Frå gjennombrotsforsking til gjennombrotspasning
Med ei raus tilnærming har dei opna dører og blitt eit alternativt tilskot i studentidretten i Bergen.

På halvtanna år har dei gått frå å vera ti mann til i underkant av hundre spelarar i medlemslistene. No tek dei steget mot å bli eit ekte fotballag.
–Me hadde høyrt ein del historiar frå folk som har hatt ganske keisame opplevingar med opptaksprøver både her og der i studentidretten. Fleire har og sagt at dei opplever delar av studentidretten som «klikkete». Slikt som ein gjerne høyrer om frå amerikanske high schools, seier Nicolas Sanne.
Han er er ein av grunnleggjarane av klubben, og framleis i kulissane. Med i styret og keeper på laget. Han fortel om ein klubb med tydelege verdiar og klar visjon.
– Me ønskjer å vera ein motvekt. «Rokkan FK» er eit tilbod kor ein får høve til å sosialisere seg, spele litt fotball og treffe nye folk, utan at det skal vera så rigid.

Tek opp arva
Opptakta til klubbens suksess meiner han blant anna skuldast den uortodokse strategien. Klubben, som er laga av og for studentar ved institutt for samanliknande politikk (sampol) ved UiB, tek opp arva etter han som fleire ville ha peika på som instituttets mest innverknadsrike mann; Stein Rokkan. Den internasonalt anerkjende statsvitaren som la mykje av grunnlaget for forskinga på konfliktlinjer og partisystem i politikken. Klubben får difor namnet: «Rokkan FK».
Forteljinga om «Rokkan FK» kjenner Sanne betre enn alle andre.
– Ein formiddag eg og nokre studiekompisar sat og haldt på med ei innlevering, kom me på tanken om å starte ein fotballklubb. Eit lågterskelstilbod, ope for alle, som kunne vera eit alternativ til andre lag, der terskelen er litt høgare, og kor fleire opplever å ikkje få komme med.
Det har vist seg å vera ein solid suksessformel.
– Me har hatt ei stor interesse, ikkje berre på sampol, men på tvers av fakultet og skular. Me har til og med nokre studentar frå NHH med oss.
Rett før sommaren i fjor slang fleire stipendiatar, og til og med instituttleiaren Leiv Marsteintredet, seg med på trening.

- Me har fått ein veldig positiv respons frå instituttet, og eg mistenkjer at det er enkelte som synes det er rimeleg morosamt. På sampol får ein Rokkan inn med morsmjølka, og me i klubben kjenner på ei sterk tilknyting til både instituttet og Rokkan.
Mål teljer, promille avgjer
Gjennombrotsforsking i verdsklasse er no blitt til gjennombrotspasningar på eit høveleg breiddenivå. Sentrum – periferi konfliktar er bytt ut med slagkampar mot HF-laget som kallar seg «Øl og Offside».
Dessutan, er det ikkje lenger stemmer og ressursar som avgjer, men «mål teljer, promille avgjer», som studentane sjølv skriv så fint.
Med ei slik strofe, såpass integrert i klubbens identitet er det lett å få opp bilete som minnar om russetid og studentidrettens falma omdømme.
- Det er tydeleg at dette er noko folk vil ha, og eg vil oppmoda folk til å starte fleire slike lag, slik at tilbodet vert breiare, seier Sanne.
Tidlegare i vår spelte den rykande ferske klubben sin første kamp, mot nettopp: «Øl og Offside». Journaliststudentane i Bymag.no gjorde sitt for å skape kontroversar rundt idrett og alkohol, men Sanne kallar kampen for ein stor suksess.
- Det hadde vore «feitt» å få til nokre fleire kampar på sikt. Det vart ein stor suksess med denne campus-kampen mot HF i vår, og det gjer alltid godt å vinne fotballkampar, seier sampolaren og understrekar at i alle falldeira lag stilte edrueleg til kamp.
For tida ventar klubben på å få i boks registreringa som eit fullverdig idrettslag. Noko som kan verke å ta si tid.
– Offentleg forvaltning jobbar diverre ikkje i lysets hastigheit. Men me ser fram til å kunne nyte litt økonomiske midlar frå instituttet, velferdstinget og andre aktørar når den tida kjem, påpeikar Sanne.
Lite søramerikanske sambarytmar
Sanne står helst i mål på kunstgrasbanen på Gyldenpris kor treningane finn stad eit par gonger veka. På skuggesida, ved Puddefjorden og under Løvstakken trivst studentane.
– Banen og miljøet passar oss veldig greitt, men me skulle hatt litt større plass. Det byrjar å bli trongt, seier Sanne.
Til trass for lite glitter, glamour, hårband og sør-amerikanske sambarytmar, er det ei anna kjensle som veks fram når ein vert kjent med laget.
Dette er nok noko av det som får førti studentar til å stille opp ein kveld og to i veka, nokre i joggesko og gymklede, andre i retro-fotballdraktar og slepne Adidas Copa Mundial. For å spele fotball, mosjonere og kanskje viktigast; kjenne på gleda av å høyre til.
