Må strekkje seg langt for å få kvardagen til å gå opp
Kven er den typiske studenten? Kven veit. Likevel er det nokre som skil seg meir ut enn andre. Religiøse reglar og sosiale normer er ikkje alltid samstemde.


– Eg kan ikkje vere så mykje med folka frå studiet mitt på fritida, når alt dei gjer er omringa av drikking. Eg er ven med dei, og eg les med dei, men dei har respekt for at eg ikkje kan delta på alt dei er med på, seie Hossain, som er muslim og informasjonsansvarleg for studentorganisasjonen Muslimske Studenter i Bergen (MSIB).
Ho kjende behov for ein annan sosial møteplass, med andre som deler denne opplevinga.
– Det norske samfunnet har fått litt meir forståing for mangfaldet vi har, som gjer det enklare å balansere mellom tru og studentliv. Likevel så er det ikkje slik at vi alltid kan gjere dei same tinga som andre studentar.
Midt i dette står MSIB, ein studentorganisasjon som sidan 2012 har arbeidd for å skape eit inkluderande fellesskap for blant anna muslimske studentar i byen. Gjennom sosiale samlingar, religiøse markeringar, hytteturar og idrettsaktivitetar har MSIB blitt ein sosial arena for dei som ønskjer å kombinere studentliv og religion.
– Det er mange studentar som fell utanfor studentmiljøet, når dei ikkje drikk alkohol. Vi opplever at fleire arrangement, slik som fadderveka, ofte handlar mest om drikking, seier Hossain.
– Vi har prøvd i fleire år å arrangere ei alternativ fadderveke, slik at vi kan vise at det er rom for alle i Bergen, seier Aysha Ahmed (19), som er økonomiansvarleg i MSIB.

Eit skjult fellesskap
Studvest blir invitert inn i moskeen på Dragefjellet, der vi får ein kort omvising av herreavdelinga. Moskeen er svært open og gjestfri, og vi er ikkje dei einaste som får ta turen innom. Skuleklassar og andre grupper kjem jamleg på besøk for å lære meir om islamsk tru og praksis.


Trass i denne openheita er moskeen godt skjult der den ligg. Frå utsida ser bygget ut som eit vanleg kulturhus. Det er først når ein kjem inn at ein blir møtt av teppelagt golv og vakre inskripsjonar på veggene.
– Muslimar er kanskje ikkje like synlege her i Bergen som vi er i Oslo. Eg føler dei har litt fleire moglegheiter enn oss, som eg trur kjem av at det er litt meir fleirkulturelt der, fortel Ahmed.
For få bønerom
Studentar flest skal først og fremst studere. Det gjelder også Hossain og Ahmed. Likevel kan religion gjere at ein må prioritere tida litt annleis. Jentene fortel at for nokre muslimske studentar er bøn ein del av kvardagen, men på Høyden møter dei ei utfordring: Mangelen på bønnerom gjer det vanskeleg å få kvardagen til å gå opp.
– Ei utfordring eg har merka er å halde oss til bønetidene våre. Det er ikkje lett å følgje trua si når ein må rekke førelesningar og kome seg til bønerommet for å be, fortel Ahmed.
Det er nemleg berre eitt rom på Universitetet i Bergen (UiB) som er tiltenkt bruk som bønerom. Det er eit relativt lite rom som ligg ved kantina i tredje etasje av Studentsenteret. Rommet er eit livssynsrom.
– Det er jo positivt at det er opent for alle trussamfunn, men du forstår at det kan bli trongt når ein presser fire religionar inn i det vesle rommet, poengterer Hossain.


Avstanden mellom auditorium og bønerom kan bli lang, avhengig av kva fakultet ein tilhøyrar. Det kan bli knapt med tid dersom ein berre har eitt kvarter pause mellom førelesningar.
– Eg har måtta springe for å nå bort til bønerommet og tilbake i pausen, som er ekstra utriveleg når det regner. Det er heller ikkje alle som forstår kvar eg spring og kva eg skal, seier Hossain oppgitt.
For ho blir dette ei praktisk utfordring i kvardagen, som gjer at dei ofte må finne alternative løysingar.
Fleire ønskjer også å vere åtskilde mellom kjønna når dei ber. Ei utfordring med å berre ha eitt bønerom er at ein ikkje alltid kan dele bønerommet. Dersom ein gut skal be, så må han vente til jentene i rommet er ferdige, før han kan gå inn.
– Vi kunne i det minste hatt eitt rom per bygg, seier Ahmed.
Ikkje kun muslimar
– Sjølv om vi heiter «Muslimske studenter» så er det ikkje slik at vi er lukka berre for muslimar, seier Ahmed og fortel at dei er opne for alle som er interessert i organisasjonen.
For MSIB er det viktig å tilby noe sosialt med ein låg terskel, der dei kan vise islamske verdiar.

– Folk kan ofte tenkje at Islam er veldig, på ein måte… radikalt. Men det er eigentleg det motsette. Vi er for alle, og dei sosiale arrangementa viser kor opne vi er, seier Hossain.
Ho fortel at det ikkje er uvanleg at folk blir overraska når MSIB ikkje er slik dei trudde.
Alkoholfrie samankomstar kan gagne studentar som opplever drikkepress. MSIB tilbyr ein arena der ein kan delta i sosiale aktivitetar utan at alkohol står i fokus. Det var ein viktig faktor då jentene sjølve vart med i MSIB.
– Eg fekk først vite om gruppa allereie på vidaregåande, så eg såg lenge fram til å vere med på aktivitetane som MSIB tilbyr, seier Ahmed.
Hossain visste ikkje kva MSIB var før ho prøvde det ut.
– Etter eg vart med på eit par arrangement så syntest eg det var så kjekt at eg blei medlem.