Måtte vente over åtte veker på karaktergrunngjeving

UiB fekk ikkje tak i sensoren.

IKKJE KONTAKT. Ikkje før eit par timar før intervjuet fekk studentane Tori Heitmann Jørgensen (til venstre) og Martine Jordana Baarholm vite at instituttet ikkje hadde fått kontakt med sensor.
Publisert Sist oppdatert

Samanliknande politikk-studentane Martine Jordana Baarholm og Tori Heitmann Jørgensen hadde heimeeksamen 4.–6. juni, og fekk igjen karakteren ein månad seinare. Begge bestemte seg for å be om grunngjeving for karakteren den same dagen som den blei offentleggjort på Studentweb.

Den 7. juli fekk dei ein bekreftelsesmail på at førespurnad om karaktergrunngjeving var under behandling.

Normalt skal det ta to veker før ein får grunngjeving. Samanliknande politikk-studentane måtte vente i åtte veker.

– Skuffande

Studentane fortel at dei mister litt tilliten til systemet når det oppstår slike situasjonar.

– Spesielt når det er så strengt med å levere inn eksamen for oss studentar, så forventar vi sjølvsagt også at sensor skal ta omsyn til sine fristar, seier Baarholm.

Ho fortel at dette har gjort at ho revurderer å klage på karakteren.

EPOST.– Det vi saknar spesielt er at vi ikkje har fått noko informasjon om kva som kan ha skjedd, sjølv om vi har sendt mange e-postar til instituttet, fortel Tori Heitmann Jørgensen.

– No er det nytt semester og vi har allereie venta så lenge. Då har ein ikkje lyst til å tenkje på slik lenger.

– Ligg det ei slags frykt for at dette skal skje igjen ved ei eventuell klage?

– Det hadde ikkje overraska meg om vi måtte vente minst like lenge på ei eventuell klage, men eg håpar det er eit eingongstilfelle.

23 studentar råka

Begge jentene er oppgitte og håpar at dei får ei grunngjeving på kvifor dei har måtta vente så lenge.

– Vi håpar at instituttet tar dette på alvor, og at dette berre er eit eingongstilfelle. Vi håpar at det ikkje skjer med andre, avsluttar Baarholm.

Det er ikkje berre dei to jentene som har opplevd forsinka grunngjeving.

Ifølgje instituttleiar på institutt for samanliknande politikk, Jan Oskar Engene, er det snakk om 23 studentar frå samanliknande politikk som ikkje har fått karaktergrunngjeving innanfor fristen på to veker.

Engene seier at dei har vore kjent med saka ei stund, og at kritikken mot dei er rettkomen.

Brot på lova

Ifølgje universitets- og høyskoleloven sin paragraf 5-3 som handlar om blant anna rett til grunngiving, står det at: «Grunngiving skal normalt vere gitt innan to veker etter at kandidaten har bedt om dette».

Det har altso ikkje skjedd i dette tilfellet. På spørsmålet om instituttet har brote lova med tanke på den informasjonen som har kome fram, og ifølgje universitets- og høyskoleloven (UHL), svarer instituttleiar Engene dette:

– Ja. Standard prosedyre er ikkje følgt her, så det er berre å beklage. Slik skal det ikkje vere.

Lite informasjon

Studentane Heitmann og Baarholm føler at dei ikkje har blitt tatt alvorleg av instituttet.

– Det vi saknar spesielt er at vi ikkje har fått noko informasjon om kva som kan ha skjedd, sjølv om vi har sendt mange e-postar til instituttet, fortel Heitmann.

FRIST. – Spesielt når det er så strengt med å levere inn eksamen for oss studentar, så forventar vi sjølvsagt også at sensor skal ta omsyn til sine fristar, seier Martine Jordana Baarholm.

Ho visar opptil fleire e-postar som tydeleg ikkje er blitt svart til.

Det eine unntaket er ein e-post som tikka inn på studentmailen til Heitmann eit par timar før intervjuet. Der stod det svært kortfatta at instituttet ikkje har fått kontakt med sensor.

– Det synest eg er merkeleg. Og om det er tilfellet, er det ikkje då instituttet sitt ansvar å finne ein ny sensor? spør Baarholm.

Instituttleiar Engene, bekreftar at dei ikkje har fått kontakt med sensor over sommaren fordi sensor har skifta arbeidsstad over ferien.

– Det har vore vanskeleg å informere studentane fordi vi ikkje har hatt kontakt med sensor. Då er det vanskeleg å finne ut kva presis informasjon vi kunne gitt til dei, seier han.

Powered by Labrador CMS