Draumen om ein normal døgnrytme

LUKE 11: Artistkarrieren til Gaute Grøtta Grav, og andre ting eg tenker på om natta.

FOTO: Julie Helene Günther
Publisert Sist oppdatert

APROPOS:

Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.

Dette er historia om ei heilt vanleg natt og ein ikkje heilt vanleg døgnrytme.

Historia startar rundt klokka to. Etter å ha prøvd i over to timar å fortelje meg sjølv at eg faktisk er trøtt, går eg og legg meg. Kanskje er dette natta der eg faktisk skal klare det?

Så snart hovudet treff puta fyllast det opp med meir eller (som oftast) mindre eksistensielle tankar. Har eg gjort dei rette vala i livet mitt? Kva er det tredje høgaste fjellet i Burkina Faso? Kvifor tok ikkje artistkarrieren til Gaute Grøtta Grav ordentlig av etter superhiten «Knekkebrød» i 2014?

Klokka nærmar seg fire, og eg prøvar å overtyde meg sjølv om at min fullstendige mangel på døgnrytme ikkje eigentleg er noko problem. Døgnet har like mange timar uansett, og som student utan obligatorisk undervisning er det trass alt sjeldan eg eigentleg treng å stå særleg tidleg. Dei dagane der ein treng det er det ein grunn til at Gud har gitt verda koffein.

Når klokka rundar seks kjem likevel den snikande erkjenninga om at eg ein dag må fungere som ein meir normal del av samfunnet. Dette har ført til mykje leiting etter råd om korleis etter korleis døgnrytmen kan betrast. Konklusjonen etter både fleire timar på Google og samtaler med både vennar og fiendar er at ingen av dei som kjem med slike råd anar kva dei snakkar om.

«Berre legg deg tidlegare.» Åja, så det er så lett altså? At eg ikkje har tenkt på det før! Jævla idiot.

«Legg vekk mobilen før du legg deg.» Hallo, det her er 2019. Kva skal eg gjere i staden då liksom? Lese ei bok? Ser eg ut som ein HF-student?

«Stå opp til same tid kvar dag.» Eg er overtydd om at dei som faktisk gjer dette er psykopatar. Eg vil heller vere søvnlaus enn psykopat.

«Få nok mosjon.» Hehe. Nei.

Så nærmar klokka seg åtte. Eg høyrer alarmen til roomien ringe frå den andre sida av veggen, og må innsjå at eg heller ikkje denne gangen har klart å sovne før normale menneske står opp. Heldigvis er normale menneske dølle uansett.

Powered by Labrador CMS