Desse stakk av med sigeren

Prisen for årets studentorganisasjon gjekk til ein liten utfordrar ifrå Stord. 

FORNØGD: Store smil bevisar det.
Publisert
UNDERHALDNING: Studentkoret Blandede Akademikere (BLAK) var på plass.

Første torsdagen i februar gjekk den årlege studentlivskonferansen av stabelen på studentenes kulturhus; Kvarteret. 

Klokka 19.00 byrja kveldsprogrammet, og slutten på ein lang konferansedag med diverse foredrag skulle fasast ut med tapas og kåringa av årets studentorganinsasjon for året 2025.

Ein gjev tittel som raskt kan gi konnotasjonar til tidlegare vinnarar som Studenthuset Meieriet (2022), friByte (2023) og Hf-revyen (2024). 

På lista over årets finalistar fann ein studentidrettslaget Råmund frå HVL campus Stord, Studentradioen frå høyden, Lurkarlaget frå HVL campus Sogndal, Uken frå NHH og SVI Ski og friluft frå UiB. 

Rundt klokka 21 vart det klart at Råmund stakk av med sigeren. 

– Eg har ikkje ord, kjem det frå Amalie Syre Sveinsvold, leiar i studentidrettslaget Råmund ved HVL campus Stord. 

– Det er heilt utruleg, eg veit ikkje korleis me har greidd dette, men samstundes veit eg jo det. Eg er først og fremst veldig stolt, legg nestleiar Khiem Nguyen til. 

STEMNING: God tone på Kvarteret.
JURYEN: Velferdstinget Vest og Sammen Studentliv sto for arrangementet.

Juryen frå Sammen og Velferdstinget Vest trakk blant anna fram det breie tilbodet som Råmund har greidd å gi studentane frå Rommetveit på Stord. 

Alt ifrå Via ferrata, til volleyballturneringar og eit inntektsbringande studentløp.

– Me har jobba veldig hardt for å kunne gi organisasjonen litt meir rygg, og har nytta dei siste åra til å skape litt fleire arrangement og tradisjonar, fortel Sveinsvold. 

Forrige semester stod styret frå Råmund blant anna i bresjen for eit «studentløp», kor fjorten løparar greidde å sanka inn over 58 000 til eit veldedig formål. 

– Det byrja som eit pilotprosjekt kor me og fire andre utdanningsinstitusjonar fekk vera med å arrangere eit «studentløp». 

– Medan andre institusjonar kanskje fokuserte meir på kilometer og kostymer, hadde me eit stort fokus på at arrangmentet skulle vera inntektsbringande, seier Sveinsvold.

Vidare fortel Nguyen at pandemiåra var krevjande for det yrande studentlivet på Stord, og at åra i ettertid har gått ut på å bygge opp att og vidare på det som ein gong var. 

– Etter covid endte det opp med at me måtte bygge opp idrettslaget ifrå botn igjen, og det har teke fire-fem år å få det slik som me har det i dag. 

– Det mange gode hjelparar som har bygd opp det me har no ifrå grunnen av, og det er me veldig stolte av, seier nestleiaren. 

Studentane har allereie ein viss peiling på kva pengegåva på 20 000 ifrå Sammen og Velferdstinget Vest skal brukast på.

– Me tenker å kanskje bruke pengane på ein gratis Via ferrata tur, då me tidlegare har måtta nytta budsjettpengar på det. Slik får me også vist fram det flotte nærområdet på Vestlandet til enda fleire studentar, seier Sveinsvold.  

HUMØR: Sveinsvold ropar «kvelden har berre byrja!».
Powered by Labrador CMS