Hvitmalt Gjerde tek eit nytt strøk

Med eit distinkt musikalsk uttrykk kapra Wergelands-gutane hjarter rundt om i Noreg i eit lite tiår. I 2018 stilna det. Lysa gjekk av. Sceneteppet vart trekt for. No er ventetida over.

EITT STRØK TIL: Hvitmalt Gjerde har gjenoppstått.
Publisert Sist oppdatert

Det er tid for øving i kjellaren på Bergens handelsreisendes hus. Eit kjend øvingsrom i følge gutane i Hvitmalt Gjerde.

Kulepennen er teken opp att. Dei skravlete tekstane, med skarre r-ar så graverande at dei får Helge Jordal til å høyrast ut som ein austlending, er attende. Med refreng så klissete at dei er umogleg å forstå seg på med under 0.5 i promille.

Stakittgjerde

Det gjerdet som dei byrja på ein gong tidleg i tenåra, under ein rusletur rundt Tveitavatnet får no eit etterlengta strøk til.

– Det var eigentleg berre eg og Fjeldstad og me var vel tolv-tretten år. Me gjekk mykje rundt Tveitavatnet og kødda, og høyrde på musikk me likte. Det var mange kvitmalte gjerder i området den gangen, fortel Sturla Kverneng. Han er trommis, og eit av tre «gjerder» i bandet.

– Du kan datere bandet heilt attende til 2007, gjennom Myspace-kontoar. Då laga me ein konto som heitte Hvitmalt Gjerde, kjem det frå vokalist Johannes Fjeldstad.

TRIO: Alle gode ting er tre.

Frå duo til kvartett til trio

Til liks med Kverneng er Fjeldstad også å kategoriserast som ein vaskekte Wergelands-gut. Bassisten Håvard Bakke er frå Landås.

– Me var først ein duo, så vart me ein kvartett i nokre år, då me slo gjennom. Så vart me ein trio i 2014, fortset han.

For problemfrie ungdomsår på Minde gjekk plutseleg over i filminnspeling, Noregsturnear og spelejobbar i utlandet. Dei var heite, og pusta på eit tidspunkt fleire etablerte frå Bergen sin musikkscene i ryggen.

– Musikken dykkar då, den skil seg vel litt ut, utan at eg skal skryte på meg å kunne så mykje om musikk?

– Det syns eg var en fin kommentar, den må du ta med, kjem det i frå trommisen på ny, saman med ein raus latter frå resterande «gjerder».

– Me er ikkje så skolerte. Eg og Sturla lærte oss å spele musikk saman. Det å leike seg med musikk er ikkje farleg, byrjar Fjeldstad, som i tillegg til å vere vokalist, også er gitarist og toneangivande i låtskrivinga.

– Det er mange som tek musikk blodseriøst, det skin litt gjennom. Me tek det seriøst, men på ein annan måte. Spelinga er ikkje så seriøs, men kanskje uttrykket, seier Bakke, som verkar å kopla seg på.

– Er de eit allsidig band?

– Me er nok allsidig, men me har nok ein distinkt sound. Det er eit 90-talls uttrykk, men me har hatt ulike fasar, og me har spelt sinnsjukt mykje musikk saman.

Så kjem historia fram om at gjengen eigentleg var eit heavy-meal band når dei var 13-åringar, og at dei krangla over kor «Iron Maiden-aktig» ein skulle synge.- Så var me innom stone-rock, men det første seriøse var nok litt indie-rock.

Intuitivt og organisk

I 2014 vart gruppa ein trio og vips så vart det plutseleg 60-talls liknande. Litt sånn wannabe Beatles, tek Kverneng til orde for.

– Så om eg har forstått det riktig er de er vanlege folk, som spelar litt av kvart og det er ikkje alltid den djupaste meining bak tekstane?

– Jo, det vil eg sei. Slik er det med kunst, tydinga blir til når det oppstår. Noko som er fort og enkelt kan også bli djupt.

– Me har vore innom så mykje, og me har vore flinke å fange augneblink me har stått i på ei gitt tid.

– Det er lite utspekulert, men intuitivt og organisk, legg bassisten til.

KOMPISGJENG: Som ung distanserer ein seg frå det meste, men vennskapet står stødig.

– Kjenner de dykk att i den bergenske rocke-kulten?

– Me kjenner til den og er vel på ein måte ein del av den. Likevel kjennes det ut som me har stått litt for oss sjølve heile vegen.

– Mange av dei bergenske artistane blir nok putta i same kategori, men eg trur det handlar meir om at ein er bergensk og dialekta ein synger på, seier Wergelands-gutane.

– Og bergens-blodet?

– Ein del band flaggar at dei er frå Bergen. Men for oss sitter det nok enda sterkare at me er ein kompisgjeng. Me kjem frå same bydel, med like referansar. Som ung likar ein å distansere seg frå alt og alle, og me og var slik når me var 20-åringar, fortset trommisen og vokalisten.

Ei modig avgjerd

Å slå gjennom i 17-års alderen ga full fart. Høgdepunkta vart fleire og større. Første gongen på Øya-festivalen i Oslo vart ein milepåle. Ungdommeleg overmot gav dei klokketrua og gjennomføringsevna dei trong på den tida. Ein København-gigg i 2016 vert peika på som høgdepunktet av samtlege, etter fleire månadar med skrivesperre og litt amper stemning i leiren.

– Den giggen gav oss skikkeleg motivasjon til å gå i studio og skrive siste albumet, «Våken», fortel Fjeldstad.

PLANLAGT: Å skjilje lag var planen i lengre tid.

– Kvifor skilte de lag, etter at de slapp siste plata?

– Det var me einige om før me slapp plata. Og det var akkurat det som var så befriande båe personleg og oss i mellom, at alle ville litt forskjellige ting. Så vart det litt sånn «me skal ikkje berre lage eit album og gi oss»-stemning. Noko som utløyste ei utruleg positiv og kreativ greia, utan å verte usamde. Me ville gi oss på topp, fortel Kverneng medan dei to til venstre nikkar seg einige.

Kan ikkje vente forlenge

I sommar fann dei attende til kvarandre. Omsider.

– Er de betre saman enn kvar for seg?

– Godt spørsmål. Eg har heldt på med eit eige opplegg, og Johannes har vært aktiv med sitt nye band, men eg kjennar på eit heilt anna «kick» når eg går på scenen med dette bandet enn andre greier. Eg veit ikkje heilt kva det er, seier Bakke.

– Ein får berre ein sjanse til å lage eit godt ungdomsband. Ein vert aldri 19 år igjen. Me er veldig stolte over at me laga eit band som me svevde på ut i 20-åra. Du trur du eiger verda, men etterkvart som du vert eldre blir illusjonar knust, men me levde i den vakre illusjonen.

– Nei, no nærmar oss Lindmo, kjem det i frå sidelinja.

Nyttårsaftan kom «det fjerde gjerdet», ein tidlegare ressursperson for gutane, på banen og høyrte om dei kunne tenkt seg eit comeback på Trevare-festivalen i Lofoten. Han nemnte nokre pengar, og gutane responderte. Det var ein perfekt plass å koste støv av instrument-koffertane og gamle Beatles-fakter.

– Me kan ikkje vente for lenge, då blir me grå i håret. Me måtte gjere det så lenge ein var lys i luggen.

Svevar de framleis litt på denne 20-års rusen?

– Me er liksom blitt tredve år no. Grunnen til at me har bestemt oss for å spele meir, for det var eigenleg ikkje planen, handlar nok litt om responsen me fekk, og litt det at det var til ein viss grad eit nytt publikum som no lytta, held bassisten fram.

– Får me sjå Hvitmalt Gjerde tilbake for fullt no?

– Nei. Gasspedalen er ikkje heilt nede. Det er to spelejobbar i haust. Men me har snakka om å møtast på nyåret og sjå litt kva stemninga er. Eg trur alle er einige om at me ikkje køyrer på med masse konsertar med mange gamle songar. Om me skal køyre litt på, blir det å lage eit album og lage litt ny musikk. Me spelar i haust, så bestemmer me oss, fortel Kverneng.

Mindre nevrotisk - meir stabil

– Er Hvitmalt Gjerde det same Hvitmalt Gjerde me fekk sjå for sju år sidan?

– Det er mykje som har skjedd. Ein har vorten vaksen. Som ung mann har ein mange lukka sider som berre ligg der og gjer vondt, utan at det får eit utlaup. Det er diggare å bli eldre. Ein er mindre nevrotisk, meir stabil og me kan planlegge litt meir, svarar Fjeldstad.

Tilboda og moglegheitene for spelejobbar ligg der, og den vaksnare og meir avslappa tilnærminga til det heile skal ha gjort det enklare å fokusere på musikken.

– Etter å ha fått smaken på det livet ein alltid drøymte om som ung, er det ikkje lett å la det liggja. Eg skal innrømma at det har vore litt vanskeleg å jobba i gjenvinningsbransjen og andre møkkajobbar i ettertid, og berre finne seg i at det berre var ein liten kort periode i livet, seier bassisten.

Elden frå sist gong var det framleis litt glør igjen i.

– Etter første øving på åtte år satt me berre å lo. Alt satt som når me var 13 år, kjem det i frå Kverneng som igjen er kjappast i replikken.

– Kva kan de røpa til publikum som vonar at de no held fram?

– Me får sjå etter spelejobben i oktober. Dette bandet har alltid vore veldig lystbetont. Det må alltid vera eit gir der. Slik som når me var i «Køben». Ein må vera på ein happy-stad.

Alle dei tre «gjerdene» har sidan sist dei stod saman på ein scene teke ein grad på universitetet. Andre prosjekt har det og blitt med kvar sine band. 

– For meg har det aldri handla om å leve av musikk, men heller å lage best mogleg musikk, seier vokalisten før han blir avløyst atter ein gong av makkeren:

– Det eg synest er så kult med Hvitmalt Gjerde er at til trass for musikken me lagar, klarte me likevel å komme på eit nivå kanskje ikkje den musikken eigentleg høyrte heilt heime på. Me skulle ha vore avfeia av P3 og alle dei der.

– Det har aldri vore ein sjanger, heller ei kjensle. Den beste musikken er heller ei kjensle. God musikk er vanskeleg å sette i bås, legg Bakke til.

EIGEN LYD: Den beste musikken er heller ei kjensle.
Powered by Labrador CMS