Pappagutar og bergensturistar

Ei ny veke – ein ny Studcast-episode.

UTE NO. Lytt til Studcast der du finn podkastar!
UTE NO. Lytt til Studcast der du finn podkastar!
Publisert Sist oppdatert

Du kan som alltid lytte til Studcast på iTunesSpotify eller ved å søkje på «Studcast» i podkast-appen din. Du kan også tune inn på kanalen til Studentradioen kvar måndag kl. 17, for å få helie sendinga – med musikk!

I denne utgåva snakkar me blant anna om korleis foreldra påverka kva for studium, utestad og artistar du som bergensstudent vel.

I ei ny undersøking har nemleg funne ut at elitestudium praktisk talt er uoppnålege for arbeidarklassa.

Den same undersøkinga har også funne ut at Gabrielle og Kygo er populære artistar ved kvar sin bergensinstitusjon. Klarer du å gjette kor dei ulike artistane høyrer heime?

Studcast har også stole ein artikkel frå ei anna studentavis i Bergen.

Levde Bergen opp til forventningane dine som ny student? Trudde du Bryggen var større? Var det førebudd på den trafikerte vegen som suser fordi den kjende verdsarven? Studcast-poddarane fortel om sine fyrste tankar om Bergen by.

I studioet er Hedda Kurseth, Magnus Laundal og Øyvind Myklatun. Produsent er Marius Hauan.

Ha ei fantastisk veke! Studcast er tilbake til same tid neste veke!

Studcast er ein samarbeidsproduksjon mellom Studvest og Studentradioen i Bergen.

Powered by Labrador CMS