Ønsker å bli leiar i NSO: – Det hadde vore sabla kjekt
Oscar dos Santos Hellberg-Kvalsvik (26) vil bli ny NSO-leiar, men er mest bekymra for ein ting: at studentane jobbar seg bort frå både fellesskap og frivilligheit.
Som tidlegare medlem og nestleiar i Studentparlamentet på UiB, sentralstyremedlem og internasjonalt ansvarleg i NSO, meiner Hellberg-Kvalsvik at han er klar for nye utfordringar.
Han ønskjer å representere alle studentar i landet, men er tydeleg på kva som er viktigast.
– Mi fanesak er å styrkje frivilligheita. Det fyrste steget for å gjere dette er å auke studiestøtta, understrekar Hellberg Kvalsvik.
Etter fleire år i studentpolitikken, både lokalt og nasjonalt, meiner han erfaringane har gjort han trygg på kva som må prioriterast.
– Eg har sjølv opplevd kor vanskeleg det kan vere å finne tilhøyrsle, spesielt under pandemien. Dei erfaringane er viktige å ta med seg vidare.
Før han engasjerte seg i studentpolitikken og etter kvart ønskja seg eit leiarverv i NSO, flytta 26-åringen frå Fosnavåg til Bergen for å studere kjemi. Det var i midlertidig studentfrivilligheita som skulle prege studietida mest.
– Det var i Bergen eg lærde å bli engasjert.
Han trekk fram studentmiljøet i Bergen som avgjerande for at han lærde å stå i store diskusjonar og handtere ueinigheit.
– Ein lærer å stå støtt i eit ueinighetsfellesskap her. Det er ikkje naudsynt ei sjølvfølge ved andre studiestader, sier han.
Studentfrivilligheita er trua
Studentfrivilligheita er det som engasjerer Hellberg-Kvalsvik mest.
– Det er gjennom frivilligheita at studentar si tilhøyrsle byggast. Jo fleire som engasjerer seg, jo sterkare blir tilknytinga til studiestaden.
Samtidig meiner han at stadig fleire studentar hindra frå å delta.
– Mange har ikkje moglegheit til å engasjere seg, fordi dei må jobbe mykje ved sidan av studia. Det er ei konkret utfordring at studentar må velje mellom frivillig aktivitet og sin eigen økonomi.
Han meiner dette også har betydning i eit større samfunnsperspektiv.
– Vi lever i ein uroleg tid. Då er det viktig at studentar også får moglegheita til å bidra i fellesskapet og lære verdien av dugnad.
På spørsmål om studentar kanskje føretrekker å jobbe, seier han at nokon gjer det, men at mange ikkje har eit val.
– Dei som vil jobbe skal klart få gjere det, men utfordringa er at mange jobbar fordi dei må.
Difor meiner han studiestøtta må styrkjast.
– Om studiestøtta ikkje blir styrka, blir studentar tvinga til å jobbe framfor å engasjere seg, og då har vi eit problem.
– Klarer å stå på egne bein
For eitt år sidan blei bergensstudenten vald som internasjonalt ansvarleg i NSO. Han skildrar perioden som lærerik, særleg fordi verdssituasjonen endra premissa for arbeidet.
– Det var ei interessant tid å gå inn i rolla, fordi mange internasjonale spørsmål plutseleg blei snudde på hovudet.
Han meiner dette også er noko av det som skil han frå dei andre kandidatane.
– Eg har engasjert meg frå fagutval til lokalpolitikk, nasjonalt og no internasjonalt. Det har rigga meg for denne utfordringa, og berre styrka ønskje mitt om å fortsetje.
Samtidig peikar han på studentmiljøet i Bergen som en viktig erfaring han tek med seg vidare.
– I Bergen blir du van til at ting skjer raskt, og at ein må stå på eigne bein. Den omstillingsevna er viktig i eit nasjonalt perspektiv.
Men motivasjonen handlar ikkje berre om erfaring og politikk.
– Å få fortsetje med dette engasjementet hadde vore sabla kjekt, seier Hellberg-Kvalsvik.
Kontrovers rundt NSO
I haust møtte NSO kritikk etter at dei la fram eit forslag om å slå saman velferdstinga rundt om i landet til ei nasjonal samskipnad.
I høyringa til velferdspolitisk plattform blei det løfta eit forslag om å slå saman studentsamskipnadene i Norge til ein nasjonal samskipnad. Med forslaget om ein nasjonal samskipnad kom det vidare forslag om å opprette regionsråd, som skulle vere samansett av representantar frå kvart medlemslag i regionen.
Ordninga er no ute på høyring. Den endelege innstillinga til velferdspolitisk plattform frå arbeidsutvalet i NSO vert sendt ut til landsstyret den 13. februar, som skal behandle det under landsstyremøtet siste helga i februar. Vidare skal landsstyret sende plattformen til behandling til landsmøtet i april.