Eit terningkast to, men med heiderlege unntak

Eg var førebudd på at The Rocky Horror Picture Show skulle vere rart. Det er berre synd at det òg er dårleg.

Publisert Sist oppdatert

The Rocky Horror Picture Show

  • Studentteateret Immaturus setter opp The Rocky Horror Picture Show på Cornerteateret fredag 4. september.
  • Forestillingen er en del av Bergen Fringe Festival 2020, som går fra

«Har du lyst til å gå på The Rocky Horror Picture Show på fredag?» spør kulturredaktøren meg med eit lurt smil. Dette vart starten på den mest trongsynte og minst kulturelle kulturjournalisten i Studvest si reise inn i det absurde.

For dei som måtte vere like uinnvigde som meg er The Rocky Horror Picture Show eit aldri så lite kultfenomen. Filmen frå 1975 handlar om det nyforlova paret Brad og Janet som endar opp i slottet til vitskapsmannen og den utanomjordiske transvestitten Dr. Frank-N-Furter. Og ja, dette endar opp med å bli om lag akkurat så spesielt som ein skulle tru.

ABSURD. Eg var førebudd på at stykket skulle vere merkeleg. Det var jammen godt.

Framsyningar som den Immaturus sette opp på fredag, der skodespelarar spelar ut scener frå filmen medan den visast i bakgrunnen, har seinare vorte sette opp over store delar av verda.

Salen på Cornerteateret ser med første augekast ut som ein heilt vanleg kinosal denne kvelden. Det einaste som gjev eit hint om kva som er i vente er at påfallande store delar av det koronareduserte publikummet er kledde i ulike variantar av lakk, lær, nettingstrømper og boaar.

INNLEVING. Så mykje innleving som ein ser på dette biletet er diverre sjeldan vare på scena denne kvelden.

Denne gjengen skal òg gjere seg til merke på andre måtar enn gjennom antrekket denne kvelden. Stadige rop av «slut», «asshole» og «boring», ispedd spruting med vasspistolar og blåsing i bursdagsfløyter vert gjennomgangsmelodien. Alt dette til stor irritasjon for Sur Gammal Mann (25).

Eg innser at dette er ein ganske vanleg ting på framsyningar av The Rocky Horror Picture Show. Det endrar likevel ikkje på det faktum at det er akkurat like irriterande som når sidemannen på ein konsert insisterer på å overdøyve artisten du faktisk har betalt for å sjå med si langt mindre imponerande røyst. 

ANTREKK. Fleire i salen har kledd seg opp for høvet.

Kanskje kulturarrangement rett og slett hadde vore betre utan publikum? Nei da, men publikumsdeltaking på denne måten er og blir ein uting.

Min avsmak for mine medmenneske får uansett vente til ein annan gong, det er jo trass alt det som skjer på scena dette skal handle om.

Aller først må det vere sagt at eg, som det lite kulturelt anlagde mennesket eg er, ikkje ser heilt poenget i å skulle vie ei heil framsyning til å mime til ein film. Dette skal eg likevel vere såpass storsinna at eg skal prøve å oversjå.

Men. Viss ein først skal setje opp ei slik framsyning, kvifor i alle dagar skal ein byte ut to av hovudrollene med sokkedokker? Ja, eg veit at heile shticken til The Rocky Horror Picture Show er at det skal vere rart, men ein treng ikkje gjere det rarare enn det allereie er. Bruken av desse dokkene gjer det òg vanskelegare å leve seg inn i det som skjer på scena.

Sjølve konseptet her gjer det òg vanskeleg å vite kva ein skal basere ei melding på. Skodespelarane leverer ikkje eigne replikkar, og det finnast heller ingen songnummer eller band ein kan bedømme.

Det einaste som då står att må vere kor gode skodespelarane faktisk er til å mime, og innlevinga deira. Her leverar diverre fleire av dei på scena til stryk. Somme har knappast meir innleving enn dei tidlegare nemnde sokkedokkene, og samanhengen mellom miming og lyden som kjem ut av høgtalarane minner mest om ein dårleg dubba film.

ROCKY HORROR. Studentteateret Immaturus har tatt på seg ei krevande oppgåve ved å setje opp stykket.

Heldigvis finnast det òg heiderlege unntak. Sunniva Dahl imponerer til og med ein bitter  kulturmeldar som meg med prestasjonen sin i hovudrolla som Dr. Frank-N-Furter. Nesten all innlevinga som generelt er mangelvare denne kvelden verkar å ha gått til ho, og medskodespelarane vert mest som statistar i forhold. Her er òg kostymet, som for fleire av dei andre karakterane har eit uttalt russerevy-preg, i alle fall nokså likt det som visast på skjermen.

Blant andre (få) lyspunkt kan Jarand Barkved i rolla som Riff Raff nemnast. Han får mindre å jobbe med enn Dahl, men klarer likevel å fange dei underliggande creepy kvalitetane til karakteren på ein god måte.

GOD. Sunniva Dahl imponerer i rolla som Frank-N-Furter, men dette er eit av svært få lyspunkt i framsyninga.

At motorsykkelen karakteren Eddie brukar i filmen er bytt ut med ein sparkesykkel er òg halvmorosamt, sjølv om eg føler ein går glipp av ein openberr Ryde-vits viss ein først skal gjere dette.  Å byte ut den elektriske saga Frank brukar for å dele opp mat mot slutten av filmen med ein dildo er på den andre sida ikkje morosamt. Det er platt, og de bør skjerpe dykk.

Immaturus si oppsetjing av The Rocky Horror Picture Show er sikkert underhaldande nok for dei som allereie er blodfans av konseptet, og dei i salen som har kledd seg opp for høvet verkar å like det dei ser. For ein som har møtt opp i sivil har framsyninga likevel tydelege manglar. Terningkast to frå meg.

Powered by Labrador CMS