Seminar på NLA vakte reaksjonar: – Vil unngå liknande arrangement i framtida

Fleire reagerte då eit seminar om mellom anna omvending av homofile vart arrangert i lokala til NLA. No er både studentar og leiing einige i at slike arrangement er uønskte.

STÅR SAMLA. Leiar i Studentparlamentet ved NLA, Marte Haugen (nr. 2 frå høgre), seier at både studentane og leiinga ved skulen vil unngå liknande arrangement i framtida.
Publisert Sist oppdatert

Tysdag kveld vart det arrangert eit seminar om omvending av homofile og transseksualitet i lokala til NLA Høgskulen i Sandviken. Den saka blei først omtala av TV2. Foredragshaldarane var Mike Davidson, som driv såkalla konverteringsterapi av homofile, og Øyvind Hasting.

Dagen etter seminaret har Studentparlamentet ved NLA vore i møte med leiinga ved skulen.

– Vi har god kontakt med leiinga, og både studentane, studentparlamentet og leiinga er einige om at vi vil unngå liknande arrangement i framtida, seier leiar i studentparlamentet, Marte Haugen, til Studvest.

PLAKAT. Desse plakatane, på NLA sine oppslagstavler, reklamerte for seminaret. Då Studvest kom til NLA tysdag kveld var plakatane rivne ned. FOTO: Privat/Gunhild Hodnekvam.

Fleire representantar frå studentparlamentet hadde møtt opp på seminaret tysdag for å vise motstand.

– Det er fint at studentane har stått så samla i denne saka, seier Haugen.

Haugen synest det er greitt at NLA, som ein privat, kristen skule, tillèt private arrangement i sine lokale.

– Men det er ikkje greitt at det blir reklamert for eit slikt arrangement til usikre studentar, seier ho.

«Representerer ikkje NLA»

I eit innlegg på NLA sin nettstad understrekar rektor Erik Waaler at seminaret ikkje representerer NLA, men at dei valde å tillate arrangementet fordi «det er viktig at universitet og høgskular gir rom for meiningsbryting».

Waaler skriv òg at denne saka har vist at det kan vere behov for å vurdere praksisen med utleige av lokale.

«Hjå oss er alle studentar velkomne og frie til å vere den dei er» avsluttar rektoren.

– Lettare enn eg trudde

Märtha Elise Jensen er lesbisk, kristen og tidlegare student ved NLA. Under foredraget til Davidson tok ho ordet for å fortelje at ho lenge sleit med å akseptere si eiga legning.

Til Studvest fortel at ho vart sint då ho høyrde at seminaret skulle arrangerast i skulen sine lokale.

– Korleis er det for deg å sitje her?

– Det er tøft, men lettare enn eg hadde førestilt meg at det skulle vere, seier Jensen

– Eg var redd for at han skulle kome hit for å drive med konverteringsterapi, og det er eg glad for at han ikkje gjorde.

Protesterte under foredrag

Juliane Hamre, som studerer ved NLA Breistein, hadde møtt opp med skilt i det ho kalla ein stille protest mot arrangementet.

TOK ORDET. Märtha Elise Jensen fortalde om at det var vanskeleg å akseptere seg sjølv som lesbisk og kristen.

– Eg er veldig ueinig i at det skal bli arrangert noko slikt i 2019, og at det blir reklamert for det på ein stad der det finnast unge, påverkelege menneske seier ho.

– På ein skule burde alle kunne vere den dei er, uavhengig av legning eller identitet, legg ho til.

Protesterte gjorde også ei gruppe frå Raud Ungdom. Under foredraget til Øyvind Hasting, som omhandlar transseksualitet, braut dei inn.

– Dette er transfobisk propaganda, sa dei mellom anna.

– Greitt at folk reagerer

Seminaret vart arrangert av Frimodig kyrkje i Bjørgvin og Til Helhet. Arve Kjell Uthaug frå Frimodig kyrkje var møteleiar.

Uthaug fortel at han er overraska over at arrangementet har vakt så sterke reaksjonar.

UEINIGE. Julie Lothe Jørgensen og Juliane Hamre synest ikkje slike seminar høyrer heime i 2019.

– Det er heilt greitt at folk reagerer, men det burde òg vere ei grei sak at vi får låne lokala, seier Uthaug.

Uthaug peikar òg på at arrangementa deira ikkje er spesielt retta mot studentar.

– Førre gong trur eg det var éin student her, seier han.

– Vil ikkje omvende alle

Uthaug er klar på at Frimodig kyrkje sjølv har eit konservativt syn på mellom anna homofilt ekteskap, men at dei likevel respekterer dei andre synspunkta som kjem fram frå tilhøyrarane under seminaret.

– Vi mislikar ikkje folk, seier møteleiaren til Studvest.

Davidson understreka også under sitt foredrag at han ikkje var der for å endre meiningane til dei som er ueinige med han, eller for å omvende alle homofile.

OVERRASKA. Arve Kjell Uthaug i Frimodig kyrkje i Bjørgvin er overraska over reaksjonane på seminaret.

– Men dei som vil ha hjelp til å endre seg burde få lov til å få det, seier han. 

Saka vert oppdatert.

– IKKJE HER FOR Å OMVENDE. Mike Davidson hevda han ikkje ville endre meiningane til dei som var ueinige med han.
Powered by Labrador CMS