Nyhet

Smittevernoverlegen: – La det gå nokre veker mellom kvar fest

Smitteauking blant studentar har samanheng med uorganisert festing i følgje smittevernoverlegen.

BEKYMRA. Smittevernoverlegen er bekymra over smitteaukinga blant studentar.
Publisert Sist oppdatert

Smittevernoverlege i Bergen kommune, Karina Koller Løland, ber studentane om å festa med måte.

– Unngå fleire festar etter kvarandre, og festar på fleire stader, seier ho.

Ho ber studentane la det gå nokre veker mellom kvar fest slik at eventuell smitte blir heldt innad i gruppa.

Skuldar ikkje på fadderveka

Løland påpeiker at ho ikkje meiner at fadderarrangementa har skuld i denne oppblomstringa.

– Det er den uorganiserte festinga og kosen som er problemet. Me er midt i ein pandemi.

Ho seier at det no er ekstra viktig å vera nøye på meteren, sjølv om dette er vanskeleg.

– Risikoen aukar når ein bryt meteren, så det er utruleg viktig å passa på sjølv om det er vanskeleg og ein gjerne driter litt i det med alkohol i blodet, seier smittevernoverlegen.

Bekymra over utviklinga

Måndag melder kommunen om 26 nye smittetilfeller i studentmiljøet.

– Er du bekymra for utviklinga blant studentane?

– Eg er nok litt bekymra med tanke på kor stort dette kan bli. Studentar er aktive menneske med mange kontaktar, seier Løland.

Kommunen veit ein del om aktiviteten til dei smitta studentane og er i full gong med smittesporing.

– I dag morges var det 215 registrerte nærkontaktar. Då var det fortsatt to faddergerupper som ikkje var satt i karantene, så me nærmar oss 260.

Smittevernoverlegen ser ikkje bort ifrå at antalet som må i karantene vil stige utover dette.

Vil behalda fysiske forelesingar

Sjølv om det er ei oppblomstring av smitte blant studentane synes smittevernoverlegen at det er viktig å fortsette fysiske forelesingar.

– Ein god idé kan vere å ha faste oppmerka plasser så ein veit kven som har sete kvar til kva for ei tid.

Løland meiner dette kan gjera det enklare med smittesporing.

Powered by Labrador CMS