Meninger

LUKE 18: Ein dag skal vi pushe 50

Sjølv om det freistar å finna ein «bad guy» i klimakampen, er det ikkje nødvendigvis konstruktivt.

BLAME GAME. Reddar vi eigentleg verda med å legga skuld på andre generasjonar? Illustrasjon: Lukas Hauge Klemsdal
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Apropos

Apropos er den frie spalta der Studvest-journalistane kan skrive om akkurat det dei vil. Språket er ofte i munnleg form, og med eit glimt i auget. OBS! Spalta har høy førekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med ei klype (nokre gonger ein neve) salt.

Jula er familiehøgtid. Dermed treff du onkel klimafornektar og tante Karen rundt bordet i år igjen. Og når det er tomt for smalltalk og akevitt kan diskusjonane gjera det vanskeleg å sjå julelysa i enden av tunnelen.

Særleg om du er ung med stort klimaengasjement, og føler at du klimabrøler mot ein vegg. Klimafornektelse er ei tolmodsprøve, og onkel er kanskje ein vegg. Men spør resten av slekta over 60 om klimakamp. Du kan få deg ei overrasking. 

«If you aren’t part of the solution you are part of the pollution» stod det på eit skilt i 1970, første gongen Earth Day vart arrangert. 

Boomers demonstrerte mot luftforurensing og biltrafikk i Oslo. Brukte sivil ulydighet mange år før Extinction Rebellion. Ja, dei køyrde på med olje – men hadde vi vore betre? 

Eg er usikker på kva som blir oppnådd med å skampålegga godt vaksne. Som om dei aldri var 20. Som om du aldri skal pushe 50 eller bikke 60, samtidig som ein yngre generasjon ikkje ser livet du levde før dei.

Når det gjeld global oppvarming skal det godt gjerast å unngå kunnskapshol. Og kunnskapshol kombinert med sterke kjensler er gjerne ikkje ei suksessoppskrift på godt debattklima. Ein skal ikkje halda kjeft for dét. Men ein kan vera bevisst på sin eigen forutinntatthet. 

Debatten har alltid vore prega av skuldfordeling mellom generasjonar. Polarisering er kanskje meir spennande, men i nyansane kan ein finna den gylne middelveg (ja, eg hadde seminarmodellen i ex.phil).

Eg trur ikkje at vi redder verda med å plassera skuld hos andre, verken opp eller ned i alder. Det treng ikkje å vera «same procedure as last year». Kva med å senka peikefingeren og legga generasjonskrigen på is i jula?

Det går begge vegar. Julehygge er å la folk ete vegisterkaka si i fred utan å ta det som eit personleg angrep på eige tallerkeninnhald – men òg å vera open for at oljearbeidaren i familien er eit menneske som gjer så godt det kan.

Nyt ferien, og hugs at nissen er ein kvit mann som pusha 50 for lengst. 

Powered by Labrador CMS