– Viss eg vann, hadde eg nok vore redd for at eg hadde gjort ein elendig jobb

Ved universitetsstyrevalet i år stilte tre kvinnelege og tre mannlege kandidatar. Alexander Bouaoud-Dale (22) var ein av dei, men håpa på å tape. Kva får ein kandidat til å stille til val når ynskjet om å vinne ikkje er der?

LETTA: Alexander Bouaoud-Dale (22) er overraskande nok letta over at han ikkje vann valet.
Publisert Sist oppdatert

– Eg er politisk engasjert, men akkurat no trivst eg eigentleg best som listefyll på lista til Raudt her i Bergen, fortel Alexander Bouaoud-Dale.

Studentvalet ved Universitetet i Bergen (UiB) er nettopp gjennomført, kor ulike lister blei stemt inn i Studentparlamentet og to studentar blei stemt inn i Universitetsstyret.

Til vanleg studerer Bouaoud-Dale historie, og går på siste året på bachelorgraden ved UiB.

– Eg pleier å røyste ved valet, men det å stille som kandidat innebar meir enn det eg såg for meg.

Endte som 2. vara

Historiestudenten hadde fått ei privat melding av ein av representantane i valstyret der han blei oppfordra til å stille. Valstyret jobbar blant anna med å finne kandidatar som kan stille til vala.

– Eg tenkte at dette ikkje kom til å føre til mykje merarbeid, men eg trur kanskje eg misforstod ansvaret rolla fører med seg. Eg visste ikkje at det betydde at eg skulle få kandidatpresentasjon i Studvest, vere med i paneldebatt og drive valkamp, seier han og legg til at han trudde det ville vere meir «chill».

– Eg røysta faktisk på meg sjølv, og eg håper at eg kunne snudd om og blitt veldig engasjert dersom eg hadde vunne valet. Men viss eg vann, hadde eg nok vore redd for at eg hadde gjort ein elendig jobb, fortset Bouaoud-Dale.

Universitetsstyret er det øvste organet ved UiB. Styret må ha to studentrepresentantar for å vere gyldig, éin mann og éi kvinne.

Desse to mektige studentane vil sitje saman med rektor og bestemme over universitetet. For Bouaoud-Dale var det å få færrest stemmer, og dermed ende opp som andrevara til styrevervet, utfallet han håpa på.

MUSÉPLASSEN: Alexander Bouaoud-Dale slepp å møte opp på møte i styrerommet på Muséplassen 1 det neste året.

Då resultata frå valet blei annonsert i slutten av april, var det klart at ynskjet hans hadde gått i oppfylling.

– Den typen ansvar passar rett og slett ikkje for meg. Eg har vore politisk engasjert sidan eg var 14 år gamal, men overskotet mitt til å delta i den politiske arenaen har ebba ut ein del sidan då.

– Eg trur verkeleg at det vil stå betre til med studentane ved UiB utan meg som ein av dei øvste representantane deira.

Korleis endte du då opp med å stille som ein av totalt tre mannlege kandidatar?

– Eg veit at det ikkje har vore lett for valstyret å få tak i nok kandidatar, så då eg blei spurd var det ikkje så problematisk å stå på den lista.

Synst du det er problematisk at folk som deg, som verkeleg ikkje har lyst til å vinne valet, ender opp med å stille til val?

– Ja, det synst eg. Men eg trur studentar flest er så overbelasta når det kjem til studia og jobb, at dei ikkje har overskot til å bry seg om studentdemokratiet.

Endring i ordninga

Oscar dos Santos Kvalsvik er leiar i valstyret til studentvalet til UiB. Han vedgår at det har vore vanskeleg å få tak i nok representantar i år.

– Det er ikkje uvanleg, diverre. Det har vore eit beklageleg fenomen dei siste åra at det er vanskeleg å få tak i nok studentrepresentantar, fortel Kvalsvik.

No endrar derimot valstyret korleis dei skal fylle plassane for representantane. Dette er nemleg det siste året valstyret krev tre mannlege og tre kvinnelege kandidatar.

– Frå og med neste år vil alle stille i éin felles pulje. Det vil framleis vere krav om éin mannleg og éin kvinneleg representant, dersom det er kandidatar frå begge kjønna.

Kvalsvik fortel at mange andre styre ikkje har like stort ansvarsområde som Universitetsstyret. Han trur dette kan vere grunnen til at fleire av kandidatane i år gav seg før valet verkeleg kom i gang.

– Me måtte utsetje fristen frå 1. mars til 1. april, rett og slett fordi me hadde for få kandidatar. Me hadde fyrst ni kandidatar, men ingen av dei møtte opp på informasjonsmøtet, og fleire av dei gav seg då dei forstod omfanget av stillinga.

VANSKELEG: Oscar dos Santos Kvalsvik fortel at det har vore vanskeleg å få tak i nok kandidatar i år. FOTO: Pedro Rendon (arkiv)

Kvalsvik synst likevel det er rart at det ikkje er fleire som ynskjer å stille.

– Styrerepresentantane er ei av dei høgst honorerte stillingane studentar kan ha hjå UiB, men dette er kanskje underkommunisert.

– Eg må også vere ærleg på at eg saknar litt meir bistand frå universitetet i arbeidet, men eg håper mykje kan bli betre i framtida no som ordninga blir endra, legg Kvalsvik til.

Powered by Labrador CMS