Magasin

Kven drepte stafettdeltakarane?

Fleire deltakarar døydde i skisporet. Mari Mole veit kven som gjorde det.

Fleire mistenkte – ein skyldig. ILLUSTRASJON: Nilda Miltell
Publisert Sist oppdatert

Medan militærpolitiet skundar seg innover frå Haakonsvern til Kvamskogen, kastar Mari Mole seg over ein av deltakerne så han ikkje slepp unna.

Sjølv om Sjøkrigsskulen har eit og anna mysterium i ny og ne, hadde ho aldri opplevd noko slikt før.

Det var likevel fleire ting som gjorde ho sikker i saka si.

Det var noko med tala på dei døde. Ingrid Klepp med 18 og William Jeppesen med 96. Kvifor hadde alle deltakarane primtal utanom dei?

Viss ein set dei to tala saman, får ein 1896. Mari Mole hugsa talet frå norsktimane på Katten i Bergen. Det er dødsåret til ingen ringare enn Ivar Aasen. 

I tillegg hadde dei to døde ein annan ting til felles. Begge ville at skulane deira skulle oppnå universitetsstatus. Var det nokon som ville drepe dei for det?

Mari Mole tenkjer vidare. 

Dei hadde funne teikn etter eit slag i hovudet gjort med noko firkanta. 

Alle hintene peika i same retning. 

Stein Skifer fell i bakken medan Mari Mole spenner bein på han med eit ekte karatespark. Karate har ho ikkje lært i militæret – det lærte då ho fann seg sjølv på backpacking i Kina (trass i at karatesporten kjem frå Japan).

– Det er du som er mordaren! ropar Mari Mole.

Det var Stein Skifer som hadde ureint mjøl i posen. ILLUSTRASJON: Nilda Miltell

Alle gispar. 

– Å kjære! Du har brote det femte bud! ropar Kristian Kirkeby medan han slår det opp i Bibelen han har i jakka si.

– Eller, her står det vel heller at du ikkje skal slå ihjel. Så å spidde og drukne nokon er vel kanskje greit, rettar han seg sjølv. 

Stein Skifer ligg trykka ned i bakken med nynorskboka i handa. Ved nærare undersøking, kan ein skimte blod langs kanten, ikkje syltetøy.

– Det er berre plass til eitt universitet i Bergen! ropar han medan han vrir seg. 

– Sjukt nørd å drepe Ingrid Klepp då! Kven skal eg ha med på afterski i kveld liksom? seier Prepen Pappason medan han byrjar å studere militærpolitidamene som kjem nærare.

Sture Leiar sukkar medan militærpolitiet bærer Stein Skifer inn i ein politi-tanks. Aldri før hadde han sett så mykje drama utarte seg.

Mari Mole har noko heilt anna i tankane. Ho set seg på toppen av tanksen og tenkjer på etterretningsteneste i Syria og Afghanistan medan ho kjører ned i solnedgangen. Framtida lyser for Mari Mole.

Powered by Labrador CMS