Bak kulissane på flyplassen sin grensekontroll

Fire studentar frå tollstudiet hos Universitetet i Stavanger (UiS) er i praksis på Flesland. Ein av dei fortel om erfaringar med ulovlege stoffar og mange kjensler.

SAMFUNNSBESKYTTAR: Emma studerar til å verte tollar. Dei skal sikra at det ikkje kjem ulovlege varer her til lands.
Publisert

Kvar einaste dag kjem det reisande frå heile verda til Bergen Lufthavn Flesland. Kjem du frå utlandet får du to val etter at du har henta baggasjen: Har du eller har du ikkje noko å deklarere? 

Her finn du fleire av dei mange tollarane ved flyplassen som jobbar for din tryggleik. Så langt i år har det vore 296 beslag på Flesland.

Ein av dei er tollstudenten Emma, som av omsyn til personvernet ikkje stiller med fullt namn.

– Kvar dag er ikkje lik

På Tolletatens kontor heng ein stikkvest som vegar elleve kilo. Sett opp mot belastninga av å bere vesten brukes han ikkje på flyplassen – den brukast på ferje der risikoen for eit angrep anslås å vere høgare.

Emma fortel at Tolletaten verkar som ein samfunnsbeskyttar for mellom anna privatpersonar og næringslivet. Dei jobbar for å overhalde Noregs lovar og reglar for grensekryssande varer.

HØYT TRYKK: To reisande vert teke inn til kontroll kort tid etter at flyet frå København landa.

– Ein jobbar for dei store beslaga når ein er ny – det er klart, bryt ho ut.

Samstundes skulle ho ønskje ein kunne stoppet alt som er ulovleg.

Møta med dei reisande kan vere ein krevjande del av jobben. Tollarane brukar «Google Translate» og teiknspråk for å kommunisera med dei reisande.

– Me møte menneske frå heile verda, kvifor dei er i Noreg er individuelt og noko me gjerne ønskjer å fastslå i dialog med dei reisande.

Nokre av dei reisande reagerer med kjensler, fortel Emma.

– Du kan møte folk som vert sint, dei kan bli veldig lei seg eller redde – dette må du handtere, seier ho.

I slike situasjonar fortel ho at sjølv om folk reagerer, må ho skilje mellom kjensler og arbeid.

– Kvar dag er ikkje lik og ein lærar noko kvar veke, det er veldig innhaldsrikt, fortel ho.

Slik avdekkjer tollarane dei mistenksame

Eit fly frå København har landa og bagasjebandet i innkomsthallen byrjar å fylle seg opp. Emma skodar ut mellom dei mange reisande etter mistenksomme personar.

OPNE AUGA: Emma fortel at dei reisande tek med seg all verdas ting på reise. Det er hennar jobb å stoppa dei som tek med noko ulovleg.

– Me ser etter avvik i oppførsel. Nokre gonger kan det vere magekjensla som avgjer.

Etter at ein person blir vald ut til kontroll, påpeiker Emma at tollerane fortset kommunikasjonen med personen for å høyre om historia er rett.

– Å ha ein dialog med den reisande kan vere vel så viktig, forklarar ho.

Dei reisande tek med seg mange ulike varer gjennom flyplassen som kjøtt, valuta og narkotika.

– Det er eit stort spenn i avvik, seier ho.

– Dreg du utanlands kan du kjøpe medisinar, anabole steroid og så vidare som ikkje er tillate i Noreg utan gyldig dokumentasjon frå lege, legg ho til.

Me forsøker å spørje om det mest interessante ho har sett til no, men dette vil ikkje Emma svare på.

Kanskje vert ho hundeførar

Når me blir teke inn på tollaranes kontor vert noko papirer snudd opp ned. Her er det absolutt fotoforbod.

Etter tida hennar på folkehøgskule visste ho ikkje kva ho skulle gjere vidare. Noko fekk ho til å velje tollstudiet ved Universitetet i Stavanger (UiS), men den mykje omtala TV2-serien «Tollerne» var ikkje den utløysande årsaka. 

HEMMELEG: Emma ønskjer ikkje å kommentere kva som er det mest interessante ho har sett i teneste.

– Eg har ikkje sett så mykje av «Tollerne», men eg trur det har bidrege til populariteten, seier Emma.

Ho forklarar at serien speglar kvardagen i Tolletaten, men spelar på dramatikken.

– Eg trur det har vore ein pådrivar som gjorde at folk opna auga for toll. Samstundes trur eg populariteten auka då det vart ein bachelorgrad.

Sjølv har ho det klart for seg kva ho ønskjer å gjere.

– Eg kan absolutt sjå for meg å verte hundeførar ein dag, men først ønskjer eg å lære så mykje eg kan om så mange område som mogleg, seier ho. 

Emma fortel at dei er fire studentar frå UiS som har praksis på Flesland. Ho skryter av miljøet på studiet.

– Ein vert utruleg godt kjend med dei andre på studiet. Det er ingen typar, me er alle veldig forskjellige, seier Emma.

Utdanninga har også noko for seg utanfor Tolletaten.

– Graden er også retta mot næringslivet, slik at ein skal kunne arbeide utanfor Tolletaten, fortel ho.

Sidan Tolletaten også jobbar med kriminalitetsnedkjemping ønskjer dei delvis anonymitet for deira tilsette. Difor deler ikkje Emma etternamn i denne saka. 

Powered by Labrador CMS