenskap på HVL, men er òg å sjå på Dragefjellet, NTNU og NMBU, der han held gjesteforelesninger.
– Eg behandlar forelesningane på same måte som eg gjer med trening, kvar gong skal eg vere litt betre, seier Aadland.
Det var ikkje gitt at Aadland skulle fullføre studieløpet på jussen ved UiB, og etter kvart bli forelesar, for han var ikkje ein mønsterstudent.
– Om ein kombinerer juss, som har gjennomsnittleg 45 til 50 timer på lesesalen med toppidrettskarriere, så skjønar man kanskje at eg ikkje var i det same mønsteret som studenten med alle dei timane på lesesalen, seier han og flirar.
Ein heil kylling til lunsj
Aadland er tydeleg stolt når han på vektløftermatta kan fortelje om dei to siste åra på studiet då han blei Noregsmester.
– På landslaget fekk eg reist mykje. Eg dro til VM i Israel, Sverige, Finland, Danmark, og var trenar i Ungarn, fortel Aadland nostalgisk.
Når ein trenar fem dager i veka slik som Aadland gjorde, må ein òg ha i seg mykje næring. Trenden i dag er telling av protein, og forskjellige tilskot influensarar meiner ein «må» ha i seg. Aadlands kost på 90-tallet var noko simplare.
– Eg spiste tolv skiver til lunsj kvar einaste dag. Med tre skiver til frokost gjekk det nesten eit heilt brød kvar dag, kan han fortelje.
Dagen før stevne åt Aadland alltid ein heil kylling til lunsj. Då blei det lite tid til prating i pausa på Dragefjellet.
– Det var i den tida der norsk vektløfting hadde rydda veldig opp i forhold til anti-doping, sier han. Det var ekstremt fokus på å ikkje få i deg kosttilskot du ikkje visste kva var, legg han til.
Ein treng kun eit kosttilskot
For Aadland er denne ansvarleggjeringa av utøvarane viktig, også for dei han trenar.
– Eg råder dei til at det kun er eit kosttilskot dei treng. Alt anna får dei i seg igjennom mat når dei et ein vanleg norsk kost med egg, frukt og grønnsaker, seier han.
Unntaket er kreatin, som Aadland råder å ta som tilskudd fordi det ikkje er bra for kroppen, eller miljøet, å konsumere så mykje rødt kjøtt.
– Ein tek ikkje kreatin for å gjere opp for eit dårleg kosthold, men to gram om dagen i tillegg til vanleg kost hjelper med for eksempel restitusjon, seier han.
Aadland synast det er viktig å gi studentar moglegheita til å kunne distansere seg frå stillesittinga i lesesalen.
– Det å jobbe med kroppen, om det er vektløfting eller anna idrett, er veldig bra for oss, meiner Aadland.
Han trekk òg fram viktigheita av å kome ut av «bobla» ein kan ende opp i.
– Det er sunt å treffe andre menneskjer, i hvert fall i idrettar der kjønna trenar saman, seier Aadland. I klubben han trenar er det faktisk fleire kvinner enn menn.
Ikkje heilt kjendis
For ein månad sidan var det igjen NM i vektløfting, og sjølv med nyoperert kne etter slitasjeskader, var Aadland med.
– Det var ikkje ein planlagt operasjon. Hadde eg visst at eg måtte operere så hadde eg aldri meldt meg på, seier han.
Han er ikkje framand for skader, begge knea er operert, i nakken har han operert ein prolaps, og albuen er også operert.
– I forhold til kor lenge eg har holdt på så er det ikkje så mykje. Det er jo ikkje sikkert kor mykje lengre eg kan fortsetje å kvalifisere meg, så eg følte at eg måtte stille, fortel Aadland.
Dette NM-et blei Aadlands trettiandre på rad. Ingen har fleire NM-starter enn han. Han vil likevel ikkje kalle seg ein kjendis, sjølv om det var gøy når studentane leste seg opp på ham i forelesning.
– Eg gjorde ein «menti» i slutten av forelesninga, og då fekk eg spørsmål som «kva skal du gjere i helga» og «kor mange gull har du», då hadde dei nok funnet Wikipedia-sida mi, sier han med eit smil.