– Det er ikkje så luksuriøst som ein del trur

Frøya Skjold Sjursæther er berre 19 år gammal, men no sit ho på Stortinget. Den grøne politikaren streika frå skulen, vil verte journalist og elskar lounge.

OPP OG FRAM: Sjursæther har reist frå Bergens brusteinslagde gatar heilt til hovudstaden. No skal ho vere politikar dei neste fire åra.
Publisert

Det er dagen etter slottsmiddagen og vêret minne meir om Bergen enn Oslo. Kikkande ned mot Løvebakken er nyvald stortingsrepresentant Frøya Skjold Sjursæther frå Miljøpartiet dei Grøne (MDG). 

Først skrur me tida litt tilbake, til dagen Stortinget hadde si høgtidelege opning. NRK vart med Sjursæther den dagen og framstilte det som at ho vart forseinka til Stortinget. 

– Eg kom ikkje forseinka til Stortingets åpning. Media er «rigged». Eg kom forseinka til ein fotografering, fordi trikken var forseinka, seier ho i fyr og flamme.

Sjursæther vil påpeike at ho berre tøysar om at media er rigga.

STASELEG: Billedveven til Sissel Blystad prydar vandrehallen, Sjursæther ser opp mot det gullbelagde taket.

Streik, streik og atter ein streik

Som berre 19 år gammal kjem Sjursæther til å skilje seg frå mengda i nasjonalforsamlinga. Inngangen til politikken har kome over tid.

– Eg hadde aldri tenkt at eg skulle verte politiker, men eg har alltid vore oppteken av politikk før eg visste at det var politikk, seier ho.

Ein fredag i 2018 vart ho med på ein skulestreik i regi av Natur og Ungdom. Det skulle ikkje bli den siste.

MAKTA: Sjursæther tek det me berre kan kalle ein «power pose», samstundes som ho fortel om gårsdagens festlege hendingar.

– Eg trur eg streika meir enn 50 fredagar, poengterer ho.

Som ny representant på Stortinget har ho fått fleire nye erfaringar, og ei og anna overrasking.

– Det fortset å overraska meg kor hyggelege folk er på tvers av partia, seier Sjursæther.

Men det stoppar ikkje der.

– I går tok eg ein pils med kongen då, så «check!», seier ho med glimt i auga. 

– Eg drakk eigentleg ikkje pils, det er løgn. Det vart eit glas vin, innrømmer ho.

Vaksen som ung

Sjursæther fortel at det er vondt å gå inn i vaksenlivet og leve eit anna liv enn dei fleste venninnene hennar, men ho trivst godt med det.

STORT: Det er her i Stortingssalen at hjartet av det norske demokratiet ligg.

– Eg føler eigentleg ikkje at eg har skulket ungdomstida. Det har vore enkelt å kombinere eit vanleg liv med ein litt uvanleg jobb, forklarar ho.

Sjursæther har flytta inn i eit kollektiv saman med andre på hennar alder. For ein pendlarleilegheit vil ho ikkje ha noko med å gjere.

– Dei pendlarleilegheitane er sterile, berre du hadde hatt ein orkidé der, så hadde det vore heilt institusjonsstemning. Det er ikkje så luksuriøst som ein del trur, ifølgje ho.

Framtidsplanane etter stortingsperioda er framleis ikkje sett, men ein og annan idé har representanten.

– Eg har lyst til å studere på eit tidspunkt. Hvis eg ikkje hadde vore politiker, ville eg vorte journalist. Det er eit veldig viktig yrke, seier Sjursæther.

Frå skulebenken til stortingsbenken

Mange av dei på hennar alder er faktisk ikkje ferdige på vidaregåande – det same gjeld også Sjursæther. 

LØVEBAKKEN: Det er ikkje kun løvane som beskyttar politikarane. Skal du inn på Stortinget må du gjennom tre slusar og ein metalldetektor for å kome inn.

– Først skal eg setje meg inn i oppgåva som stortingsrepresentant. Eg har vorte valt som den eg er, ei jente utan fullført vidaregåande, seier ho.

Ho har vurdert å ta opp fag medan ho er i hovudstaden.

– Når eg har fått betre kontroll over kalenderen kan det vere eg tek opp noko fag samstundes, fortel ho.

I OECD har Noreg ein av dei minst utdanna nasjonalforsamlingane i organisasjonen. Det er ikkje noko problem, ifølgje Sjursæther:

– Stortinget var aldri meint å vere eit ekspertpanel, det er å vere ein miniatyrversjon av befolkninga. Eg har eit veldig avslappa forhold til min eigen alder og mangel på utdanning, seier ho.

Symbol er ein ting – reelle løysingar ei anna

Sjølv om venstresida vart vinnarane av valet no i haust, har ikkje regjeringa sitt statsbudsjettforslag fleirtal. Dei må forhandla med dei andre partia på venstresida. 

Sjursæther er klar i si tale, no må det bli endringar i klimapolitikken.

– Dei er nøydd til å gje oss noko for at me skal støtte deira budsjett. MDG har eit historisk mandat frå veljarane og det hadde vore unaturleg om ikkje natur og klima blir prioritert, seier ho.

Ifølgje representanten har regjeringa basert seg på symbolpolitikk. No som dei grøne har vind i segla skodar ho ei anna retning.

– Eg trur dette betyr at klima og natur ikkje lenger behandlast som ein meny der du berre kan velje bort alt du ikkje likar, seier Sjursæther.

Ho meiner at den noverande klimapolitikken ikkje bidreg til det grøne skifte. Ho ønskjer reelle løysingar der klima er ramma kring all politikk.

ETTERTRAKTA: Sjursæther fortel at ho har verte kontakta av fleire titalls medier sidan ho kjem på Stortinget.

– Eg synest at alle som stemte på Arbeidarpartiet i 2021 har god grunn til å vere skuffa over den klimapolitikken som har vore ført dei siste fire åra, hevdar ho.

FEM KJAPPE:

Kva er din favoritt-emoji?

– Tommel opp 👍, eg trur det er den eg brukar mest. 

Kva er ditt personlege «red flag»?

– At eg brukar for lang tid på å svare på meldingar.

Er du det du tenkjer, eller det du gjer?

– Eg er det eg gjer, det følest som sjølvskryt, men eg vil sei det.

Kva er din hobby?

– Eg har ikkje hobbyar – berre politikk. Eg er dårleg på alt annan enn politikk, det er det einaste eg er god på i livet.

Korleis går det med kjærleiken?

– Det går heilt passe – det går ikkje så bra. Eller… det er veldig nøytralt. Ah, så flaut, så flaut!

Sjølv om ho skal arbeide for klima, kan også ho nyte godt av å gjere noko ikkje så miljøvenleg.

Sjursæther har tidlegare sagt til underteikna følgjande: – Eg prøvar å ikkje fly så ofte, men når eg gjer det, er det beste eg veit å vere i loungen på Gardermoen. Der er det alkohol og mat så lenge du vil. Det er heilt fantastisk!

– Kva tenkjer du om det utsegna?

– Eg synest det er eit forbilledleg utsegn og står ved kvart einaste ord! Du kan ete så mykje du vil og «chille» mykje meir enn i ein stiv restaurant på Gardermoen. Så det er eit fantastisk sted å vere, fortel ho entusiastisk.

Politikk på skjener

I år har regjeringa vald å ikkje utlyse nye lisensar til havvind-næringa. Dette har sett ein stopp for utviklinga. Heilt feil veg å gå, spør du Sjursæther:

– Havvind er kanskje den tristaste debatten me har for tida. Ein skal droppe alle havvindprosjekter og slutta med å subsidiere den, fortel ho.

UTSIKTA: Sjursæther skodar utover Spikersuppa, i horisonten kan ho sjå mot slottet ho nyleg har besøkt.

– Regjeringa brukar mykje pengar på å kjøpe kvoter i utlandet og elektrifisere sokkelen. Begge dei tinga forsinkar den grøne omstillinga, seier Sjursæther.

Ringeriksbanen har vorte kalla Vestlandets viktigaste prosjekt på Austlandet. Prosjektet inneber å byggja ein ny jernbane frå Hønefoss til Sandvika. Dette kan kutte reisetida på Bergensbanen med kring ein time.

– Me er absolutt for Ringeriksbanen, men då er det viktig at det ikkje betyr meir motorveg i tillegg, understrekar Sjursæther.

– Men er det noko dykk skal prioritera?

– Eg skal ikkje plukke enkeltsakar som me skal prioritera i forhandlingane, men det ligg på blokka.

Powered by Labrador CMS