Flat kjærleikshistorie
Poppe serverar kvardagslivet på beste Fosse-vis, men manglar djupe karakterar.
«Kjærast», regissert av Erik Poppe, er filmatiseringa av Jon Fosses første originalskrivne filmmanus. Filmen sin premiss er i grunn ein urklisjé: éain mann og éi kvinne forelsker seg mens han enda spelar i band.
Seinare kjem barn inn i bilete, og han legg musikkdraumen på hylla. Han reiser til sjøs, blir fråverande frå familien, og parforhaldet forfell følgeleg.
Todimensjonale karakterar
At musikaren Asle tragisk nok har lagt frå seg gitaren blir understreka for sjåarane tallause gongar, alltid på ein forteljande og enkel måte. I ei scene mot slutten av filmen spør barnet hans:
– Kvifor var du så lenge borte?
Til det svarar Asle «Eg var på sjøen», som om ikkje heile filmen opp til dette punktet har gått til å klargjere nettopp det faktumet for sjåaren.
Mykje av det som elles ville vorte rekna som dårleg manusskriving, kan veljas å heidrast som typsike Fosse-karakteristikkar. Mellom dei todimensjonale og anonyme karakterar, samt enkel og repetitiv dialog.
Fotografiet er prega av idyllisk og storslått vestlandsnatur. Me synast å vere i ei tid med 70-talet sin estetikk, der TV framleis kallast «fjernsyn», men Radioheads 1993-album «Pablo Honey» allereie finst.
Forlet kvarandre
Til å begynne med er hovudkarakterane sitt einaste karaktertrekk å vere eit nyforelska par, før dei seinare går over til kategoriane avdanka musikar og einsam mor. Ingenting byggjer opp til, eller grunngjev den plutselege forelskinga mellom Asle og kona Gerd, men det er ein standard nyforelska-montasje for å utelukke all tvil om kva veg relasjonen går.
Udefinerlege karakterar kunne vore kritisert som ei årsak til publikum sin eventuelle mangel på kjenslemessig investering. Men sidan det er eit Fosse-manus, er det nok denne enkelheita folk kjem for.
Fosse sin minimalistiske framstilling av kvardagslivet har sin sjarm – det skal jo vere litt sånn oppstilt og banalt. Funksjonen til karakterane blir heller universelle representantar for den menneskelege opplevinga.
Fosse har i sin forfattarskap lagt vekt på det tause språket. Om denne filmen har eksemplifisert krafta i det usagte, kan diskuterast. Asle er riktignok ofte tom for ord, men det betyr ikkje at det er mange viktige og ladde pausar i handlinga. Det er heller litt for mange replikkar i forhald til kor innhaldslaus dei er, og kor lite dei tilføyer filmen.
Minneverdig avslutning
Som ein konsekvens av replikkane og eit ugunstig tempo, blir «Kjærast» tidvis svært langdryg og omstendeleg. Det er også ingenting som underbyggjer konfliktens høgdepunkt, og klimakset kjem litt ut av det blå i det som elles er flatskap.
Den mest gripande og gjennomførte scenen kjem mot slutten, og speler på det velkjende sitatet frå filmen «Paris, Texas» (1984): «Eg pleide å halde lange talar til deg etter du drog».
Denne allusjonen til «Paris, Texas» blir den rørande og minneverdige avrundinga som dei langdryge scenane så sårt trungne. Samstundes blir det også ein kontrast som fremhevar resten av filmens fråver av faktisk rørande augeblikk. Ein film med tittelen «Kjærast» burde fange kjærleik og forelsking betre enn dette.
Dersom man trekkes inn av Fosse, blir man nok ikkje skuffa. Her serveres store tema gjennom enkel minimalisme og formidla med vestlandsdialekt og nynorsk undertekst.