– Eg er det ein kallar eit fredsbarn

For mange er Helge Jordal gjerne den første personen som dukkar opp i hovudet når ein høyrer ordet «bergensar». Få er meir meritterte i kulturbyen Bergen. Med sin rett-fram-stil og rockestjerne-look er det lett å legge merke til fargeklatten.

CAFE OPERA: Det seie seg sjølv at ein er ein legende når ein får rabatt på ein cafe berre fordi.
Publisert Sist oppdatert

Det er alltid noko som skjer rundt Helge Jordal. Han går sjeldan stille i dørene. Då studentopprøret starta i 1968 under Vietnamkrigen kasta han stein på den amerikanske ambassaden i Oslo. I nyare dagar teipa han over sin eigen stein i Bergens «Walk of Fame» i Nøstegaten. Alderdommen gjer ein meir rusten sjølvsagt, men Jordal er framleis lett i steget og rask i replikken.

Midtvegs i februar fyller han 80 år.

I den anledning har Studvest teke ein prat med skodespelarveteranen om det brennande engasjementet, livet som «raddis» i Oslo, saknet etter studentopprøra og korleis 2026 skil seg frå 1946.

Halv pris på Café Opera

– Dette er ein av dei siste hippe stadene att i byen, seier Jordal.

Han snakkar sjølvsagt om Cafe Opera på Engen. Ein kort replikk frå alle scenane i byen.

Det er framleis tidleg i februar. Sykkelen har han late stå att heime på «Høyden».

Mannen bak disken spør om den eine kaffien er til Jordal. Han får nemleg halv pris.

I det me set oss ned peikar Jordal på bygget over vegen kor det går føre seg ei omfattande renovering.

Den Nationale Scene. DNS. Hans gamle arbeidsplass.

– Der slepp eg ikkje inn døra ein gong, men det er ei anna historie, seier han.

Hus nummer fire

Bergen sentrum og alle gatene har vore ein del av han heilt sidan barndommen.

Jordal er nemleg, lite overraskande, eit ekte bergensk brusteinsbarn, fødd og oppvaksen eit lite sceneskift unna DNS. I Jonsvollsgaten.

– Eg vaks opp rett nede i gata, på venstre side. Der det jævla glashuset ligg, seier han medan han skildrar det nye Jonsvollskvartalet som har erstatta barndomsheimen. 

– Det var jo gamle hus, og det burde nok ha vore gjort noko med dei uansett, men å rive dei gamle husa for å byggje noko slikt, forstår eg ikkje. Eg melde det til politiet, dei lo berre, men eg er fødd der og kjenner ein nærleik til gata.

Han fortel at gata var ei travel handlegate, og at han vaks opp i hus nummer fire, rett over kortevaremagasinet der mora jobba.

– Det kom ein del jødar her på trettitalet, og fleire av dei opna butikk. Derifrå fekk mor mi jobb hos han eine jøden. Ho var truleg flink. Butikkeigaren likte mor mi godt, og ho fekk leige leilegheita over butikken. Dermed kunne ho gifte seg med far min.

– Far min var sjømann før han gjekk i land rett før krigen. Heldigvis. Han slapp å vere krigsseglar. Han kunne maskinar og fekk difor jobb innan jernbaneutbygginga.

– Og når er du er fødd no igjen?

– Eg er eit ekte fredsbarn. Eg er fødd 17. februar 1946, berre ni månader etter 8. mai 1945.

Måtte konte matematikk

Etter barneåra i Jonsvollsgaten flytta familien opp til Grønnestølen på Minde då Jordal byrja på skulen. Her fekk han fort si første rolle innan dramatikken.

– Det byrja på Minde skule då ei lærarinne sette opp eventyrspel i gymnastikken. Fleire vart ivrige, og eg fekk rolla som hoffmarskalk i Tornerose. Det var den første rolla.

– Eg var vel 11–12 år og gjekk i fjerde–femte klasse. Den opplevinga sette seg. Det fellesskapet, at me skal lage noko saman, og om me får det til eller ikkje – det er det eg held på med enno.

Frå Minde gjekk turen til Fana høgare kommunale allmennskule. Også her var det ei teatergruppe som Jordal raskt slutta seg til.

– Eg hadde det så godt at eg gjorde det bra på skulen utan å gjere noko særleg for det. Då eg var ferdig kom dei og sa: Du må halde fram, no må du ta gymnaset.

– Eg greidde så vidt å stå og måtte konte i matematikk. Etter gymnaset kom eg inn på Teaterhøgskulen, og då var det gjort – då vart eg verande i Oslo.

Jordal fortel om mange gode minne frå tida i Oslo og ved Nationaltheatret, mellom anna saman med Sverre Anker Ousdal, som han nyleg var i gravferda til.

Etter kvart blei det retur til byen mellom de sju fjell. Fire år på Teaterhøgskulen, eitt års praksis i Trondheim, og seks nye år i Oslo på Nationaltheatret, ga han ein god ballast. Resten er historie. Store roller på scena og i film med prisar og lovord. Kjendisfaktor.

Snudde opp-ned på skulen

Mannen som no fyller 80 år har opplevd store endringar. I eige liv. I verda rundt.

Han fortel om etterkrigstid, kald krig, Cubakrisa, jappetid, digitalisering og studentopprør – der han sjølv var sterkt delaktig.

– Studentane gjekk i spissen for dei fleste spørsmåla då eg byrja å følgje med.

– All motstandskamp mot imperialisme og undertrykking. Det var demonstrasjonstog, og møta for studentar var stappfulle. Det var alltid spanande på Studentersamfunnet, og me kriga saman med den ytste venstresida.

Studentopprøret frå 1968 står sterkt for Jordal, og han innrømmer at han saknar eit større engasjement frå studentane når det gjeld å ta opp kampen mot urett.

– Det byrja i 1968 rundt om i Europa, og det kom til oss også. Me gjekk på Teaterhøgskulen, og me også snudde opp ned på skulen. Me kravde meir demokratiske prosessar.

– Dei arresterte nokre, men ikkje meg

– Saknar du at ungdommen er meir opprørsk - slik de var?

– De kastar ikkje stein på dei store bankane som tyner dykk. Eg har vore med og kasta stein på den amerikanske ambassaden i Oslo under Vietnamkrigen.

– Dei arresterte nokre, men ikkje meg. Me ønskja ei betre og meir rettferdig verd og trudde på demokrati. Du kan godt kalle det naivt.

– Står mange av dei same haldningane dine fast den dag i dag?

– Ja, ein del av fundamentet står fast. Eg endar på venstresida. Fundamentet er organisert arbeidskraft mot kapital. Det kan ein ikkje tulle med.

– Fagrørsla må kunne samarbeide med kapitalen for å få det til å gå rundt, elles blir folk lurt. No ser vi det byrjar slik i Amerika.

– Og kva stemmer du, om eg får spørje?

– Eg stemmer kanskje meir taktisk enn du skulle tru. Han der alkoholikaren, med røter ifrå Island, som skreiv bok om alkoholisme – eg har vorte veldig glad i han. Han er kjapp i hovudet, viser at han står for noko og har demokrati i hjartet sitt.

– Eg kjem frå gata og kan forstå kva han seier. Det er politikk i det, og det er kjærleik i det.

– I mine auge er han ein gangster

– I nyare dagar teipa du over di eiga stjerne i Bergen Walk of Fame då John Fredriksen fekk plass ved sida av deg. Er du framleis like prinsippfast som i ungdommen?

– Han er ikkje norsk, ikkje bergenser. Han betaler skatt til Kypros og har sete inne. I mine auge er han ein gangster når det gjeld verdiar og samfunnet me lev i. 

– Og ved sida av han skulle eg stå? Eg var ein av dei første, det var difor eg sa ja.

– Det verkar som du framleis er svært aktiv og takkar ja til det meste – kvifor er det slik?

– Set eg meg ned no, er eg ferdig. Eg har halde på slik heile livet. Eg er veldig glad i å vere til.

– På medielinja ved universitetet har eg vore med som skodespelar utan betaling fleire gonger, og ein gong fekk me med Bjarte Hjelmeland. To av dei som var med den gongen, har no vorte skodespelarar, og filmen vart vist fleire stader i Europa, legg han til.

– Kva ønskjer du at folk skal sitje att med når dei høyrer namnet Helge Jordal?

– Eg er ikkje noko klok lenger, og det er ikkje sikkert eg har vore det før heller. Men det har alltid vore viktig for meg korleis framtida skal sjå ut og kva vi kan gjere med verda – det er difor eg kjempar for byen.

– Verdiane me har her, må vi ta vare på og bygge vidare på. Alle sider ved kulturen – bygningar, haldningar og meir. Kultur er mykje.

Powered by Labrador CMS