– Det er tullete å bestemme kva andre skal ete

Leiaren i Senterungdommen, Nils Forren, kallar vegetarkosthald «tullete», han er minst mogleg i Oslo og vil slå ned på bruken av narkotika i Noreg.

GRØN MANN: Nils Forren har vore leiar for Senterungdommen i snart eit år.
Publisert

– Gilde pølse, é bra!

Det fortel leiaren i Senterungdommen, Nils Forren, med ein tjukk trønderdialekt mellom reolane på Kiwi i Strømgaten. 

I november vil det vere eit år sidan Forren tok over som partileiar. Han beskriv det som eit år han aldri vil vere forutan. 

– Det å leie eit ungdomsparti er mykje arbeid, men det har vore veldig artig, seier Forren.

Utan håp – kjem du ikkje langt

Vegen til politikken starta i Forrens ungdomstid i ei lita grend i tidlegare Snillfjord kommune. Politikarane i kommunen ønsket å leggje ned grendaskulen Forren gjekk på – det ville ikkje Forren ha noko av.

FEM KJAPPE:

Favoritt-emoji: – Den latter-emojien med tårer ut av auga. 😂 

Personlege «red-flags»: – Eg har enormt høg skjermtid og «streaksnapper» folk i 2025, det har eg høyrt kanskje er ugreitt. 

Er du det du tenkjer eller det du gjer?: – Man er dessverre det man gjer. Man er resultatet av sine handlingar, ikkje det man tenkte før det.  

Hobby: – Eg er glad i å spele trekkspel, trene, glad i å løpe – løpebølgjen har teke meg også. Og det vanlege som å lese bøker og sjå seriar.

Korleis går det med kjærleiken?: – Overraskande bra! Det er ein grunn til at eg er i Bergen. Eg trur me berre seier øl, sommar og god stemning. 

– Det var viktig å melde seg inn i politikken for å jobba imot nedlegginga av skulen. Derfor vert det Senterpartiet.

– Fekk du gjennomslag?

– Skulen består framleis, fortel han med eit smil om munnen.

Sidan 2020 har Forren vore lektorstudent ved både Nord Universitet i Levanger og på NTNU i Trondheim. No er han i permisjon frå studia for å fokusere på politikken på heiltid.

– Eg har alltid jobba mykje med politikk, og har kanskje vore litt for lite på Oscars, puben i Levanger sentrum. Men eg har vore ein veldig aktiv debattant i førelesningane. 

Ein bygdegut i livet skull’ alle ha

Til avisa Framtida gav Forren følgjande sitat: – Eg gjer alt eg kan for ikkje å bli ein Oslo-borger. 

– Oslofolk må få vere seg sjølv, eg hald fast på den bygdeguten eg er. Det gjeld klesstil, oppførsel, kor eg er og kva eg gjer. Eg er i Oslo så lite som mogleg for å ikkje miste røtene mine. 

Som leiaren av Senterungdommen er Felleskjøpet-dressen nærmast obligatorisk.

– Ja, sjølvsagt har eg det heime, fortel han gladeleg.

Ønskjer klimatoll på importerte varer

Den siste tida har tollpolitikk skapt overskrifter i media. Senterungdommen ønskjer «klimatoll» på varer som kunne vore produsert i Noreg, men vel å importere. 

– Det er veldig viktig at man produserer matvarer i Noreg og at man har toll på dei. Me skal produsere i fredstid så man også kan kjøpe dei i krisetid, fortel leiaren.

NORSKPRODUSERT: Forren ønskjer at me et mest mogleg norsk mat, han oppfordrar til å sjå etter «Nyt Norge»-merket.

I dag er det 443 prosent toll på import av mjølk til Noreg. 

Han rettar skulda for dei aukande matvareprisane norske forbrukarar no opplever, til daglegvarebransjen.

– Me har sett utbytte til Kiwi-sjefane, det er rom for dei å setje ned matvareprisane. Senterpartiet ønskjer å setje ned meirverdiavgifta på mat – det gjer den billegare. Det som er bekymringsverdig og som mange kritikarar seier, er at då kjem matkjedene til berre å setje opp prisane igjen.

Eit anna problem er den aukande importen av billege varer frå Kina. Forren trekkjer fram tenesten Temu som eit problem. 

– Du kan kjøpe ting på Temu for 7-8-9-10 kroner, det inneber barnearbeid, enorme CO2-utslepp og er ganske kvalmt.

Han har aldri brukt tenesten, men netthandel har han drive med.

– Eg kjøpte ting på eBay då eg var 16. Ein Make America Great Again-caps – det var jo heilt openbert på «lættis», understrekar han. 

Eit oppgjer med vegetarkost

Det siste året har «norskitarianaren» Dordi Lerum, som også er medlem av Senterpartiet, skapa nyheiter for å berre ete norsk mat. Forren heiar fram Lerum og meiner ho er eit førebilete som ein kan hente inspirasjon frå. 

– Det var hennar nyttårsforsett i 2024 å berre ete norsk mat heile året. Det greidde ho og det er heilt fantastisk, fortel han.

TOLL: Partiet ønskjer å innføre klimatoll på utanlandske matvarer me kunne produsert i Noreg.

Forren trekkjer opp ein anekdote frå eit tidlegare Senterparti møte der metoden til Lerum vaks fram.

– Drar du på arrangement vert du ofte spurd om du har nokon matpreferansar. Viss du er laktoseintolerant, glutenallergikar, vegetarianar eller veganar kan du setje krav til kjøkenet. Då begynte Dordi å skriv: «Et berre norsk mat», seier han humrande.

Sjølv om han heiar fram Lerums metode, er han ikkje like glad i alle typar kosthald.

– Viss ei gruppe av samfunnet kan setje det eg meiner er tullete etiske grunnar til å ikkje ete kjøtt, då vil me seie at me ikkje vil ete importert mat. Det synast eg eigentleg er meir rasjonelt. 

I lys av det urolege verdsbilete me lever i, meiner Forren at lokal matproduksjon er enno viktigare enn før. 

– Gjennom sine forbruksvarer kan man støtte opp om den norske bonden, norske distrikt og norsk innanlandsindustri. Det er viktig at ein er bevisst på god beredskap.

Krigen mot narkotika

Forren ser på den aukande bruken av narkotiske stoff i samfunnet som ei urovekkande utvikling.

– For det første ser man ein normalisering av narkotika i samfunnet. Folk seier at cannabis er mindre farleg enn alkohol, samtidig som politiet sjølv fortel at dei har færre verkemiddel. 

VEGETAR, NEI TAKK: Forren vil støtte den norske bonden, men å berre ete vegetarmat er tullete, ifølgje han.

– Alle ungdomar testar grenser – eg har testa grenser sjølv, men nokon må set ned foten og seie «Hit, men ikkje lenger.», uttrykkjer Forren.

Han lovar eit oppgjer med utviklinga. 

– Det skal bli lett og trygt å sei «nei», for det er ikkje lov. Derfor skal me slå hardare ned på det. Me tar til orde for narkotikahundar på vidaregåande skuler og at politiet kan bruke spyttprøver i meir utstrekt grad enn i dag. Me vil ikkje ha narkotika i samfunnet vårt, slår Forren fast.

– Så prioriteringa til politiet burde vere gjengkriminaliteten, ikkje å gå etter spesifikke individ? 

– Ja, politiet bør ta bakmennene óg. Folk seier det er «buhu, vondt, stakkars meg», men det er ikkje noko «stakkars deg» å få ein narkotikahund på ein vidaregåande skule om du ikkje har kokain i skapet ditt. 

Kva med studentane? 

I 2024 då Senterpartiet framleis sette i regjering, senka dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel løyvingane til høgare utdanning. 

GLAD: Leiaren finn norske tomatar – han er nøgd.

Forren ser ikkje dette som eit problem: 

– Eg trur ikkje Oddmund Hoel – som heilt openbert er ein akademikar – kuttar fordi han synest det er gøy. Men fordi politikarane i framtida er nøydd til å prioritera pengane litt meir. 

Han dreier vidare ut om høgare utdanning. 

– Det er rom innanfor høgare utdanning å prioritera pengane sine betre. Ola Borten Moe sparka heile styret i Forskningsrådet på ein dag fordi det var avgrensa aktivitet på korleis man brukte pengane, fortel han.

I 2022 kasta statsråd Ola Borten Moe heile styret i Forskningsrådet, han meinte dei ikkje handterte forskingsmidlene godt nok. Fleire forskarar har uttrykt skepsis mot avgjerda for å skapa uro for forskingsmiljøa. 

I etterkant av avgjerda den 12. mai 2022, skreiv UiB-rektor Margareth Hagen, følgjande på Twitter (X):

– Dette skapar stor uro, usikkerheit og risikerer å skade norsk forsking.

KJEMPER: Oppslutnaden om Senterpartiet har lege lågare enn Forren ønskjer, han vil arbeide for at pilane skal peike oppover.

Senterungdommen er for ei utmelding av EØS-avtalen – det inneber også Erasmus+ samarbeidet som mange norske studentar nyt godt av. 

Forren ser ikkje bort frå at han kan ryke. 

– Her blir me veldig ideologiske, fordi me hatar EU. Senterpartiet ønskjer å erstatte EØS med andre handelsavtalar. Det er også viktig å seie at det kjem studentar til Noreg utanfor Europa også, samtidig er det mange norske studentar som studerer i USA utan å vere med i Erasmus+.

Me skal bore meir

Partiet meiner at Noregs olje og gass næring skal utviklast, ikkje avviklast.

– Me ser at Europa har målsetjingar om å bli fri for olje og gass, det er eigentleg heilt urealistiske klimamål, meiner han.

Han uttrykkjer at partiet skal arbeide for ei grønare framtid for Noreg, men saknar ein meir rasjonell debatt om klimapolitikken. 

– Noreg har levert 2030-mål til Parisavtalen, det er skjerpande i seg sjølv. Kvar gong du skal levere nye mål må dei vere skjerpa og strengare, men du kan utsetje dei, seier leiaren og fortsett:

– Det manglar i norsk offentlegheit ein ærleg samtale om korleis me skal nå klimamåla.

Sjølv trur ikkje Forren me når dei, men han har ikkje gitt opp.

– Kva om me brukar norske pengar gjennom eit forum til å finansiere karbonfangst- og lagring, eller til å hjelpe Polen gå frå kol til gass? Då ville dei kutte CO2-utslepp så det monar, Noreg ville tent pengar på det og det ville vore rasjonelt å gjere det, meiner leiaren.

Problemet er utanforskapet

Tall frå Nav viser at over 100 000 unge vaksne verken er i arbeid eller utdanning. Forren meiner dette er eit av Noregs største problem, men i følgje han må også individet gjere noko sjølv.

– Folk må ta seg litt saman. Me treng fleire hender i arbeidslivet for å førebu eldrebølgja som kjem. Det er heilt forferdeleg at folk på 19 år ikkje kjem seg i arbeid eller utdanning. 

Leiaren meiner det vart enklare å starte i arbeidslivet før i tida. Dette kan ha bidratt til at færre fall utanfor før enn i dag, meiner han. 

– I eit kompetansesamfunn fall enkelte utanfor. Me må finne ut korleis me best mogleg kan leggje til rette for at folk kjem i arbeid.

Forren utdjupar om arbeidslivet:

– Debatten om tullestudium er veldig interessant. Som stat må me prioritera folka våre i framtida. Me har ei god ordning med Lånekassen, men det er også for mange som sosar bort 20-årene på «Eg veit ikkje kva eg skal bli?». Dei kjem aldri heilt i gang, legg han til. 

ANNA VEG: Noreg går i feil veg ifølgje Forren, han meiner sentraliseringa er hovudårsaka.

Jobbar i motbakke

Meir høgrepolitikk er ikkje vegen å gå, ifølgje Forren:

– Eg er også uroa i denne tida der me treng fleire lærarar og sjukepleiarar, så valde høgreregjeringa å leggje ned fleire studiesenter i Noreg. No har ein oppretta fleire desentraliserte studiesenter.

Det meiner han har gjort utdanning meir tilgjengeleg i Noreg.

Senterpartiet har i lang tid slite på meiningsmålingane. Forren verkar ikkje uroleg av utviklinga, tvert imot ønskjer han partiet tilbake til maktas korridorar. 

– Senterpartiet er eit parti som skal søkje makt, me har vore nest mest i regjering etter krigen. Derfor er det viktig å finne ut korleis me skal kome tilbake i maktposisjonar, meiner han.

Powered by Labrador CMS