Frå bamse til bunad og eit ølglas for rettferd

Kva er eigentleg dei kjæraste gjenstandane til studentpolitikerne ved Høgskulen på Vestlandet?

UNIKT: Leiinga i Studenttinget på Vestlandet stilte opp med eit overraskande mangfald av eigendelar.
Publisert

Vanlegvis møtast studentpolitikarar for å diskutera budsjett, delegera midlar og kanskje viktigast av alt – ete pizza. Me har utfordra nokon politikarar til å ta med seg sine kjæraste eigendelar. 

For anledninga fekk me leiinga i Studenttinget på Vestlandet (STVL) på glid. Dei har mildt sagt teke med seg eit breitt utval gjenstandar.

Bamsen gjer han glad

Først ut i ringen er leiaren sjølv, Mattis Munkvold Rovik. 

– Eg har teke med meg ei lita rotte som eg fekk av nevøen min. Den gjev meg glede, introduserer Rovik.

GÅVE: Rovik fekk bamsen av nevøen sin.

Internasjonal- og promoteringsansvarleg Aurora Farkas ler godt og køyrer på med eit spørsmål frå sida:

– Fekk du den fordi den liknar på deg?, spør ho.

Det bryt ut ein jamrande latter i rommet og Rovik ler kanskje mest av alle.

For å henta seg inn, køyrer Farkas på med eit kjærleg: – Aw, når ho legg merke til ein detalj på den lille rotte-bamsen. 

– Han har ein liten lupe, han ser glup ut, sikkert fordi du er så glup, seier ho medan ho dreg ut det siste ordet.

Rovik har endeleg samla seg frå latterbølgja, men kva seier dette om han som leiar av Studenttinget?

– Eg trur det er fordi eg er nysgjerrig og dukkar ned i saker og ting, fortel han.

I raudt, kvitt og blått, blått, blått

Farkas har teke med seg bunaden som ho fekk av farmora si. Ho fortel at den betyr mykje for ho, samstundes legg ho til at han sjeldan gjestar campus. Det er ikkje utenkeleg at det er fleire gjesteforelesarar enn gjestebesøk av bunadar på høgskulen. 

VIKTIG: Bunaden fekk ho av farmor, ho fortel at det er noko av det viktigaste ho eig.

Det er mykje å seie om bunad: Slik som, kler menn dei? Me går vidare.

Farkas tøysar med at ho kan ta den på seg under møta i Studenttinget.

Kan dette stilvalet heve nivået på Studenttingsmøta? Farkas trur det kan vere mogleg.

– Me har begynt å pynte oss meir til møta, men kva kjem dei til å seie viss eg dukkar opp i ein bunad. Det hadde eigentleg vore heilt hysterisk, seier ho begeistra.

– Det kan kanskje verte litt mykje?

– Det er ingenting som heiter «underdressed», konstaterer Farkas i full seriøsitet – det held i to sekunder så ler ho igjen.

Ta deg eit glas

Den som skal gjere det siste forsvaret er fag- og forskingspolitisk ansvarleg Hallgeir Mandelid Østensen. 

– Dette er det eg kallar «Rettferdsglaset», som er ein hemn mot eit utested der eg vart nekta inngong fordi eg hadde på meg skjørt. Eg hadde vore på ein «gender swap»-fest og måtte dra til ein kompis for å byte kler, då kom eg inn med ein gong, fortel Østensen.

RETTFERDSGLASET: Østensen har teke ølglaset frå eit utested kor han vart nekta inngang.

«Rettferds»-ølglaset grip han trygt i handa. Logoen til «Aass» kjem tydlegare fram enn assosiasjonane til rettferd.

Østensen fortel korleis det endra hans perspektiv på urettferda som finst i samfunnet. Glaset representerer hans hemn mot utestedet.

Underteikna er framleis forfjamsa over at eit ølglas er Østensens kjæraste eigendel.

Tidenes val

Politikarane fortel om den høgste oppslutninga om Studenttingsvalet nokosinne for studentdemokratiet. Heile 10,86 prosent av studentane ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) stemte i haustens val. Fjorårets val hadde ei valoppslutning på 5,11 prosent.

Stemninga er til å ta og føle på, berre av å nemne valet – dei fortel at alle klutar måtte til for å auke oppslutnaden no i haust.

– Me har endra strategi heilt, og no mobiliserte me verkeleg alle i organisasjonen, seier ei oppspilt Farkas. 

Vegen til høgare oppslutnad for Studenttingsval krev enno meir arbeid i framtida.

– Først må me byggje eit grunnfjell slik at studentane veit kven me er, forklarar Rovik.

Endra plattforma

I den noverande internasjonale plattforma til Studenttinget står det at: «HVL ikkje skal samarbeida med aktørar som bidreg til eller gjer folkerettsbrott». Den formuleringa er fjerna i det reviderte forslaget. Farkas fortel kvifor:

– Kor mange land trur du driv med folkerettsbrott?, spør ho.

REVIDERE: Studenttinget har lagd eit forslag til ny internasjonal plattform. Farkas forklarar kvifor formularinga mot folkerettsbrott vart fjerna.

– Fleire enn me kanskje trur, spekulerer journalisten, som er takksam for å ha svara nokolunde riktig.

– Nesten alle land driv med ein eller anna form for folkerettsbrott. Til og med i Noreg, seier Farkas, før ho utdjupar om at Sveits driv på med miljøbrott, og Fosen-saka har råka samiske interesser her heime.

– Me har kome fram til at det vert meir hensiktsmessig å jobba opp mot HVL til å drive meir rettferdig, forklarar Rovik frå sida.

Det største gjennomslaget for STVL i år fortel dei har vore å få meir studentmedverking i forskinga.

– Vårt viktigaste gjennomslag er ein skikkeleg satsing på studentinvolvering i forsking. Studentane skal ikkje berre vere deltakande, men ein del av planlegginga av kva forsking ein skal drive med – heilt frå starten av, seier Rovik.

Powered by Labrador CMS