Nora vart angripen av framand mann då ho las på biblioteket

Ho reagerer på manglande sikkerheitsrutinar frå dei tilsette.

UTRYGG. Nora Såghus opplevde noko svært ubehagelig då ho las på HF-bibioteket.
Publisert Sist oppdatert

Det var torsdag føremiddag og Nora Såghus (21) skulle setje seg inn på biblioteket for humaniora for å lese psykologi. Ho fortel at ho alltid plar å setje seg anten i øvste eller underste etasje når ho skal lese. Denne gongen valde ho å setje seg i hovudetasjen.

Såghus fortel at etter eit par timar kjem ein eldre mann inn døra. Ho reagerer på at han ikkje ser ut som ein student, og at han luktar litt vondt. Han hentar ei avis i stativet bak Såghus. Ho fortset berre å lese. Mannen byrja å snakke høgt til seg sjølv, i følgje ho.

– Det er jo slik ein reagerer litt på nårein sit på eit bibliotek, fortel Såghus. Men ho konsentrerte seg heller om sitt,og las berre vidare.

Uprovosert angrep

Etter ein liten time reiser mannen seg for å gå. Han går mot Såghus, men ho tenkjer berre at han skal gå forbi ho, og vidare ut.

– Plutseleg kjenner eg at det renn Cola nedover heile meg, over sakene mine, over Macen min, sekken, boka, det var Cola over alt. Eg vart veldig sjokkert og redd, og dei rundt meg vart også sjokkert og redde. Det var ein som sprang og henta bibliotekaren, og eg trur ho også vart veldig redd.

I følgje Såghus hadde mannen tømt ei nesten full Cola-flaske over ho, heilt uprovosert. Dagen etter gjekk Såghus til politiet og anmeldte hendinga. Ole Bjørn Sveen i Vest Politidistrikt kan bekrefte dette overfor Studvest.

Anne Bjørkum Åsmul er hovudbibliotekar og fagleg leiar på bibliotek for Humaniora. Ho fortel at dette skjedde rundt vaktskiftet klokka 12 og at ho ikkje var til stades sjølv då det skjedde. Skrankepersonalet var heller ikkje vitne til episoden, men vart varsla om hendinga med ein gong etterpå.

– Det stemmer at dette har skjedd, og det er veldig dumt, fortel ho.

Føler seg utrygg

Såghus fortel at ho har vore prega av hendingai ettertid, og at ho synes det er meir utrygt å sitje på HF-biblioteket no.

– Det har vore veldig ubehagelig, og eg merkar at eg går og ser meg rundt heile tida for å sjå om han er der. Også viss eg sit og les på HF så analyserer eg kven som går inn og ser heile tida rundt meg kven som er der.

– Er det noko som kunne gjort at du hadde følt deg tryggare nå i ettertid?

– Viss biblioteket hadde tilkalla vekterane eller politiet så hadde ein jo for det første visst kven det var og kunne då ha utestengt dei. Viss dei hadde sett meir alvorlig på det, så hadde det kanskje hjelpt meg.

Instruksen er å kontakte Securitas
COLA. Torsdag 19. september opplevde Nora Såghus å bli helt Cola over midt på dagen på dette biblioteket.

– Vi har ståande beskjed om at vi skal ringe til Securitas med ein gong noko slik skjer, fortel Åsmul.

Ho legg til at Securitas ikkje vart kontakta i denne saka før nærmare ein halvtime, då bibliotekaren på jobb kontakta Åsmul først, og så melde ho frå vidare.

– Kvifor kontakta de ikkje Securitas med ein gong det skjedde?

– Personen var allereie forsvunnen, så dei tok ei avgjersle på å melde frå til meg først, og så melde eg frå vidare til Securitas, og i vårt HMS-avvikssystem, slik vi er pålagt.

LEIAR. Fagleg leiar på bibliotek for Humaniora, Anne Bjørkum Åsmul. PRESSEFOTO. UiB

I følgje Såghus sjølv befant mannen seg inne på biblioteket omtrent ti minutt etter at angrepet skjedde.

– Etter at bibliotekaren og nokre andre hjalp meg å tørke opp så gjekk eg ned på toalettet for å tørke håret. Då eg kom ut igjen etterpå såg eg mannen inne på biblioteket enda, fortel ho.

Åmsul fortel at dei har ein direkteknapp til Securitas, men at den berre blir brukt ved fysisk truande oppførsel, noko ho meiner dette ikkje var.

Det er Såghus ueinig i.

– Kva ein opplev som fysisk truande oppførsel er subjektivt, og eg synes ikkje ho kan konkludere med at denne situasjonen ikkje blei opplevd som fysisk truande for meg, seier ho.

Åsmul fortel vidare at det kanskje var nokre ting som kunne blitt gjort annleis i augeblikket.

– Vi får skjerpe rutinane våre, men det er den ståande regelen å melde frå til Securitas ved uønska hendingar. Dei som var på jobb var nok usikre og melde det til meg først, slik at det gjekk nokre ekstra minuttar.

Ho trur likevel ikkje at det hadde blitt eit anna utfall.

TAKKSAM. – Eg har veldig lyst til å takka dei som sat rundt meg som hjalp meg, for det var veldig hyggelig. Eg kjente ingen av dei, men det var veldig snilt at dei hjalp meg med å tørke opp, seier Nora Såghus.

– Vi kan skjerpe reglane, men i denne situasjonen hadde det ikkje gjort noko forskjell, slår ho fast.

Powered by Labrador CMS