Leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB) oppfordrar studentar til å kome tilbake til Bergen i januar.

HALD UT. Leiar for SP-UiB Sandra Amalie Lie Krumsvik oppfordrar studentane å holde ut, og dra tilbake til Bergen når semesteret starter i januar. ARKIVFOTO: Johanne Marlene Hansen


Annonse
Forskningsdagene i Bergen

Førre fredag vart det haldt eit koronamøte ved Universitetet i Bergen (UiB). Tanken var å informere og å svare på spørsmål frå UiB-studentane angåande koronasituasjonen.

Saman med leiinga ved universitetet var også leiar for Studentparlamentet (SP-UiB) Sandra Krumsvik til stades.

På det digitale koronamøtet, kunne viserektor for utdanning ved UiB Oddrun Samdal fortelle at dei satsar på fysisk oppstart til vårsemesteret.

– Me planlegg for ein offensiv restart av studieåret til vårsemesteret for førsteårsstudentane, og har oppretthaldt leiga av eksterne lokale slik at me kan tilby fysisk undervisning igjen.

RESTART. Viserektor for utdanning ved UiB Oddrun Samdal fortel at universitetet har oppretthaldt leiga av eksterne lokale, slik at dei kan tilby fysisk undervisning til vårsemesteret. ARKIVFOTO: Andrea Olsen

Samdal fortel at dei har hatt gode erfaringar med mentorordninga som blei oppretta for å gje nye studentar ein fagleg-sosial møteplass.

Denne ordninga vil dei nytte til våren for å skape fysiske møtestader som skal sikre både fagleg og sosialt engasjement blant dei nye bachelorstudentane.

– Hald motet oppe!

Studentleiar Krumsvik fortel at dei for tida samarbeidar med leiinga ved universitetet for å finne ut kva sosiale opplegg dei kan tilby ved semesterstart i januar.

Vil dette opplegget bli litt som ei ny fadderveke?

– Det vil ikkje bli ei ny fadderveke, men ein slags studiestart 2.0. Me har blant anna sett stor nytte av mentorordninga som har vore gjennomført i haust, og ser no på andre sosiale tiltak som kan iverksettast for ein ny og god start på eit nytt og fysisk semester.

Til studentane er bodskapen klar.

– Hald motet oppe! R-talet går nedover, og me ser fram til at studentane igjen fyller campus fysisk.

– Fører i verste fall til fråfall

På møtet oppfordra Krumsvik studentane til å bli i studiebyen sin, Bergen, neste semester.

Ho meiner det er ein samanheng mellom å reise heim frå studiebyen og å droppe ut frå studiet.

– Eg har stor forståing for dei studentane som vel å ta ein tidleg juleferie og dreg heim til mamma og pappa, spesielt når ein sitt i ein slik isolert situasjon på ein hybel eller i eit kollektiv.

Samtidig meiner Krumsvik det er bekymringsverdig når 238 studentar meldar at dei ikkje kjem tilbake til studentboligen dei leier gjennom Sammen i Bergen etter nyttår.

Eit digitalt undervisningsopplegg gjer det mogleg for studentane å studere frå andre stader enn studiebyen sin, og Krumsvik fortel at fleire har kome med tilbakemeldingar om at dei hadde gjort noko anna enn å studere dersom dei visste at haustsemesteret ville føregå digitalt.

KORONAMØTE: Fredag 20. november haldt leiinga ved UiB saman med leiar for SP-UiB Sandra Amalie Lie Krumsvik (øvst midt) eit møte for å informere studentane om koronasituasjonen. Universitetstyre-representant og student Cora Gabrielle Møller Jensen (øvst t.v.) var moderator. Øvst frå høgre: Prorektor Margareth Hagen, viserektor for utdanning Oddrun Samdal, avdelingsdirektør Studieavdelingen Christen Soleim og assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden. FOTO: Skjermdump frå møtet

Ho er spesielt bekymra for distansen mellom den ordinære studiekvardagen, med fysisk undervisning og sosial kontakt, og den digitale kvardagen mange studentar er i no.

– Det synast eg er veldig bekymringsverdig, spesielt fordi det i verste fall kan føre til fråfall.

Ein medmenneskeleg informasjonportal

For å hjelpe studentane i koronakvardagen, etterspurde Studentparlamentet ein meir medmenneskeleg kommunikasjon frå universitetet.

Dette resulterte blant anna i lanseringa av portalen værgodmotdegselv. no, der formålet er å hjelpe studentane til å oppretthalde aktiviteten, nysgjerrigheita, engasjementet og det faglege arbeidet ved like i ei utfordrande tid.

– Ideen var å nytte seg av den faglege og forskingsbaserte kunnskapen som UiB sitt på til å gje gode tips. Det er ingen fasitsvar på kva som vil hjelpe, men det er oppretta av ein heil sektor med kloke hovuder, fortel Krumsvik.

Regjeringa si ekspertgruppe, som blei sett til å vurdere kva type tiltak som burde bli gjort for å ivareta studenter si psykiske helse under koronapandemien, anbefaler også portalen nasjonalt.

– Me er veldig nøgde med resultatet og spesielt glad for at denne portalen no også blir anbefalt frå regjeringa si ekspertgruppe. Dette er eit nasjonalt gjennomslag som vi håpar andre institusjonar også kan få glede av.

Kommentarer

kommentarer