Fem av seks NSO-kandidatar er frå Oslo
Valkomiteen i Norsk studentorganisasjon (NSO) har peika ut seks kandidatar som kan bli studentanes øvste represenantar, men kun éin av seks studerar utanfor Oslo.
Valkomitéen, leia av Kaja Ingdal Hovdenak, innstilla fredag Eva Franko Aas som deira leiarkandidat i NSO. Aas er i dag leiar for Studentunionen på Høyskolen Kristiania.
Aas, samt fem av dei andre kandidatane, studerar i Oslo. Det er kun fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg kandidat Nina Øglænd Johnsen, som ikkje tilhøyrer hovudstaden.
Med andre ord er det ingen kandidatar nord for Oslo som er innstilt av valkomiteen.
– Skjønar kor viktig det er å representere
Leiarkandidat Eva Franko Aas seier til Studvest at ho forstår godt at det kan vere ei utfordring med eit arbeidsutval som ikkje representerer heile organisasjonen.
– Eg sit likevel som studentleiar for fleire byar, både i Oslo og Bergen. Difor skjønar eg kor viktig det er å representere og fange opp alle perspektiv i NSO.
Ho peikar på at mykje handlar om kva ein gjer når ein trer inn i vervet, og at ein må jobbe for å gjere seg meir tilgjengeleg for medlemslaga.
Vidare viser ho til diskusjonen om å flytte NSOs landsmøte til Oslo, noko som har fått kritikk for å vere Oslo-sentrert.
– Det er synd. Eg vil jobbe for å få det reversert, seier Aas.
Ho meiner det ikkje nødvendigvis er eit problem at dei fleste kandidatane er frå Oslo, men at utfordringa ligg i kvifor ikkje fleire utanfor Oslo stillar.
– Det er ein terskel når ein må flytte til Oslo og setje livet på vent, langt frå der ein studerer. Eg meiner det påtroppande arbeidsutvalet bør leggje betre til rette for større geografisk spreiing blant kandidatane som still til verv.
Avslutningsvis seier ho at det truleg kjem ein debatt om NSO er for Oslo-sentrert, og at ho meiner det er positivt.
Majoriteten utanfrå Oslo
Ifølge NSOs egne vedtektar, skal valgkomiteen innstille kandidatar som tek hensyn til geografisk spreiing.
I 2024 studerte det 48.000 studentar til saman på Universitetet i Oslo og på OsloMet, ifølge tal frå SSB.
Likevel befinner majoriteten av landets studenter seg utanfrå Oslos bygrensar.
Hjå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) er det 42.000 studentar spreidd på campus i Trondheim, Gjøvik og Ålesund. Hjå Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet studerer det 36.000 studentar til saman.
Dette utgjer rundt 78.000 studentar utanfrå Oslo.
– Oslo blir i overkant betre representert
Kaja Sandvik, leiar for Studentparlamentet hjå Universitetet i Bergen, meinar situasjonen er uheldig.
– NSO har tidlegare fått kritikk på at representasjonen kring Oslo er betydeleg større enn elles i landet. Men det er viktig at dei andre lærestadane også blir sett.
Leiaren fortel vidare at vedtektane til NSO er klare på at ein skal ta omsyn til geografisk spreiing. Ho synes det er merkeleg at det ikkje er fleire kandidatar frå andre stada enn Austlandet, spesielt frå Oslo.
– Det er tross alt veldig gode kandidatar elles i landet òg.
Sandvik fortel vidare at ein må jobbe betre for å rekruttere kandidatar frå regionane og få dei til å stille til val.
– Det er naturleg at innstillinga vart slik som dette, men hovudproblemet ligg i at rekrutteringa for kandidater som stiller til val, burde ha vore betre.
Samstundes understrekar Sandvik at vedtektane om geografisk spreiing burde ha vore meir vektlagt i innstillinga.
– Dette underbyggjer jo berre bekymringane om at Oslo blir i overkant betre representert, avsluttar ho.
Vestlands-institusjonar tok dissens
– Det er ikkje nytt at NSO til tider kan opplevast som ein Oslo-driven organisasjon, seier studentpolitisk ansvarleg i NHHS, Johanne Marie Haanes.
Haanes trekkjer fram forslaget om å slå saman velferdstinga, som ho meiner mangla lokal forankring. Ho understrekar likevel at NHHS set pris på at dette vart justert i det reviderte utkastet.
Ho peikar òg på diskusjonen om å leggje alle landsstyremøtane til Oslo for å redusere kostnader, noko fleire institusjonar på Vestlandet er usamde i og har teke dissens på.
Likevel understrekar Haanes at det er viktig at NSO jobbar aktivt for brei geografisk representasjon og forankring i heile student-Noreg.
– Sjølv om AU ikkje kjem frå Bergen, er det viktig at dei set seg inn i våre behov og ønskjer.
Fleirtallet av søkjarar var frå Austlandet
Kaja Ingdal Hovdenakk, leiar av valkomiteen avviser i en e-post at valkomiteen har brote vedtektane.
– Me i valkomiteen har vurdert ulike omsyn og gjort ei heilheitlig vurdering for å innstille det best eigna arbeidsutvalet, skriv ho.
Hovdenakk forklarar at geografisk spreiing er eit av fleire omsyn, men ikkje eit avgjerande krav åleine.
– Dersom ein meiner at geografisk spreiing bør vektleggjast tyngre enn personleg eigenheit og kompetanse, må dette eventuelt forankrast gjennom vedtektsendringar.
Ho peikar også på at ni av tretten kandidatar var frå institusjonar på Austlandet, og understrekar at dei gjerne skulle sett større geografisk breidde.
– NSO har dyktige tillitsvalde i heile landet, men me opplever at det kan vere ein terskel å flytte til Oslo for å teke eit verv, samstundes som ein har lokale ambisjonar.
– Me har respekt for innspela som har kome. Arbeidet med å sikre god representasjon krev framleis målretta rekruttering frå heile landet, fortset ho.
Samstundes understrekar Hovdenakk at arbeidsutvalet ikkje representerer enkeltinstitusjonar, men heile studentmassen.
– Vår vurdering er at dei innstilte kandidatane har både forståing for og evne til å representere studentane nasjonalt.