– Askeladden var nysgjerrig og open, det må du også vere

Utenriksdepartementet har omlag 600 utsendte diplomatar rundt om i verda. Fem av desse har tatt turen til Kvarteret for å prate om same jobb, men heilt ulik jobbkvardag. Dei jobbar alle med å beskytte Noreg sine interesser i ei uroleg verd.

DIPLOMATISK SAMTALE: Menneska som representerar Noreg sine interesser rundt om i verda.
Publisert Sist oppdatert

Studentersamfunnet inviterte måndagskveld til panelsamtale blant diplomatar som representerer Noreg i Kina, Jordan, Ukraina, Storbritannia og USA. Kvelden byrja med å høyre frå representantane om deira bakgrunn i den store og urolege verda. Til saman har dei jobba i alle verdsdelar og i fleire titals land.

TORE HATTREM: Diplomat i Storbritannia.

Stor forskjell i jobbkvardagen

Sjølv om dei fem diplomatane har same arbeidsoppgåve – å beskytte norske interesser, er det også klart at det er stor skilnad i kva dette betyr i dei ulike landa.

– For oss i Storbritannia har arbeidet mykje å gjere med handel og toll, spesielt etter Brexit. Jobben handlar også om å vere nærståande til blant anna studentar som er på utvekslingssamarbeid og nordmenn som ønskjer å studere i Storbritannia, fortel Tore Hattrem, diplomat i Storbritannia.

 

Anniken Huitfeldt, diplomat i USA, nikkar og legg til at det går mykje i å forsvare norske interesser innanfor handel, spesielt no når presidenten har sett opp tollsatsane til 15 prosent på Noreg.

– Og når det kjem til studentar og visum er situasjonen uheldig, men vi ønskjer at dette skal løyse seg snarast mogleg, fortel ho. 

Diplomat i Kina, Vebjørn Dysvik, fortel at det er alltid er viktig å klare å finne ein balanse mellom sikkerheit og bistand i landa.

– Medan i min diplomatstilling handlar det til tider meir om bistand og menneskerettar, fortel diplomaten frå Jordan, Mona Juul.

Det same gjeld for diplomat i Ukraina, Lars Ragnar Aalerud Hansen.

Menneskelege relasjonar

Sjølv om hovudoppdraget til diplomatane er å snakke om arbeidet dei har hatt, viser dei også til korleis deira jobb kan relaterast til studentar i den forstand at dei ofte skapar nye relasjonar i kvardagen. 

MONA JUUL: Diplomat i Midtausten.

– Det er viktig å ha ei nyansert forståing av alle partar. Du må kunne lytte, forstå og observere på lik linje som ein gjer elles i livet. Dette skal du klare å gjere samtidig som du tenkjer over korleis denne relasjonen kan hjelpe oss i Noreg, fortel Juul.

Dysvik forklarar at Kina er eit eksempel på eit land som ikkje er demokratisk, likevel klarer man å finne felles interesser. Til dømes er Kina også eit land med ein konstitusjon.

– Det er enkelt å ha fordommar, men ein må finne ein måte å formidle interesser til kvarandre og finne dei interessene ein har til felles, ved å respektere kvarandre. Gjer det så vanskeleg som mogleg for den andre parten å vere ueinig med deg, seier han.

Hattrem legg til at ein ofte må finne den indirekte og uformelle måten å nå fram på. Ein må observere kven som faktisk har makt og korleis samfunnet i landet faktisk fungerer.

– Dette kan vere i form av tenketankar, parti, forsking og ulike miljø, forklarar han.

Huitfeldt legg til at ein må vere nysgjerrig og vere oppteken av rykte.

– Eg har høyrd mange historier, men ein må klare å skilje ut kven som er sanne og ikkje, før ein tek det tilbake til Noreg, smilar ho.

Lær deg å lytte

I ein fullsett sal på Kvarteret er det klart for spørsmålsrunde og det er tydeleg at fleire studentar lurer på korleis dei ein dag kan ha deira jobb.

– Du må lære deg å lytte, då ikkje nødvendigvis berre til det som blir sagt, men også det som dei meiner mellom linjene, fortel Hansen, diplomat i Ukraina.

ANNIKEN HUITFELDT: Den einaste av representantane med politisk bakgrunn.

Juul seier også at det er betre å ha litt dårlegare karakterar og ha vore aktiv i studentorganisasjonar, enn ingen aktiv deltaking med berre A på karakterkortet.

Huitfeldt fortel at om ein ønskjer denne jobben, må ein også forstå kor krevjande den kan vere.

– Ein ofrar mykje, spesielt innan familielivet. Det er mange som ikkje har ektefelle, eller har ektefelle, som da har ofra litt av si karriere. Du må vere villig til å flytte på deg, noko som kan vere vanskeleg for nokon, fortel ho.

– Askeladden var nysgjerrig og open, på grunn av dette vann han kongedømmet. Det må du også kunne vere for å ha denne jobben, avsluttar Hattrem.

Powered by Labrador CMS