Kultur
No vil dei verte størst i verda
Gründerane i Pure Lobster har vunne prisen for «Vestlandets beste idé.» No vil dei verte leiande innan produksjon av ein spesiell type hummar.
![PRIS. Idéen om landbasert hummaroppdrett er kåra til den beste på Vestlandet i konkurranse med 39 andre. Frå venstre: Nikolai Eide, Sandra Løfsnæs, Aslak Heining, Filip Hellmann og Jacob Bull.](https://image.studvest.no/105416.webp?imageId=105416&width=960&height=642&format=jpg)
– Det var uventa, vi trudde ikkje vi skulle gå av med sigeren. Men det var sinnssjukt kult.
Det seier Aslak Heining, dagleg leiar i Pure Lobster, som førre torsdag vann 500.000 kroner i ein konkurranse arrangert av Vestlandets innovasjonsselskap (VIS). Idéen til dei fem studentane i selskapet er å drive landbasert, berekraftig oppdrett av ein australsk ferskvasshummar.
![JOSEFINE. Hummaren Josefine bur i eit akvarium på kontoret til Pure Lobster. Det er denne arten studentane ønskjer å drive oppdrett av.](https://image.studvest.no/105432.webp?imageId=105432&width=960&height=642&format=jpg)
At gründerane fekk akkurat denne prisen skuldast òg ein porsjon flaks. Dei fekk nemleg vite om den, heilt tilfeldig, same dag som søknadsfristen gjekk ut.
– Vi har prøvd å sondere terrenget for ulike prisar, men dette fekk vi berre midt i fanget, seier Heining.
Tverrfagleg
I tillegg til Heining består selskapet av havbruk og sjømat-studentane Sandra Løfsnæs og Nikolai Eide, jusstudent Jacob Bull og Filip Hellmann, som studerer siviløkonomi ved NHH.
Heining fortel at han oppdaga hummararten i ei bok på realfagsbiblioteket. Etter å ha undersøkt den nærare, tenkte han at ein kunne prøve å drive oppdrett på den.
– Då var det naturleg å samle denne gjengen som er med her, med Sandra og Nikolai som studerer Havbruk og Sjømat, der hovudvekta er på biologi og oppdrett. Så er det òg viktig å ha med både det økonomiske og det juridiske, seier han.
![MEIR TVERRFAGLEG. Jusstudent Jacob Bull er med på havbrukslaget. Han meiner tverrfaglegheit er viktig for ei gründerbedrift.](https://image.studvest.no/105440.webp?imageId=105440&width=960&height=642&format=jpg)
– Det er mange gründerbedrifter som startar med tre økonomar, tre biologar eller kva det skulle vere. Dette var ein måte å vere meir tverrfaglege på, legg Bull til.
Vil verte størst
Selskapet vart skipa i februar i år. No skal pengepremien frå konkurransen brukast på eit pilotprosjekt i Bergen sentrum neste år. På sikt har gjengen det dei sjølv vedgår kan høyrest ut som hårete mål.
– Målet er å bli den største produsenten av denne arten i verda, seier Heining.
– Vi har snakka om at vi åleine skal produsere meir enn dei gjer i Australia, legg Eide til.
Dei fem studentane seier det realistiske målet er å byrje sal i større skala i 2024 eller 2025. Dei vil først sikte seg inn mot restaurantbransjen, før dei går vidare til daglegvaremarknaden.
– Kan stille dumme spørsmål
![SJEKK. Det synlege beviset på sigeren i kontorvindauget til Pure Lobster. I tillegg til premien frå Sparebanken Vest får selskapet kontorplass og rådgjeving til ein verdi av 100.000 kroner frå VIS.](https://image.studvest.no/105448.webp?imageId=105448&width=960&height=642&format=jpg)
Gründerane anbefaler òg andre studentar som vil starte ei eiga bedrift å byggje opp eit tverrfagleg team, på same måte som dei gjort.
– Gå på tvers av institusjonane i Bergen eller fakulteta på universitetet. Det får ein mykje betalt for utover i løpet, seier Hellmann.
Ifølgje Lofsnæs har akkurat det å vere student sine fordelar når ein skal starte ei bedrift.
– Som student har ein lågare terskel på å hengje seg på professorar eller flinke folk i næringa. Ein kan stille litt dumme spørsmål, seier ho.
LES OGSÅ:
- ANMELDELSE: Stille middelmådighet fra Immaturus
- Vil samle studentorganisasjonene under Kvarterets tak
- Studentene taper økonomisk på at Fantoft pusses opp